Eit frustrert publikum buet og sende Brann i garderoben med pipekonsert mot Sandefjord i pausen, men då Joachim Soltvedt scora i sluttminutta og sikra tre poeng var nok alt tilgitt.
– Nei, det var deileg. Utruleg deilig og viktig, var det klare bodskapet frå matchvinnaren til NRK etter kamp.
Brann klatrar med sigeren måndag forbi Rosenborg og opp på sølvplass i Eliteserien. Laget ligg sju poeng bak serieleiar Viking.
Målscoraren feira målet med å kunngjere ei privat nyheit.
– Det var ei lita baby-feiring. Min sambuar har termin om tre til fire veker, så det var eigentleg berre ei kjapp annonsering.
Trass at «vi vinnar serien i år» til tider runga over Brann Stadion, var det tydleg eit skuffa heimepublikum som sende laga i garderoben til pause.
– Dei kan pipe viss dei vil. Vi gjere vårt beste. Vi prøver og vinne og så er vi ikkje heilt skarpe nok framfor mål. Vi har iallfall lukka igjen og så har vi ein omgang igjen, så alt kan skje, sa Felix Horn Myhre til TV 2 i pausen.
Brann-trenar Freyr Alexandersson fekk spørsmål om pipekonserten var fortent.
– Det synst eg ikkje, men folk må ha sine haldningar, svarte islendingen til TV 2.
Etter kamp utdjupar han til NRK.
– Overraskande, men vi er jo i Bergen. Folk er fotballgale og stiller store krav til meg og våre spelarar.
Han understrekar samtidig at fotballspelarar har kjensler dei og.
– Tenk deg at du går på jobb og går til kaffipause og folk står og piper på deg. Prøv å tenk korleis det er.
Pipekonserten frå dei over 15.000 tilskodarane var ikkje til å misforstå. Heller ikkje gjestane frå Sandefjord varta opp med festfotball i første del av kampen.
Gjestane fekk eit mål annullert i første omgang for offside.