Frontkollisjon i Frudalstunnelen i Sogndal

2 days ago 11



Litt over klokka 11 kolliderte ein bubil og ein personbil inne i Frudalstunnelen i Sogndal. Naudetatane kom raskt til staden.

Bubilen velta og låg på sida. Totalt tre personar var involverte. Luftambulanse vart også tilkalla.

Då politiet kom til ulykkesstaden vart det raskt klart at ein person i bilen var vaken, ein hadde kome seg ut av bubilen.

Det oppstod køar i begge retningar av tunnelen.

Klokka 11.21 opplyser politiet at Luftambulansen er sett på vent.

– Alle involverte personar er vakne og oppegåande. Ei kvinne er kald og har behov for ambulanse, begge bilane er utanlandske, opplyser operasjonsleiar Tatjana Knappen.

På eit tidspunkt var ein hund også sakna, men han er komen til rette.

Read Entire Article