Folk strøymer til Vatikanet for å ta farvel

2 weeks ago 16



Pave Frans er død, 88 år gamal.

Det kunngjorde Vatikanet måndag føremiddag.

Allereie få minutt etter at dødsfallet vart kjent, byrja det å strøyma inn med kondolansar frå heile verda.

– Pavens død er verkeleg trist. Han var ein stor mann og ein hyrde.

Det seier den italienske statsministeren Giorgia Meloni i ei utsegn, ifølge Reuters.

Giorgia Meloni og pave Frans

Den italienske statsministeren Giorgia Meloni med pave Frans i 2023.

Foto: Alessandra Tarantino / AP / NTB

– Eg hadde det privilegium å oppleva venskapen hans og få råd frå han, som aldri stoppa, sjølv i vanskelege tider, seier Meloni vidare.

Du kan senda inn din kondolanse lenger ned i saka.

Kondolansar frå heile verda

Leiarar frå heile verda har kome med sine kondolansar etter at dødsfallet vart kjend.

– Pave Frans var ein viktig og klar stemme for sosial rettferd og menneskeleg verdigheit, seier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) til VG.

Spania erklærer tre landesorg i tre dagar, skriv nyheitsbyrået AFP.

  • Milei hilser på paven 2024. Paven sit, Milei bøyer seg ned og tar ham i hendene. Paven smiler.

    Andrew Medichini / AP / NTB

    Javier Milei

    Den argentinske presidenten Javier Milei seier pave Frans var ein vis mann. Han sender sine kondolansar, trass at dei to ikkje alltid var einige om alt, seier Milei i ei fråsegn.

    Pave Frans var frå Argentina og var den fyrste paven frå landet.

    Milei seier det har vore ei ære å kjenna pave Frans.

  • Kong Charles, dronning camilla og paven møtes. Paven sit i rullestol, Camilla håndhilser på ham

    Divisione Produzione Fotografica / Reuters / NTB

    Kong Charles

    Kong Charles av England, som også er overhovudet til den engelske kyrkja, seier måndag at han og dronning Camilla tok imot dødsbodskapen med stor sorg.

  • Paven og Putin i 2015. De står tett, nærfoto. Ser på kvarandre

    Gregorio Borgia / AP / NTB

    Vladimir Putin

    Den russiske presidenten seier måndag han vil ta vare på alle minna han har med paven.

    Putin seier også at pave Frans gjorde ein formidabel jobb med å tetta samarbeidet mellom den katolske og den russiskortodokse kyrkja.

    Putin beskriv paven som ein trufast tener for kristen lære.

  • Olaf Scholz

    NADJA WOHLLEBEN / Reuters / NTB

    Olaf Scholz

    Den tyske forbundskanslaren skriv i ei melding på X at verda no har mista ein forkjempar for dei svake.

    – Eg har sette stor pris på hans klare syn på utfordringane vi står overfor. Eg sympatiserer med det religiøse samfunnet verda over.

  • JD Vance og pave francis sit mot kvarandre

    Vatican Media / AP / NTB

    J.D. Vance

    Den amerikanske visepresidenten var truleg ein av dei siste som møtte paven før han døydde, då han besøkte paven sundag.

    – Hjartet mitt går ut til dei fleire millionane kristne over heile verda som elska han, seier Vance i ei fråsegn, ifølge Reuters.

    Vance seier det var fint å sjå paven sundag, men at han openbert var veldig sjuk.

  • Giorgia Meloni i kvitt, ho smiler. Ved sidan av henne står paven. Bildet er frå i fjor

    Christopher Furlong / AP / NTB

    Giorgia Meloni

    – Pavens død er verkeleg trist. Han var ein stor mann og ein hyrde.

    Det seier den italienske statsministeren Giorgia Meloni i ei utsegn, ifølge Reuters.

  • Friedrich Merz i dress, med briller, ser oppover, nærbilde

    RALF HIRSCHBERGER / AFP / NTB

    Friedrich Merz

    Den påtroppande tyske forbundskanslaren skriv i ei utsegn på X at pave Frans vil bli hugsa for sitt utrettelege arbeid til dei svakaste i samfunnet.

