Forsking må ikkje bli synonymt med realfag, då kan me tapa viktige talent på andre fagområde

3 hours ago 1



GJESTEKOMMENTAR: Eg bad ChatGPT om å gi meg ein illustrasjon av ein typisk forskar. Svaret kom raskt, ein alvorleg mann med skjegg.

Dersom forsking som fagleg merkelapp og i praktisk innretning blir gjort synonymt med realfag, kan me tapa viktige talent på andre fagområde. Foto: KI-generert illustrasjon
  • Åse Wetås

    Åse Wetås

    Direktør, Språkrådet

Publisert: Publisert:

For mindre enn 1 time siden

iconKommentar

Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

På Arendalsveka dette året gjekk diskusjonen høgt om kva kompetanse Norge har bruk for i framtida, og om korleis me skal sikra nok fagfolk på område der me veit at arbeidsoppgåvene vil hopa seg opp i åra som kjem. I tillegg handla fleire ordskifte om kor detaljert politikarane skal styra fagtilbodet ved universiteta og høgskulane våre. Aktualiteten er at det i sommar dukka opp politiske utspel om at studentar bør velja studieretningar som er meir «nyttige» og relevante for arbeidslivet enn samfunnsfag og humaniora – og då særleg realfagslege studium.

Forsking og høgare utdanning handlar om å vinna ny kunnskap, og forskings- og utdanningssektoren vår er samstemde om at ingen kunnskap er bortkasta eller overflødig, verken for den einskilde eller for fellesskapen. Sjølv om me veit ein del om framtidige behov for arbeidskraft, er det ikkje hogd i stein kva kompetanse det norske samfunnet vil trenga om fem eller ti år. Difor er det viktig at Norge har ein solid og brei kunnskapsberedskap med eit mangfald av utdanningsretningar og med langsiktig forsking innanfor eit breitt spekter av fagområde. Det sistnemnde gjeld ikkje berre nytteorientert forsking, men også grunnforsking utan ein spesifikk og kortsiktig nyttevinst.

Forsking er lik realfag?

Men kva er eigentleg dei underliggjande førestillingane våre om kven forskarar er, og om kva dei driv med i forskargjerninga si? For å få eit hint bad eg ChatGPT om å gje meg ein illustrasjon av ein typisk forskar. Det KI-genererte resultatet kom raskt – i form av eit bilete av ein alvorleg mann med skjegg, briller og kvit laboratoriefrakk. I handa heldt han eit reagensrøyr med ei farga væske i, og framfor han på bordet stod eit mikroskop og ein erlenmeyerkolbe med boblande innhald. Då eg etterpå bad om ein illustrasjon av forsking, gav KI-roboten meg eit bilete av ein litt yngre mann. Også han hadde kvit laboratoriefrakk, men her var rekvisittlista utvida med eit atom og eit søylediagram ved sida av mikroskopet og kolben.

Det er viktig å understreka at KI-generert innhald ikkje utan vidare gjev eit sannferdig eller presist bilete av verda eller samtida vår. Produkta reflekterer grunnlagsmaterialet dei generative modellane er trente på – gammalt og nytt, fakta og fiksjon, sant og usant i enorme mengder. Somme gonger er det lett å sjå at kunstig genererte tekstar og bilete viser oss verda av i går, eller at roboten har rota seg inn i rein hallusinering. Men ChatGPTs vektlegging av det spesifikt realfagslege ved forsking som kom ut då eg spurde, ser faktisk i stor grad ut til å svara til biletet som teiknar seg av korleis aktiviteten ‘forsking’ også i røynda blir formidla til ungane våre.

Tilbod i samfunnsfag og humaniora?

I dag er stoda at etablerte og institusjonaliserte forskingstilbod til barn og unge stort sett berre er realfagslege. I tillegg til vitensenter og forskarfabrikkar som tilbyr realfagleg leik og læring til barnehagar og skular, er det fleire stader i landet etablert realfagslege talentsenter for barn med særleg stort læringspotensial. Og i den vidaregåande skulen er det eigne forskarlinjer som tilbyr fordjuping i realfag – matematikk, fysikk og kjemi eller informatikk. Desse linjene blir marknadsførte som eit tilbod til ungdommar med særleg høge akademiske ambisjonar og stor læringsiver.

Det er flott at skulen og dei statsstøtta vitensentera har gode læringsløyper for realfagsinteresserte barn og unge. Og når studieførebuande vidaregåande opplæring har fagleg fordjuping i musikk, dans og drama, idrett og kunstfag, skulle det det berre mangla at det òg finst studietilbod til ungdommar med særleg interesse for akademiske fag. Nettopp difor saknar eg veldig at skulen og dei kringliggjande læringstilboda også rommar innhald retta mot kunnskapstørste og ambisiøse elevar med særleg interesse for samfunnsfag og humaniora.

Me treng fleire typar kunnskap

Når verda blir råka av ein plutseleg katastrofe eller ein uventa konflikt, treng me folk med relevant humanistisk og samfunnsfagleg kompetanse til å formidla, tolka og analysera situasjonen og til å utøva diplomati. Når det går nedover med lese- og skrivekunnskapen til ungane våre, må me ha relevant skuleforsking og kompetente fagfolk som kan hjelpe til med å få lesinga og skrivinga på rett spor att. Og når det blir stadig meir tydeleg at Norge treng å utvikla eigne KI-modellar som gjev digital autonomi, og som støttar opp om våre eigne språk, verdiar og haldningar, melder behovet seg for spisskompetente språkteknologar med kunnskap om dei norske og samiske språka.

Dersom forsking som fagleg merkelapp og i praktisk innretning blir gjort synonymt med realfag, kan me tapa viktige talent på andre fagområde. Det blir òg vanskelegare å formidla til barn og unge at kunnskapsutvikling er så uendeleg mykje meir enn det som skjer med laboratoriefrakken på. Det handlar om nysgjerrigheit, fagleg meiningsbryting og systematisk utforsking og om jakta på ny kunnskap på alle livets område.

Publisert:

Publisert: 25. august 2025 09:05

Read Entire Article