I starten av mars blei minst 50 villrein tatt av eit snøskred i Skirådalen i Sunndal kommune, under eit voldsomt uver.
Dei veit enno ikkje kor mange dyr som er tatt. Det forebelse talet er basert på dei reinane ein kan sjå, men det kan vere fleire under snøen.
– Eg blei veldig forundra og eigentleg skremt, for kva vil no skje med stammen vidare?
Det seier Olav Søderberg, som er leiar for Villreinnemnda for Snøhetta og Knutshø villreinområde. Han meiner det er viktig å få undersøkt meir nøyaktig.
– Dersom det var ein fostringsflokk, altså simler som var drektige og skulle kalve til våren, vil det ha ein langt meir alvorleg verknad enn om det var nokre bukkar.
Kvotane for kor mange rein som kan felles i jakta skal snart fastsettast. I verste fall må det gjerast utan at dei veit kor mange rein som er tatt i skredet.
Regjeringa foreslår 157 tiltak for å redde villreinen – les meir her.
Oppdaga ved hjelp av GPS
Villreinen er blant dei mest unike ville dyra i Noreg, og står i dag på raudlista.
– Det ein bør tenke på eller ha i bakhovudet, er at det er eit tilfeldig oppdaga eksempel på noko som kanskje skjer mykje oftare enn vi veit.
Det fortel seniorforskar ved NINA, Brage Bremset Hansen. For det var på mange måtar tilfeldig at skredet og dei omkomne villreinane blei oppdaga.
I fjor sette NINA i gang eit nytt forskingsprosjekt i området, der dei blant anna GPS-merka rein. Dette er først og fremst for å overvake og forstå effekten av menneskeleg ferdsel og andre forstyrringar i fjellet.
Det var denne overvakinga som bidrog til å avdekke omfanget av skredet.
Førre veke merka blant anna Hansen at ei simle låg nede i ei fjellside og tilsynelatande var død.
Dei fekk også opp at ei anna GPS-merka simle stod lenger oppe i fjellsida. Den var i live og sprang raskt til den andre sida av dalen.
Her ser du GPS-trackingen til NINA. Den eine reinen blei tatt av snøskred. Den andre sprang til andre sida av dalen.
Etter desse observasjonane flaug forskarane over området, og såg minst 50 rein på overflata av skredet.
– Vi har inga aning om kor mange som ligg i snømassane, seier Hansen.
Han meiner dette viser at det kan vere fleire tilfelle kor rein blir tatt i snøskred, utan at dei veit det.
– Mest sannsynleg skjer det mykje oftare enn vi veit. Då er spørsmålet: Kva betyr det eigentleg for bestandssvingingane? Det er ein litt ukjent x-faktor ein har lite kontroll på.
Her ser ein fleire døydde villrein stikke opp av snøen.
Foto: Brage Bremset Hansen / NINAJaktkvotar og undersøkingar
Villreinnemnda har kontakta Miljødirektoratet og Landbruksdirektoratet og bedt om at dei gir ut pengar slik at ein kan undersøke reinen.
Men då må det også vere sikkert å dra til området. No har snøskredet frose til is.
– Det er viktig for oss å vite korleis vi skal takle det vidare, seier Søderberg i nemnda.
Han er uroa for kva grunnlag dei nye jaktkvotane skal bestemmast utifrå.
– Det kan bety at det kan bli små jaktkvotar. At vi treng mange år med lite uttak for å bygge opp igjen ein stamme, seier Søderberg.
Seniorforskar ved NINA, Brage Bremset Hansen, er samd i at det er viktig at dei får undersøkt området, særleg med tanke på kvotane. Men han understrekar at det slett ikkje er sikkert at ein rekk det før dei blir fastsette.
– Då er spørsmålet om ein skal ha ei konservativ tilnærming og rekne med at det er fleire rein som er gått tapt, eller gå ut frå det ein ser. Det veit eg ikkje svaret på, seier Hansen.
Landsbruksdirektoratet og Miljødirektoratet har førebels ikkje svart NRK.
Publisert 17.03.2025, kl. 17.55