Frey tok EM-sølv tross to tilleggsminutter – fransk seier

4 hours ago 1



  • 28. januar 2026 kl. 12:10

    Snø i Madrid berre timar før skjebnekamp mot Bodø/Glimt

    Den spanske hovudstaden er ramma av eit snøfall, berre timar før Bodø/Glimt møter Atlético Madrid i Meisterligaen onsdag.

    – Det er koseleg for Glimt-spelarane å vakne opp til snøvêr, så dei føler seg litt heime. Når dei ser at det er kaldt og litt kvitt på biltaka, så tenker dei kanskje at sjansane deira aukar litt. Madrid-spelarane er nok ikkje så vande til at det snør såpass, men eg trur ikkje det kjem til å påverke banen, seier NRKs ekspert Carl Erik Torp.

    Då heimelaget skulle trene tysdag, sørga hagl og regn for at bana flaut over av vatn, og økta måtte utsetjast i 30 minutt. Det er meldt rundt fem grader under kveldens kamp.

    Glimt kjem rett frå ein krutsterk 3–1-siger mot Manchester City på Aspmyra stadion.

    Sjølv om sigeren mot dei engelske meistrane gav sjølvtillit, må laget ha tre poeng mot den spanske storklubben for å ha håp om avansement. I tillegg må fleire andre resultat gå Glimt sin veg.

    Madrid-laget treng ein siger for å kome seg innanfor topp åtte, som går rett til åttedelsfinale.

    Kampen blir spelt kl. 21.00, du kan høyre han på NRK radio.

    bil med snø i madrid

    Foto: Marius Eriksen Guttormsen / NRK
  • 28. januar 2026 kl. 12:10

    Frey tok EM-sølv tross to tilleggsminutter – fransk seier

    Onsdag gikk startskuddet for EM i skiskyting, og det var franske Antonin Guigonnat som kunne juble høyest.

    Samtidig ble det sølvmedalje i første renn for Isak Leknes Frey.

    Det skjedde til tross for at Frey bommet to ganger på standplass på 20-kilometeren. På normaldistanse er det ett minutts tillegg per bomskudd som gjelder.

    Frey hadde bare 50. beste tid ut fra første skyting. Deretter løftet han seg betraktelig, og med solid fart i løypa kom han seg inn i medaljekampen tross et nytt bomskudd på tredje skyting.

    Den franske veteranen Antonin Guigonnat skjøt feilfritt og tok gull med klar margin. (NTB)

    Foto: Geir Olsen / NTB
  • 28. januar 2026 kl. 10:53

    Tennisstjerne tilbake etter skade – skal til Noreg for å spele Davis Cup

    Verdsstjerna Jack Draper er klar for Nadderud Arena når Storbritannia møter Noreg i Davis Cup 5. februar.

    I desember kom nyhenda om at briten, som er ranka som nummer elleve i verda, mista Australian Open grunna ein armskade.

    No er 24-åringen tilbake, og skal saman med mellom andre Cameron Norrie kjempe mot det norske laget med Casper Ruud i spissen.

    Ruud tok karrierens største siger då han slo nettopp Draper i Madrid Open i mai i fjor.

    Davis Cup ser du på NRK2 5. februar frå kl. 17.55.

    En tennisspiller feirer etter å ha vunnet et poeng. Han bærer en grå spilltrøye og har en stund på seg en håndbeskytter. Bak ham er en stor publikumssamling på tribunen, som viser interesse for kampen. Atmosfæren er spent og engasjert. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Foto: Kirsty Wigglesworth / AP / NTB
  • Read Entire Article