– Vi jobbar med tunge greier, så du må vere litt sterk, seier Albana Malaj Onnagan.
Inne på verkstaden jobbar ho med bandsag, dreiebenk og andre maskiner som krev både styrke og konsentrasjon.
Ho er nemleg førsteklassing på teknologi- og industrifag ved Kuben vidaregåande skole i Oslo.
Det krev konsentrasjon å få det heilt riktig, fortel Albana.
Foto: Helene Hjelseth Holen / NRK– Eg var litt lei av skole og å sitte på rumpa heile tida og lese dei same bøkene. Eg hadde lyst til å gjere det eg las i boka, i praksis, seier Albana.
I år vil mange gjere som ho, og vel ein meir praktisk skule.
Aldri før har det vore så populært med yrkesfag. Det visar årets søkartal for vidaregåande skule.
Heile 54 prosent av søkarane har yrkesfag som førsteønske.
– Viktig for heile landet
– Dette er den høgaste andelen nokosinne i Noreg!
– Eg er veldig glad for det valet dei har tatt, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun om yrkesfag-elevar.
Foto: Marie Skikstein / NRKKunnskapsminister Kari Nessa Nordtun er godt fornøgd med dei ferske tala. I fjor var talet 52,6 prosent, etter ei jamn auke dei siste åra.
– Det er veldig bra at fleire vel yrkesfag. Det er heilt klart at Noreg treng fleire tusen nye fagarbeidarar dei neste åra. Så det at ungdommen no vel desse retningane, er viktig for heile landet vårt.
SSB anslår at Noreg kan mangle rundt 85.000 fagarbeidarar i 2035.
Nordtun trur det har skjedd noko med interessa for ein meir praktisk skule.
– Eg trur det skjer fordi yrkesfag har fått stor merksemd i seinare tid.
Nordtun peiker også på at det er rekordmange som fullfører og får med seg eit fagbrev ut i arbeidslivet. Og aldri før har så mange nyutdanna fagarbeidarar komme seg så raskt ut i jobb som dei gjer no.
Albana synest det er stas at ho får jobbe mykje sjølvstendig.
Foto: Helene Hjelseth Holen / NRK– Det gjer at fleire har fått auga opp for moglegheitene dei får gjennom å velje yrkesfag, og ikkje minst dei svært gode moglegheitene dei har for å komme i arbeid etterpå.
Forberedt på arbeidslivet
– Når du ikkje skjønar det du gjer, er det ikkje moro. Men så snart du begynner å få tak i det, da er det veldig morosamt, seier Albana.
Bak vernebrillene er ho djupt konsentrert når ein metallsylinder skal formast og bli forvandla til ein vekta hammar.
Ho må vere nøyaktig, for at det skal bli heilt riktig.
Ved dreiebenken er det presisjon som gjeld. – Her går det på millimeteren, seier Albana.
Foto: Helene Hjelseth Holen / NRKAlbana fortel at valet om yrkesfag ikkje var berre enkelt.
– Det var veldig tøft å vel ei linje, for eg tenkte først å gå der alle venene mine skulle gå. Men eg hadde lyst til å jobbe med noko teknisk, som kjem til å vere stort i framtida. Så da tenkte eg «kvifor ikkje?».
Ho synest det er bra at fleire vil gå yrkesfag, og trur det kan gjere ungdommar betre forberedd på arbeidslivet.
Albana Malaj Onnagan går teknologi- og industrifag ved Kuben vidaregåande skole i Oslo.
Foto: Helene Hjelseth Holen / NRK– Så klart er det fint å vere på skulen og lære ting, men så snart ein går ut i arbeidet, så kan ein få litt sjokk og tenke: er det sånn dei arbeidar? Alt det du lærte på papiret, er ikkje alt det du brukar i jobblivet.
Fleire jenter
Innan yrkesfag er det helse- og oppvekstfag som er mest populært i år.
Teknologi- og industrifag, som er den linja Albana går, er nest mest populært.
I år vil også fleire jenter gå yrkesfag på vidaregåande, opp to prosentpoeng frå i fjor.
Albana er ein av tre jenter i klassa, og skulle ønske dei var fleire:
– Plis, fleire jenter! Så klart er det fint å ha gutar i klassen, men nokon gonger kan miljøet vere mykje betre med jenter også. Eg saknar liksom jentesnakkinga og sånt, seier ho.
Ho har ei klar oppfordring til dei som skal velje retning på vidaregåande:
– Står du mellom yrkesfag og studiespesialiserande, bør du ta yrkesfag, synest eg!
Publisert 20.03.2025, kl. 06.59