Naudetatane tok imot eit mayday-signal frå flyet som skulle frå Trondheim til Stavanger.
– Meldinga til dei var at dei hadde ein fuel-lekkasje, opplyser politiet.
Også hovudredningssentralen opplyser at det skal dreie seg om eit problem med drivstoffet i flyet.
– Vi har hatt dialog med politiet og tårnet på Værnes, fortel Thomas Breivoll, vakthavande redningsleiar ved HRS Sør-Noreg.
– Vi har fått vite at det har vore eit drivstoffproblem, men kjenner ikkje til årsaka utover det.
Naudlandinga gjekk fint og Avinor vil følgje opp hendinga med vidare undersøkingar, opplyser politiet.
Full beredskap blei sett i verk
Pressevakt i Avinor, Øystein Løwer, opplyser at flyet tok av frå Værnes kl. 16.47. Flyet snudde etter kort tid og landa trygt kl. 17.25.
– Full beredskap blei sett i verk, skriv Løwer i ein tekstmelding til NRK.
Han opplyser at situasjonen no er tilbake til normalt.
– Flyet står no ved gate med passasjerane om bord. Disse blir handtert av flyselskapet.
Drifta ved flyplassen går no som normalt, fortel Løwer.
– Vi kan foreløpig ikkje seie noko om årsaka til hendinga, og viser til SAS for ytterlegare informasjon.
Publisert 09.04.2025, kl. 17.31 Oppdatert 09.04.2025, kl. 17.59