    – Mine tankar går i disse timane til dei truande over heile verda som har mista sin heilage far, skriv Merz.

  • Emmanuel Macron i dress og slips

    Christian Hartmann / Reuters / NTB

    Emmanuel Macron

    Den franske presidenten skriv og på X at paven jobba for dei aller fattigaste.

    – Han villa at kyrkja skulle eine menneska med kvarandre, og med naturen. Måtte dette håpet vare utover hans tid.

I Paris vert Eiffeltårnet mørklagt måndag kveld, opplyser lokale styresmakter.

Klokkene i Notre Dame-katedralen i Paris har òg ringt 88 gonger for å heidra paven og dei 88 åra han levde. Det skriv AFP.

Nonner med svarte kapper sett bakfra, St. Peterskirken i bakgrunnen

Stadig fleire samlar seg på Petersplassen i Vatikanet for å ta avskjed med paven, mellom anna fleire nonner.

Foto: Yara Nardi / Reuters / NTB

Minnemesse

Utanfor St. Olavs katolske kyrkje i Oslo er flagget firt til halv stong måndag føremiddag.

På føremiddagen går det føre seg ei messe. I byrjinga av messa informerte presten dei frammøtte om at paven var død, før dei bad for han.

Alter med flere tente lys på og bilde av pave Frans

Frammøtte i St. Olavs kyrkje i Oslo har tent ljos for paven.

Foto: Ingvild Edvardsen / NRK

– Det han ikkje hadde til felles med sine forgjengarar, var at han var impulsiv – på ein god måte.

Det seier biskop Bernt Eidsvig til NRK.

Bernt Eidsvig biskop

Biskop Bernt Eidsvig.

Foto: Ingvild Edvardsen / NRK

Òg i St. Svithun kyrkje i Stavanger var det minnemesse for paven, der rundt 50 menneske samla seg.

Inne i kyrkja var det heilt stille mellom salmane, og det er tydeleg at dødsfallet pregar messa.

– Det har vore ei ære å gjennomføra denne messa i stille, seier pater Pål Bratbak.

Kevin Dawid Zawadzki (17) og Erica Andreassen Øverlie (17) seier dei var klare for ei glad påskemesse.

– Men så vart det ei veldig trist ei, seier Zawadzki, og får støtte frå Øverlie som skildrar paven som svært populær og med fleire gode meiningar.

Ung mann og kvinne sitter på kirkebenk med nøytrale ansiktsuttrykk

Foto: Fride Audunsdotter Westvik / NRK

Ulstein: – Eit førebilete

Dag Inge Ulstein, partileiar i Kristeleg Folkeparti, seier i ei fråsegn at han tek imot beskjeden med sorg og at paven har vore eit førebilete for han.

– Ein av våre tids største hyrdar for fred, håp og forsoning. Pave Frans viste ein eineståande omsorg for dei fattige. Han utfordra makta, løfta dei sårbare og talte for fred i ei uroleg tid.

Ulstein nominerte i år pave Frans til Nobels fredspris for fjerde gong.

Den norske kyrkja omtalar pave Frans som ein usedvanleg kyrkjeleiar med stort mot.

– Det er eit enormt tap for heile verda at hans røyst er stilna, skriv preses Olav Fykse Tveit i ei utsegn.

– Overraskande

Vebjørn Selbekk, redaktør i den kristne avisa Dagen, omtalar dødsfallet som svært overraskande.

Paven vinka seinast sundag til dei frammøtte på Petersplassen i Vatikanet.

Pave Frans hilset til oppmøtte fra balkongen på Peterskirken i Vatikanet

Pave Frans vinka til dei frammøtte frå balkongen på Peterskyrkja 1. påskedag. Det var truleg siste gong tilhengarane hans fekk sjå han.

Foto: TIZIANA FABI / TIZIANA FABI / AFP / NTB

– Det var ikkje mange orda han kom med, men det så ikkje ut som ein mann som skulle gå bort så kort tid etterpå, seier han til NRK.

– Det er ein slags symbolikk at overhovudet for den største kristne kyrkja i verda går bort midt i påska, kommenterer han.

Publisert 21.04.2025, kl. 10.28 Oppdatert 21.04.2025, kl. 13.16

Read Entire Article