Ti minutt ut i oppgjeret mellom Spania og Egypt begynte ei gruppe blant heimefansen å synge «Musulmán el que no bote», som på norsk er «om du ikkje hoppar er du muslim».
Den spanske storavisa Marca skriv at det i pausen blei vist ei melding på storskjermen på RCDE Stadium med teksten:
«Vi minner om at det finst lovgiving for å førebygge vald i idrett og som forbyr og straffar aktiv deltaking i valdelege, framandfiendtlege, homofobiske eller rasistiske handlingar».
– Fullstendig uhaldbart
Ifølge Marca gjentok synginga seg i andre omgang – noko som blei møtt med buing frå ein større del av publikum og ei ny melding på storskjermen.
Midt i kampen gjekk det spanske fotballforbundet ut på sosiale medium og fordømte synginga. I pressesona etter kamp reagerte også Spanias landslagssjef kraftig:
– Eg er fråstøytt av det og eg tar sterkt avstand frå alle former for framandfrykt og rasisme. Det er fullstendig uhaldbart, sa Luis de la Fuente på pressekonferansen etter kamp.
– Vi må fjerne dei frå kamp, identifisere dei og halde dei så langt unna fotballen som mogleg.
«UHALDBART»: Luis de la Fuente likte svært dårleg synginga frå enkelt fans.
Foto: LLUIS GENE / AFP,NTBSpanias store stjerne, Lamine Yamal, er muslim. Ifølge Javier Herreaz i radiokanalen Cadena SER var Yamal den einaste spelarens om forlét stadion utan å snakke med pressa, og fleire av lagkameratane reagerte på synginga etter kampen som enda 0–0.
– Vi liker det ikkje og er ikkje i einige i bodskapen i det heile. Vi må alle saman hjelpe til for å kvitte oss med slik oppførsel på fotballarenaer, sa Barcelona-spelar Pedri.
– Vi er på ingen måte einige med synginga og misliker det sterkt, var dommen frå Bayer Leverkusens Alejandro Grimaldo.
FORLÉT STADION: Ifølge radiokanalen Cadena SER var Lamine Yamal den einaste av Spanias spelarar som ikkje snakka med pressa etter kamp.
Foto: Joan Monfort / AP,NTB– Forkasteleg
Fotballekspert Petter Veland har følgt spansk fotball tett i ei årrekke og reagerer kraftig på synginga:
– Det er jo forkasteleg. Det er nok litt for mange som kanskje ikkje heilt forstår kva dei er med på der. Det er nok nokon der med vondt blod og dårlege intensjonar, og så er det nokon som hiv seg på utan å skjønne kva dei er med på. Det er såpass idiotisk og sjikanerande – også mot si største stjerne i Lamine Yamal. Eg trur nokre av dei ikkje eingong veit at Yamal er muslim. Det høyrer ikkje heime nokon stad.
REAGERER: Petter Veland kallar hendinga på tribunen for idiotisk.
Foto: Privat– Er det eit aukande problem i Spania? Ser du fleire slike hendingar enn før?
– Eg kjenner ikkje det er fleire hendingar enn før, men det er heldigvis meir fokus på det. Før var det litt sånn at ein mumla om hendingar og skauv det litt bort. La Liga som organisasjon har prøvd å ta fleire grep dei siste åra. Det er eit brennande ønske frå fotball å få slik oppførsel til h***** bort.
Politiet i Spania opplyser onsdag at dei etterforskar «islamofobiske og xenofobiske» rop som blei høyrt under landskampen, skriv nyheitsbyrået AFP.
– Rasistiske fornærmingar og rop gjer oss til skamme som samfunn. Høgreekstreme vil ikkje la noko rom stå fritt for hata deira, og dei som teier i dag vil vere medskyldige, skriv Spanias justisminister Felix Bolaños på X.
| SpaniaSpania | 1 |
| UruguayURU | 17 |
| Saudi ArabiaKSA | 61 |
| Kapp VerdeCPV | 67 |
Publisert 01.04.2026, kl. 11.59 Oppdatert 01.04.2026, kl. 11.59












English (US)