Forliket inneber ei verdioverføring frå Navantia til Forsvarsdepartementet på inntil 47,5 millionar euro i form av rabattar på kontraktar om teknisk støtte og oppgraderingar av dei norske fregattane, heiter det i ei pressemelding.
Partane har også inngått ein avtale som sikrar at Navantia fører vidare vedlikehaldsstøtte og oppgraderingar av dei norske fregattane i inntil seks år.
Avtalen er eit resultat av ei rettsmekling under leiing av Oslo tingrett og inneber at alle rettslege prosessar mellom partane blir avslutta.
Forsvarsminister Tore O. Sandvik (Ap) er nøgd med forliket.
Foto: Tom Balgaard / NRKTilfreds forsvarsminister
– Eg er tilfreds med at denne saka har funne ei løysing. Navantia har i fleire tiår vore, og vil framleis vere, ein viktig leverandør til forsvarssektoren og understøttinga av dei norske fregattane, og vi ser nå fram til å kunne styrke denne relasjonen ytterlegare i tida framover, seier forsvarsminister Tore O. Sandvik (Ap).
Navantia er eit statseigd spansk selskap som bygger og held avanserte militære fartøy ved like og forsvarssystem. I tillegg til å ha levert dei fem fregattane, har dei sidan 2013 også levert vedlikehaldstenester for Nansen-klassen gjennom ulike rammeavtalar.
Flenga i sida vitna om kollisjonen med tankskipet Sola i november 2018.
Foto: Jon Bolstad / NRK– Navantia er fornøgd med å ha vorte samde om ein avtale som avsluttar denne saka og forlenger samarbeidet vårt med Noreg. Dette gir oss høve til å bruke ekspertisen vår for å styrke europeisk forsvar og kollektiv sikkerheit, og støtte kundane våre, seier Navantias styreleiar Ricardo Domínguez i pressemeldinga frå departementet.
Kravde milliardar
Staten kravde opphavleg 13,3 milliardar kroner i erstatning for konstruksjonsfeil på fregatten KNM Helge Ingstad.
Det spanske verftet designa og bygde dei fem fregattane i Fridtjof Nansen-klassen, også KNM Helge Ingstad, som kolliderte med eit tankskip og sokk utanfor Øygarden natt til 8. november 2018.
Forsøket på å redda fregatten etter kollisjonen enda med at skipet sokk.
Foto: Kystverket, Kystvakten/ForsvaretFregatten fekk ei stor flenge i skroget, og ei veke etter ulykka sokk han. I mars 2019 blei han heva, og vraket blei seinare hogge opp.
Forsvarsdepartementet meinte at konstruksjonen til fregatten bidrog til at han gjekk tapt, mens verftet på si side meinte at problemstillinga blei avdekt før ulykka, men at dette ikkje blei følgt opp.
Høyr «Heile historia» her:
Publisert 02.06.2025, kl. 19.44 Oppdatert 02.06.2025, kl. 19.57