Nationen skriv at MDG er det siste av fleire parti som går inn for å skrote målet om at det skal vere metanhemmarar i mjølkeproduksjon frå 2027.
Det betyr at det er fleirtal på Stortinget for Frp-forslaget om å stoppe all bruk og utprøving av metanhemmarar.
– Utsleppa frå jordbruket må framleis gå ned, men det å satse på metanhemmarar som det einaste store tiltaket har vore noko naivt, seier Une Bastholm (MDG) til NRK.
Landbruket har gjennom ein avtale med staten forplikta seg til å kutte 5 millionar tonn CO₂-ekvivalentar innan 2030.
Metanhemmarar i fôr – for å redusere ku-rapinga – har vore rekna som eit sentralt verkemiddel for å nå målet.
– Har svekt tilliten til norsk mjølk
– Dette er godt nytt, seier Tor André Johnsen (Frp), som fremja forslaget.
Han skjønte «kor det bar hen» då medlemmene i Næringskomiteen var på felles reise til Berlin sist veke.
Same veke annonserte Tine at dei på grunn av uavklarte spørsmål og «auka skepsis» kuttar ut mjølk frå gardar som bruker metanreduserande fôrtilsetning (bovaer).
Stortingsrepresentanten frå Frp meiner at forsøka med kunstige metanhemmarar har svekt tilliten til norsk mjølk.
– I tillegg blir han dyrare. Så dette er dobbelt negativt. «Made in Norway» skal vere eit kvalitetsstempel. Dei kunstige metanhemmarane har sett dette i spel.
Han legg til:
– Så oppmuntrar eg likevel til å fortsette forsøka med naturlege metanhemmarar.
Samanlikna klimatiltaket med «eit trylletriks»
Då Støre-regjeringa la fram statsbudsjettet for 2024, inneheldt klimadelen («Grøn bok») ei formulering om at metanhemmarar i kraftfôret til kyr kan kutte ein tredel av utsleppa innanfor landbrukssektoren.
Målet blei i sin tur latterleggjort av opposisjonen, som samanlikna klimatiltaket med «eit trylletriks» og «magisk bokføring».
Den nye fleirtalskonstellasjonen mot kunstige metanhemmarar består av Frp, KrF, Sp, MDG, Raudt og SV.
Høgre skal ta stilling til saka på eit gruppemøte onsdag ettermiddag.
– Vi har for lite kunnskap om effekten av Bovaer i norsk landbruk. Når tilliten hos forbrukarane står på spel, er det fornuftig å stoppe opp og tenke oss om, seier Lars Haltbrekken (SV).
William Jobling / NRK
Lars Haltbrekken, SV
Vi bør prioritere velprøvde klimatiltak som gir varig klimaeffekt og samtidig styrkar agronomien og sjølvforsyninga. Det inkluderer tiltak som god drenering, kalking, betre grovfôrkvalitet, balansert gjødsling, auka bruk av beite, stans i nydyrking av myr, auka produksjon og forbruk av frukt og grønt, redusert matsvinn, redusert omdisponering av skog til beite og energiomstilling på gardane.
Terje Pedersen / NTB
Une Bastholm, MDG
Det er uansett andre agronomiske tiltak slik som handtering av husdyrgjødsel, kva vi produserer og måten vi driv jorda som er viktigast og som vil gi eit meir berekraftig jordbruk på andre måtar og kutte meir utslepp.
Frederik Winness Ringnes / NRK
Harry Valderhaug, KrF
Det vi har av forsking så langt tyder på at metanhemmarar er trygge både for dyr og menneske. Likevel tar vi rapportane frå Danmark på alvor og ikkje minst folkets tillit til rein naturleg norsk mjølk, og støttar ein stans på innføring av metanhemmarar.
Odd Rune Kyllingstad / nrk
Geir Pollestad, Senterpartiet
For oss er det ikkje aktuelt å straffe jordbruket med avgifter som følge av at metanhemmarar ikkje blir tatt i bruk og vi forventar at regjeringa legg bort planane om kutt i tilskot til bønder som ikkje bruker metanhemmarar.
Håkon Mosvold Larsen / NTB
Bjørn Gimming, leiar i Noregs bondelag
Landbruket kjem til å fortsette arbeidet med å redusere utslepp, og det skal skje på ein måte som er trygg og fagleg forankra. Klimaarbeidet i landbruket må styrast av forsking og fagleg kunnskap, ikkje av politiske vedtak om detaljar i fôr og drift.
Nibio
Vibeke Lind, Nibio Norwegian Institute of Bioeconomy Research
Vi er framleis engasjerte i arbeidet med å redusere utslepp frå drøvtyggarar. Rolla vår i prosjektet Metanhub er ikkje knytt til Bovaer, men andre tiltak som auka bruk av beiteressursar og ulike fôringsstrategiar. Vi tar ikkje stilling til dei ulike politiske innspela, men jobbar med å skaffe meir kunnskap om ulike tiltak. Resultat frå dette vil komme i løpet av 2026 og 2027.
Haltbrekken oppfordrar regjeringa til å prioritere det han karakteriserer som kjente klimatiltak som gir «varig klimaeffekt og styrker sjølvforsyninga».
– For bønder er garden meir enn ein arbeidsplass, han er eit livsverk og ein arv til neste generasjon.
– Dei fleste bønder vil bidra til å kutte utslepp, men politikken må bygge på bøndene sine erfaringar og utviklast i tett dialog med næringa.
Sjå kva landbruks- og matminister Nils Kristen Sandtrøen (Ap) svarer under.
Bondelaget: – Ikkje formålstenleg at Stortinget detaljstyrer
Leiar i Noregs bondelag, Bjørn Gimming, minner om at dei folkevalde skal drive med politikk – og berre det.
– Det er ikkje formålstenleg at Stortinget detaljstyrer spørsmål som høyrer heime hos fagmiljø og fagmyndigheiter, seier han.
– Å stoppe all bruk og utprøving av metanhemmarar er eit svært kategorisk grep som ikkje tar omsyn til korleis kunnskapsbasert utvikling faktisk skjer.
Han viser til at Tine tok ei fagleg fundert avgjerd sist veke.
– Det var ikkje ei politisk avgjerd, og heller inga bekrefting på at tiltaket er feil. At eit tiltak blir sett på pause betyr ikkje at klimaarbeidet i landbruket har slått feil. Det betyr at ein gjer nye vurderingar basert på kunnskap og erfaring.
Publisert 28.01.2026, kl. 07.27






English (US)