Fotballegenda ifrå seg av Glimt: – Det er slik fotball skal vere

2 hours ago 1



– Vi snakkar om pengar, vi snakkar om namn, men ingenting slår eit lag.

Slik startar Thierry Henry når han pratar om Bodø/Glimt sin siger mot Inter tysdag. I CBS-studio i New York klarte han ikkje skjule si begeistring for det norske laget.

– Eg bryr meg ikkje om kva du seier. Ingenting slår eit lag. Vi må alltid huske at dette er ein lagsport, seier Henry

Etter 2-1-sigeren mot det Italienske storlaget, er Glimt klare for ein åttedelsfinale i Meisterligaen.

Sjå høgdepunkta frå kampen.

Den tidlegare fotballspelaren og trenaren hyllar mentaliteten til laget frå Nord Noreg. Han trekkjer fram eit døme frå kampen:

– Det beste frå i kveld, var kva Jens Petter Hauge gjorde. Da han skåra og feira. Så såg han bort på kameraten og spurte «kvifor sentra du ikkje?». Det er eit lag som vil kjempe for kvarandre, legg han til.

«Kjærleik for spelet»

Henry let seg imponere over at Glimt ikkje berre vinn, men måten dei gjer det mot dei aller største laga i Europa.

mann

Faksimile: Skjermdump CBS Studios på Twitter

– Dei spelte slik mot Borussia, mot Atletico. Eg lurar på om storlaga tenkjer: «ja, du slo oss. Vis meg kva de gjorde»? Bodø/Glimt viste oss kva eit lag er.

Han held fram:

– Eg elskar å sjå eit lag som det. Det er veldig forfriskande, for det er slik fotball skal vere.

Også Alessandro Del Piero er einig:

– Dei spelar som eit lag. Og med kjærleik for spelet. Dei elskar å springe for kvarandre, dei elskar å sentre og finne nye løysingar, seier italienaren til CBS.

En mann sitter på en stol inne på en stadion, iført en mørk dress og holder en mikrofon. Bak ham er det mange mennesker i publikum som ser ut til å være samlet for et arrangement, med forskjellige flagg og supporterutstyr synlig. Omgivelsene viser en moderne arena, med store reklameskjermer og tribuner i bakgrunnen. Det er tydelig at dette er en sportsbegivenhet, muligens en finale i Nations League. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

FOTBALLEGENDE: Thierry Henry på jobb for CBS.

Foto: FREDERIC J. BROWN / AFP / NTB

Fleire er einige i at det er den mentale styrken som skil nordlendingane frå andre utfordrarar. Tidlegare Premier League-spiss Dwight Gayle meiner suksessen stikk djupt.

– Noko av det viktigaste er eit godt samhald og god moral, der alle dreg i same retning. Ein må kunne tole motgang og reise seg att etterpå. Bodø kjem til å gleda seg stort til neste kamp og vil vera skikkeleg klare for å spela borte. Eg trur ikkje resultatet frå førre kamp spelar noka rolle; dei vil vera like tente uansett, seier tidlegare fotballspelar Dwight Gayel til BBC.

«Bodø/Glimt har gjort det mange trudde var umogleg.»

Det skriv den svenske avisa Expressen.

Bodø/Glimt har tatt seg til ein historisk åttedelsfinale i Meisterligaen. Ei bragd ikkje mange hadde sett for seg på førehand. No legg Europa merke til det som skjer nord for polarsirkelen.

Dei gule fotballdraktene tapetserar utanlandske storaviser

Også sist gong Glimt slo Inter, var det reaksjonar i utlandet:

«Strålande nordlys i Meisterligaen! Bodø/Glimt sørgjer for ei ekte sjokkoverrasking i det gode selskap og slår fjorårets finalist og Serie A-leiar Inter Milan ut av turneringa!» skriv den tyske storavisa Bild.

«Det finst inga skam i å tape. Det finst i alle fall inga skam i å tape mot Bodø/Glimt, det burde vi ha lært no.» skriv det svenske sportsbladet.

I åttedelsfinalen møter Glimt anten Manchester City eller portugisiske Sporting. Kampane blir spelte i midten av mars.

USA tok OL-gullet med seg hjem

Publisert 25.02.2026, kl. 00.24 Oppdatert 25.02.2026, kl. 00.43

Read Entire Article