Fryktar at nye reglar vil skremme vekk eldsjelene

1 hour ago 2



Gardbrukar Idar Barstad peikar mot nokre store steinblokker som ligg klare ved elva i Barstadvika på Sunnmøre.

En mann med grå lue, blå genser og jeans står på steiner ved en elv. Han har en arm mot en stor stein og peker med den andre mot elva. Skyet vær med mørke skyer dominerer himmelen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Desse steinblokkene skal plasserast i elva for å hindre den i å grave seg djupare og ta nye far.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

– Desse skal vi leggje ut i elva. Då løftar vi elvebotnen, slik at vatnet kan renne breiare, forklarar han.

Barstadvikelva er under restaurering. Eit feilslått oppryddingsarbeid etter ein flaum utrydda laksen i elva.

Sidan den gong har Barstad kjempa for å få den naturlege elva tilbake, så godt det lar seg gjere.

En mann står på steiner ved en elv. Mannen har på seg jakke, genser og jeans, og ser ned. Trær dekker sidene bak elven, og snødekte fjelltopper er synlige i bakgrunnen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Idar Barstad har brukt mange dugnadstimar ved Barstadvikelva.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

– Steinane vil bremse straumen, hindre at elva grev seg djupare og redusere faren for at ho finn nye løp, seier han.

Møter motbør

I åra etter flaumen har han sendt fleire søknader til Miljødirektoratet og fått støtte til å restaurere elva. Men no riv Barstad seg i håret over nye reglar som han meiner gjer arbeidet unødvendig vanskeleg.

En person står bøyd ved enden av et rør, sett fra innsiden av røret. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Sidan flaumen i 2016 har Idar Barstad brukt mange dugnadstimar på restaurering av elva. Her er ei sideelv som er lagt i rør under ein veg.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Eitt av dei nye krava er at prosjekt som får meir enn 500.000 kroner i støtte, må bruke ein statsautorisert revisor til å kontrollere rekneskapen.

– Før har eg brukt ein lokal rekneskapsførar. Det er billegare og han kan sjå at gravemaskina står ved elva og ikkje inne på tunet mitt, det gjer ikkje ein statsautorisert revisor. Det er lettare å lure systemet slik., seier Barstad.

En mann sitter ved et skrivebord og arbeider på en bærbar datamaskin. En større skjerm viser en presentasjon om Barstadvik. Mannen har grått hår og er iført en lyseblå genser og jeans. Bak ham er det hyller og en gul vegg. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Frå kontoret sitt har Idar Barstad skrive fleire søknader om tilskot til restaurering av Barstadvikelva.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Men det verste i hans auge er kravet om at alle grunneigarane må signere ein avtale om at området skal vere verna i 40 år etter at restaureringa er gjennomført.

– Då stoppar prosjekta heilt opp. Eg gidd ikkje eingong å spørje dei andre grunneigarane, seier Barstad.

Han meiner kravet er unødvendig.

– Vi har allereie vassforskrifta, som regulerer kva ein kan gjere i vassdrag. Der vatnet renn, kan ingen gjere slike inngrep likevel. No må vi likevel samle underskrifter frå alle grunneigarane. Dersom éin seier nei, fell heile søknaden, seier han.

Uvurderleg innsats

Forskar Marius Kambestad i Norce har kartlagt elver over heile landet for å betre den økologiske tilstanden. Han meiner arbeidet er heilt avhengig av lokale eldsjeler.

en mann som holder et sverd (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Forskar Marius Kambestad har kartlagt den økologiske tilstanden til Barstadvikelva. Utan eldsjeler som Idar Barstad skjer det ingenting i elver med behov for restaurering.

Foto: Svein Aam / Mørenytt

Sjølv har han skrive fleire søknader om tilskot på vegner av elveeigarlag, og veit om prosjekt som har stoppa opp. Han forstår behovet for kontroll, men fryktar at strengare krav kan gjere at frivillige mistar motet.

– Vi kan ikkje miste eldsjelene. Dei er heilt avgjerande. Det offentlege organiserer ikkje desse prosjekta. Det er lokale folk som søkjer om pengar, leiger inn entreprenørar og biologar og får arbeidet gjort, seier Kambestad.

Nødvendig med kontroll

Det er Klima- og miljødepartementet som står bak forskrifta om tilskot til naturrestaurering. I ein e-post til NRK stadfestar dei at mykje av naturrestaureringa blir utført av frivillige.

Om kravet om at området skal bevarast i 40 år, skriv statssekretær Kristoffer Hansen:

– Kravet er viktig for å sikre at restaureringa gir varig effekt, slik at tid og ressursar ikkje blir brukte på kortvarige forbetringar.

En mann i mørk dress og lyseblå skjorte står i en trapp. Han har et lite rødt merke på jakken. Bak ham er det glassvegger med en trapp og møbler synlig. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Statssekretær Kristoffer Hansen meiner 40-års vern av området er nødvendig for å unngå kortvarige forbetringar.

Foto: Siv Fjørtoft / Klima- og miljødepartementet

Departementet skriv også at tilskotsordningane er tillitsbaserte, men at dei må stille krav til rapportering for større tilskot for å hindre at nokon utnyttar systemet.

Blir ei oppgåve for profesjonelle

Idar Barstad er ikkje imot kontroll. Men han meiner det er feil at frivillige skal bruke så mykje tid på byråkrati.

En mann i hatt og jakke ser mot venstre. Bak ham er en elv og et fjellandskap. En grusvei går inn i bildet fra høyre. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Idar Barstad er oppgitt over søknadskrava for tilskot til naturrestaurering.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

– Konsekvensen blir at naturrestaurering blir ei oppgåve for profesjonelle aktørar. Då blir det dyrt. Eg meiner det er betre at vi får tildelt pengar og leverer inn kvitteringar og rekneskap, slik vi har gjort til no. Endå betre hadde det vore om dei som deler ut pengane kom på besøk og såg at vi faktisk gjorde det vi sa vi skulle gjere, seier Barstad.

Publisert 04.07.2026, kl. 16.53

Read Entire Article