Forsvarsministeren om F-16-fly: – Eg har ikkje sagt at dei var levert

5 days ago 24



– Eg har sagt at donasjonen går føre seg i samsvar med planen, seier forsvarsminister Tore O. Sandvik (Ap) til NRK.

NRK avslørte tysdag at dei seks F-16-flya som Noreg har gitt til Ukraina for å hjelpe landet i krigen mot Russland, er på Sabena-verkstaden i Belgia.

Det er 2,5 år sidan Noreg sa at dei ville donere desse til Ukraina.

No seier forsvarsministeren at han har vore ærleg i kommunikasjonen om flya.

Du seier Noreg har donert fly. Kva legg du i omgrepet donert, kva trur du det etterlate inntrykket er?

– Eg fekk i mai 2025 eit spørsmål om status, då svarte eg at dei var donert i samsvar med planen, svarer han.

– Eg har ikkje sagt at flya var levert. Eg sa dei var donert, legg han til.

Han seier vidare at oppgraderinga av flya i Belgia har tatt lang tid fordi det har vore manglande kapasitet på verkstaden.

– Så har Ukraina prioritert dei operative flya, men no har selskapet Sabena oppgradert kapasiteten så no kjem flya til å kome raskare til Ukraina, seier han.

– Du får det til å høyrast ut som om dette er Ukrainas skuld?

– Nei, på ingen måte. Men me er i tett dialog med Ukraina heile tida om kva som er Ukrainas behov. Deira behov er jo å ha kortast mogleg veg til operative fly. Det er raskare enn å ferdigstille dei flya som Noreg har donert.

Forsvarsminister Tore O. Sandvik sitter i dress i en rød soda. Han ser ikke på kameraet, men sitter vendt vekk mot venstre.

Forsvarsminister Tore O. Sandvik.

Foto: Peder Martin Bergholt / NRK

Vil ta eitt år

Han seier at dei skulle ønske at flya blei operative tidlegare, men at det ikkje har vore mogleg.

To av dei seks flya kjem til å kunne bli operative om ikkje veldig lang tid, seier forsvarsministeren.

Dei siste fire siste kjem til å ta lenger tid.

Etter det NRK forstår er det mykje arbeid som må gjerast på dei fire flya. Det vil ta cirka eit år å få dei klargjorde.

Selde F-16 til Romania

I november 2022, altså før Noreg sa dei ville donere til Ukraina, signerte Forsvarsmateriell kontrakt med Romania om sal av 32 F-16-fly.

Desse flya var i betre stand enn dei som blei donert til Ukraina.

– Blei ein kommersiell handel med Romania prioritert framfor Ukraina?

– Romania er eit grenseland til konflikten. Dei brukar desse flya mellom anna til å skyte ned dronar på villspor. Dei har vore heilt avhengige av å byggje opp sitt luftforsvar, seier han.

F-16-fly i rødlig vinterluft over snødekte fjell ved Bodø

Dette flyet skal vere eitt av de seks som er donert til Ukraina.

Foto: Martin Mellquist / Forsvaret

Kams i Noreg er dei som ferdigstiller flya til Romania. Dei har ikkje hatt kapasitet til å fikse flya til Ukraina før dei er ferdige med flya som skal til Romania, opplyser forsvarsministeren.

– Romania hadde ikkje eit flyvåpen som var sterkt nok til å vere eit grenseland til Russland. Det er viktig for Romania og Noreg at dei har ein operativ flyflåte, så Noreg har stått ved kontrakten, seier han.

Seier det var upresist

Forsvarssjef Eirik Kristoffersen innrømmer at han heile tida har visst at flya ikkje er flydyktige.

– Dei seks flya vi donerte har vore i Belgia for vedlikehald. Det er ukrainarane sjølve som bestemmer kva materiell som får prioritet, seier Kristoffersen.

Han seier no at det han sa då den reviderte langtidsplanen for Forsvaret blei lagt fram, ikkje var presis.

  • Eirik Kristoffersen putter noe på innerlomma i sin militære uniform foran en blå vegg med riksløven og regjeringens design på pressekonferanse

    Eirik Kristoffersen

Han sa då «dei F-16-flya vi donerte til Ukraina er ein viktig del av det ukrainske luftvernet no».

– Eg viste til flya som den vestlege koalisjonen har donert. Eg ser no at eg kunne ha vore endå tydlegare på det, seier han.

Kallar det eit svik

Partileiar Guri Melby i Venstre seier ho blei overraska av opplysningane om at flya ikkje var i bruk enno.

Ho meiner det er i strid med den informasjonen som forsvarsministeren har gitt tidlegare.

– I det siste året har me gjennom fleire utsegner høyrt at dei enten er på veg eller er på plass i Ukraina, seier ho.

Guri Melby etter sentralstyremøte i Venstre. ansiktsuttrykket er litt bekymret. Ho har på seg er skjorte og grønn jakke.

Guri Melby meiner regjeringa har feilinformert Stortinget. Her frå ein tidlegare anledning.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ho meiner det er svært problematisk at flya enno ikkje er i bruk.

– Det er eit svik frå den norske regjeringa mot Ukraina.

Ho meiner òg dei har feilinformert Stortinget og tatt frå dei moglegheita frå å gripe inn.

Meiner flya kan bli reparert heime

Ordførar i Bodø Odd Emil Ingebrigtsen (H) meiner det finst kompetanse og folk i Noreg til å gjere det vedlikehaldet som trengst.

– Ein må få heim dei flya som er i Belgia og så får ein sikra norske arbeidsplassar og norsk kompetanse med å gjere oppdraget her. Då blir flya fortare ferdige og kan vere operative for Ukraina, seier han.

En mann med grått hår og briller står foran Bodø Rådhus.

Bodø-ordførar Odd Emil Ingebrigtsen (H) meiner flya kan bli henta til Bodø for å bli fiksa der.

Foto: Beth Mørch Pettersen / NRK

Han har sjølv sendt brev til forsvarsministeren, men ikkje fått noko svar.

– Det har mykje å seie for beredskap, nemleg at me er i stand til å utføre vedlikehald på jagarfly eller helikopter lokalt. Det betyr mykje i beredskapssamanheng. Så det er med på å auke tryggleiken og beredskapen vår, seier han.

Publisert 08.04.2026, kl. 21.52

Read Entire Article