Vi treng ikkje fleire utval om sjukehus nå. Vi treng at eit fleirtal på Stortinget finn ryggrad og pengar nok til å ordna opp.
Publisert: Publisert:
For mindre enn 30 minutter siden
Kommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.
Ok, vi får ta det ein gong til: Norske offentlege sjukehus tener ikkje pengar. Dei opererer og behandlar og hjelper sjuke folk. Får dei på beina igjen, heim til familien, ut i jobb. Eller behandlar dei til betre dagar. Eller lindrar, når slutten ikkje er til å unngå. Dei tar imot babyar, skiftar hofter, behandlar kreft, lappar saman folk etter ulykker, går saman om å finna ut av kompliserte og samansette sjukdommar, der å fiksa det eine elles kan gå utover det andre. Alt dette og meir til, driv dei med. Men dei tener ikkje pengar. Dei får alle pengane sine frå staten.
Nye sjukehus
Viss dei treng eit nytt sjukehusbygg, så må dei først spara av dei pengane dei har fått av staten. Altså må dei anten kutta i drifta si, eller få unna fleire operasjonar fortare enn den same staten har tenkt, når dei rekna ut kor mykje pengar sjukehusa skal få. Det er ikkje sikkert det er dei same operasjonane som det legane meiner er dei viktigaste å få unna.
Viss dei eig tomtene sine, kan dei selja desse, og få eigendel på det viset. Noko som fører til at det kan vera lurare å byggja nytt på ei anna tomt, enn på den dei sjølv eig. Som dei då ikkje kan selja.
Ja vel. Når dei har spart opp ein eigendel av pengane dei har fått av staten for å driva sjukehus, kan dei få låna pengar av staten til å byggja nytt sjukehus. Det lånet må dei betala tilbake til staten, med renter. Og dei rentene må dei betala tilbake til staten med pengane dei får av staten kvart år.
Tanken
Forvirra? Det er dei fleste andre også. Tanken var at sjukehusa sjølv skal ha ansvaret for alt. Det er for så vidt ein fin tanke. Dei skal sjølv få bestemma kva dei treng, om det er ein ny MR-maskin, eller kanskje nytt utstyr til stråling eller til ei operasjonsstove, kva veit vel eg. At dei ikkje skal inn i ein kø i Oslo, der nokon langt vekk frå både den gamle MR-maskinen og den ikkje heilt oppdaterte operasjonsstova, skal bestemma kva dei skal få, og når, og kven andre som skal få før dei.
At ikkje utgiftene til helse veks seg langt opp i skyene, fordi vi alle er begeistra over gratis hjelp, og gjerne vil ha nye MR-bilde av det litt skranglete kneet eller den stive skuldra eller vil få tatt dei åreknutane.
Jo. Men sjukehusa har ikkje råd til å byggja husa sine sjølv. Det er ei altfor stor investering, for nokon som ikkje tener eigne pengar. Dei endar med å byggja det dei har råd til, ikkje det dei treng. Altså byggjer dei for smått. Og endar likevel med skyhøg gjeld.
Når sjukehuset vårt skal betala over 500 millionar tilbake til staten i form av renter neste år, så er det rundt 6 prosent av heile budsjettet deira.
På tide å gjera noko med det?
Senterpartiet har bretta opp ermene. Dei vil ha med seg eit fleirtal på Stortinget for – hald deg gjerne litt fast nå: For å be regjeringa om straks å setja ned eit nytt utval som skal koma opp med eit alternativ til helseføretaksmodellen.
Håhåhå! Dette svingar det skikkeleg av!
Eg vil tippa at eit sånt utval av ekspertar kanskje kan begynna å jobba i haust ein gong, viss regjeringa er skikkeleg kjappe. Så kan dei kanskje levera på våren i 2027. Etter det skal Stortinget begynna å diskutera kva slags modell dei heller vil ha, korleis dei heller vil at sjukehusa skal styrast, korleis pengane frå staten då skal bli brukt på beste vis. Så skal dei kanskje endra på alt, byggja opp ein heilt ny modell, sikra at alt blir gjort riktig. Eller koma til at det ikkje går, og bestemma seg for å halda på den gamle. Og kanskje ta inn dei endringane som alt blei føreslåtte i 2023. Då eit utval leverte ein rapport. Sjukehusutvalet sin rapport. Eller dei i Helsepersonellkommisjonen sin rapport, levert nokre veker før det igjen.
Tåkete modell
Nei, eg syns heller ikkje helseføretaksmodellen er ideell. Den gjer det altfor lett for helseministeren, uansett parti, å skyva vanskelege spørsmål og saker ned til føretak som Helse Vest, samtidig som Helse Vest ser på seg sjølv som byråkratar som ikkje skal hengja ut statsråden sin. Det er ikkje bra. For på vegen mellom sjukehuset vårt og statsråden, blir det veldig diffust kven som har ansvaret for kva.
Helse Vest hadde rundt 80 tilsette sist eg sjekka. Av desse er 7 direktørar. Rundt 10 tilsette per direktør, altså. Og dei har nettopp lyst ut ei direktørstilling til. Eg er nokså usikker på om det er den beste pengebruken som tenkast kan.
Men å finna ut av det der vil ta årevis. Og det er ein feig og lang omveg som unngår å ta tak i det akutte: Gjeldsbyrda i norske sjukehus.
Mot og pengar
Det første som trengst, er at mange nok politikarar motar seg opp, går saman og gjer låna rentefrie. Det frigjer 6 prosent av budsjettet til SUS for 2026. 500 millionar som for eksempel kunne blitt brukt til å få ned ventelister og sjukefråvær.
Så kunne desse modige politikarane finna ei statleg ordning der staten byggjer alle nye offentlege sjukehus heilt sjølv. Betalar alt som skal til. Og sluttar å leika at sjukehus eigentleg kan tena pengar. Dei kan ikkje det. Men dei er ganske gode på å driva nødvendig helsehjelp.
For det går heilt fint å ta ut sjukehusbygging av måten ein gjer ting på nå, utan å begynna heilt på nytt med alt. Men det krev politisk mot på Stortinget og statlege pengar. Finst ikkje det?
Publisert:
Publisert: 18. mars 2025 12:34