Den knøttlille øya er mindre enn ein kvadratkilometer stor, ligg ytst på romsdalskysten og har blitt ein Instagram-hit med smale vegar, fargerike hus og eit høgt fyrtårn.
Hit vil mange turistar reise, så mange at det blir meldt om ein «turisteksplosjon».
Akkurat no står meir enn 25 bilar i kø bortover den einaste bilvegen. Det er fleire bilar enn det er folk som bur på øya.
Det lille fiskeveret på romsdalskysten er ein populær feriestad.
Foto: Olaug Bjørneset / NRKDet er motorhavari på ferja «Kvaløy» som er årsaka til at ingen kjem seg med ferje til eller frå Ona.
Måndag sa reiarlaget Torghatten at ferja skulle vere tilbake i drift onsdag morgon. Tysdag ettermiddag seier dei at det først skjer seinare.
– No synest eg det begynner å røyne litt på. Vi begynner snart å gå tom for mat i huset, og dei vi bur hos skal også reise heim i morgon og stengje for vinteren. No går vi litt oppå kvarandre og er litt urolege, seier Paal Fristad frå Bergen.
Fristad er på besøk hos ein kollega og skulle reist måndag, men har fått meir enn eitt døgn ekstra på ferieøya. Fiskeværet på romsdalskysten har berre 15 fastbuande, men har mange turistar på besøk om somrane.
Sidan måndag har den einaste ferja til og frå øya vore til reparasjon, og no hopar bilane seg opp.
Paal Fristad og Birger Florholmen får ikkje med seg bilane sine frå Ona. Dei skulle dratt måndag.
Foto: Tore Ellingseter / NRKEtterlyser informasjon
Birger Florholmen har også vore på ferie på Ona utan å kome seg heim til Stjørdal. No etterlyser han meir informasjon frå reiarlaget Torghatten.
Måndag gav reiarlaget beskjed om at ferja blir sett i drift igjen seinast onsdag morgon. Florholmen seier han har forsøkt å ringe ein informasjonstelefon, utan å få vite noko nytt.
– Dei har ingen ny informasjon, heller ikkje stadfesting på at dei startar opp att i morgon, seier Florholmen.
Han seier dei ikkje veit kor lenge den ufrivillige ferien dermed blir forlenga.
Hurtigbåten er no den einaste måten å komme seg til og frå øya.
Foto: Tore Ellingseter / NRKKan ikkje garantere når ferja er klar
Driftssjef Anders Tøsse seier til NRK tysdag ettermiddag at ferja likevel ikkje er klar til onsdag morgon, slik dei først melde. Mangel på reservedeler har ført til at ingenting har blitt gjort med ferja endå.
– Vi ventar på reservedelar og veit ikkje noko før onsdag klokka 12. Servicepersonell kjem i morgon tidleg, seier Tøsse.
Han meiner dei har gjort det dei kunne for å informere, men seier han forstår frustrasjonen.
– Er dette godt nok?
– Nei, det er ikkje godt nok, vi ønskjer å ha god drift på sambandet. Det er kjedeleg at slikt skjer, vi veit at mange vil besøke øyene, seier han.
Ferja går ikkje lenger til og frå Ona. No etterlyser dei reisande informasjon.
Foto: Tore Ellingseter / NRK– Greitt å vite litt
Reiarlaget har sett inn ein hurtigbåt som tek unna passasjerane som ikkje har bilar. Resten får vente.
Det har vore store utfordringar med ferjesambandet i fleire år, så dei som bur på øya veit at ein berre må smørje seg tålmod og håpe.
Dei stranda turistane håper no at reparasjonane går etter planen, og vedgår at dei har blitt godt kjent på den vesle øya.
– No har vi blitt kjent med alle krikar og krokar, det er fin flott plass, seier Paal Fristad, og legg til:
– Eg synest det er ein fantastisk plass, så det er ikkje verste plassen å havarere, men det er greitt å få vite litt.
Det gamle fiskeværet har eit høgt fyrtårn.
Foto: Eirik Haukenes / NRKOna høyrer til Ålesund kommune, men ligg på romsdalskysten.
Publisert 29.07.2025, kl. 16.33 Oppdatert 29.07.2025, kl. 18.53