Det er 41 år sidan sist ein fransk president var på offisielt besøk i Noreg.
Støre og Macron skal ha eit møte på Statsministerens kontor, før dei skal ha ein felles pressekonferanse på Nasjonalmuseet.
Dei skal også delta på eit arrangement med næringslivet.
Frankrikes president Emmanuel Macron blir teken imot av statsminister Jonas Gahr Støre på Akershus slott i Oslo.
Blant tema dei to skal snakke om er fransk-norsk samarbeid, det grøne skiftet, energi og kultur.
– Samarbeidet mellom Noreg og Frankrike blir stadig nærare, djupare og breiare. Vi har i løpet av det siste året styrkt samarbeidet om grøn industri og grøn omstilling, og om forsvar og sikkerheit.
Skal drøfte forsvarssamarbeid
Besøket til den franske presidenten kjem medan Noreg er i sluttfasen for å lande kva fregatt det norske forsvaret skal kjøpe.
Det er snakk om kontraktar til over 100 milliardar kroner.
Den franske FDI-fregatten er eitt av fire alternativ Noreg vurderer. Regjeringa seier at avgjerda kjem snart.
I tillegg til den franske FDI, er også britiske Type 26, tyske F127 og amerikanske Constellation-klasse aktuelle kandidatar.
Galla på slottet
Brigitte Macron deltek også på besøket, og følger eit eige program saman med dronning Sonja.
Dei har blant anna besøkt Dronning Sonja Kunststall. Der møtte dei også elevar frå den franske skulen i Oslo. I tillegg har dei besøkt Munchmuseet i Bjørvika.
Brigitte Macron besøkte Munchmuseet saman med dronning Sonja og kronprinsesse Mette-Marit måndag.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTBMåndag kveld har kongeparet invitert ekteparet Macron til gallamiddag på slottet.
Publisert 23.06.2025, kl. 17.00 Oppdatert 23.06.2025, kl. 17.27