Fryktar sjukehuset vert gjelds­slave til staten

3 hours ago 2



Då nybygget på Haukeland universitetssjukehus sto klart i 1983 var det hypermoderne, framtidsretta og det største sjukehusbygget i Nord-Europa.

Sidan har det ikkje skjedd så mykje med Sentralblokka. Men aktiviteten, utstyrsparken og behovet for plass har auka enorm.

På sentraloperasjonen har dei opplevd både straumbrot og lekkasjar. Trengselen er så stor at gangane må brukast som både lager og møterom.

brunt vann i vask

Det er stadige problem med dei over førti år gamle røyrene i Sentralblokka. Tysdag 9. september var alt vatn i bygningen brunt.

Foto: Haukeland universitetssykehus / NRK

Ventilasjonen er dårleg og støynivået så høgt at dei somme stader må bruke høyrselsvern.

– Nesten kvar veke er det noko som gjer at vi må stenge ned operasjonsstover. Ventelistene stig.

Det seier avdelingssjef Solveig Songstad.

– Men det er nok verst for dei tilsette. Det er trongt, varmt, lite dagslys og tungvinte arbeidsprosessar.

Likevel kan det ta tiår før ei renovering er gjennomført.

Haukeland

Sentralblokka på Haukeland er frå 1983. Det har kome meir moderne bygg rundt.

Foto: Oskar Rennedal

Låner pengar av staten

Om eit sjukehus skal bygge nytt må dei finansiere det over eige budsjett.

Det alle meste av pengane må dei låne av staten, som krev renter av pengane.

Helse Bergen har rekna ut at den naudsynte renoveringa av det sentrale sjukehusområdet vil koste ein milliard kroner årleg berre i renteutgifter.

I tillegg kjem avdrag på totalprisen på 24 milliardar.

Direktør Eivind Hansen meiner ei slik renovering vil få for store konsekvensar for andre deler av drifta.

– Utan ei endring i finansieringa vil det ikkje kunne byrjars ein grundig utbetring her før langt ut på 2030-talet, kanskje 2040-talet. Sjølv om behovet heilt klart er her, seier Hansen.

– Men Helse Bergen har bygd mykje nytt dei siste åra. Har de feilprioritert?

– Det meiner eg vi ikkje har. Alle prosjekt har vore naudsynte og nøkterne, meiner Hansen.

Sjukehusdirektøren meiner rammefinansieringa av sjukehusa må styrkast og låneandelen må reduserast slik at sjukehusa får betre kapasitet til å handtere investeringar og drift samla.

Dermed blir rentekostnaden og avdraga lågare og mogeleg å handtera.

en gruppe medisinsk personell

Solveig Songstad viser Eivind Hansen rundt på Sentraloperasjonen. I midten Dag Ludvigsen, hovudverneombod på kirurgisk servicesentral.

Foto: Oddgeir Berland Øystese / NRK

Innlandet treng hjelp

Det nye sjukehuset som kjem i Moelv er eit eksempel der at gjelda kan bli tung å bere.

Sven Gjerdrem, styreleiar i Helse Sør-Øst, meiner likevel ordninga der helseføretaka låner pengar av staten er fornuftig.

– Dette er ei god ordning som gjev mogelegheit til heilskapleg planlegging. Den gjer og at sjukehusa vert halde ansvarlege for pengebruken.

Men samstundes meiner han at finansieringsmodellen er for lite fleksibel.

Det kan vere tilfeldig kvar det er behov for nybygg eller oppgraderingar det ikkje er forsvarleg å vente med.

Gjerdrem peiker og på at somme helseføretak er venta å få fallande tilskot fordi innbyggartalet ikkje vil stige. Då er ikkje store rentekostnader berekraftige.

– Det nye sjukehuset i Innlandet kan vi ikkje utsette. Men det vil bli vanskeleg å bygge det utan at det får alvorlege konsekvensar for tilbodet til pasientane. Difor er dette eit eksempel på eit prosjekt som bør få tilskot frå staten.

Gjerdrem har tidlegare vore sentralbanksjef og styreleiar i Helse Bergen.

Cathrine Lofthus og Svein Gjerdrem

Svein Gjerdrem, her saman med helsedirektør Cathrine Lofthus.

Foto: Vegar Erstad / NRK

Frykt for høg gjeldsbyrde

Då statsbudsjettet vart presentert tidlegare i veka var fleire i sjukehussektoren skuffa.

– Sjukehus og helseføretak over heile landet står i ein alvorleg situasjon no, sa Kjersti Toppe (Sp) på NRK Nyheiter torsdag morgon.

Leiaren i helse- og omsorgskomiteen på Stortinget meiner 3,4 milliardar kroner ekstra ikkje monnar.

– Dei slit med å betale tilbake lån og avdrag, seier ho.

Og presidenten i Legeforeningen, Anne-Karin Rime, er uroa for økonomien for sjukehusa.

– Det helseløftet vi hadde forventa, har ikkje kome, meiner Rime.

Ingen gratis pengar

– Det er ingen pengar som er gratis. Ikkje for hushaldningane, og ikkje for sjukehusa, seier helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre (Ap).

Han viser til at sjukehusa får ei rente som er langt betre enn marknadsrenta, og meiner regjeringa har løfta økonomien til sjukehusa.

Jan Christian Vestre

Helseminister Jan Christian Vestre (Ap) meiner finansieringsordninga er god.

Foto: Magnus Skatvedt Iversen

– Alle pengane kjem frå den same staden, frå skattebetalarane, seier han.

– Meir pengar til sjukehusa betyr mindre til andre ting.

Likevel er det sett ned eit utval som no ser på korleis sjukehusa vert finansierte.

– Kva tenker du om at det kan ta lang til før ein får gjort naudsynte oppgraderingar på Haukeland?

– Vi er no inne i ein byggeboom for sjukehusa. Og så er det opp til dei sjølve å prioritere kva dei har råd til, seier Vestre.

Inne i det 130.000 kvadratmeter store bygget i Bergen er dei skeptiske til at det kan ta lang tid før noko vert gjort med arbeidsstaden deira.

– Å halde oppe drifta her i ti år til? Nei, det trur eg ikkje går, seier Solveig Songstad.

en vask med en blå kran og en plastpose

Det er utfordrande å skilje skite frå reint i dei tronge lokala. Somme stader viser alderen godt.

Foto: Oddgeir Berland Øystese / NRK

Publisert 16.10.2025, kl. 23.01

Read Entire Article