Forseinka og ein million dyrare

4 hours ago 1



Kostnadane for det nye legekontoret på Sortland har overskrida det kommunen har sett av med ein million kroner.

Kommunedirektøren varslar at pengane skal bli henta frå bygginga av sjukeheimen, skriv Vesterålen Online.

Det blir altså foreslått at det manglande beløpet skal hentast frå midlar som er øyremerkt sjukeheimen.

Det er inventaret i legekontoret som er blitt mykje dyrare enn planlagt, og i tillegg har det tatt lenger tid å få levert varer. Det opplyser formannskapet i Sortland i eit saksframlegg til formannskapsmøtet som skal vere neste veke.

Tre millionar var sett av til investering i utstyr til det nye legekontoret, ifølge administrasjonen. Men undervegs og etter anbudsprosess har det vist seg å ikkje vere nok.

Read Entire Article