Fryktar vêrfenomen kan skape den største energikrisa sidan Ukraina-krigen

10 hours ago 7



Årets tre første månader har vore blant dei varmaste som nokon gong har vorte registrert, ifølgje fleire forskingsmiljø, mellom anna Copernicus og NOAA.

Og no ser det meir og meir sannsynleg ut at me går ei unormalt varm tid i møte.

Årsaka er vêrfenomenet El Niño som varmar opp jorda. Ifølgje fleire klimamodellar verkar det sannsynleg at den vil inntreffe i sommar eller tidleg haust.

– Me har jo opplevd temperaturrekordar dei siste tiåra. Då har det jo gjerne vore El Niño. Og me har hatt ganske kraftige El Niño i det siste, seier Borgar Aamaas.

Han er forskar ved Cicero, senter for klimaforsking.

Det som skjer når me er i eit El Niño-år, er at der det vanlegvis er tørt, blir det vått, og der det vanlegvis er vått, blir det tørt.

– Om du skal råde folk. Kor bør me reise på sommarferie i år?

– Eg vil nok halde meg i Europa. Eg ville ikkje reist til Australia eller Indonesia, fordi eg er veldig redd for skogbrann, seier Rasmus Benestad ved Meteorologisk institutt.

Fleire kriser på same tid

Sist gong El Niño inntrefte fekk det store konsekvensar for ei av verdas viktigaste handelsruter: Panamakanalen.

– Trafikken gjennom Panamakanalen vart redusert med rundt 50 prosent. Det var fordi ein ikkje hadde nok vatn til å betene slusene i kanalen, seier Benestad.

Et lasteskip venter på å passere gjennom Panama-kanalen

Panamakanalen er ei viktig rute for verdsøkonomien.

Foto: AFP

Ein anna stad i verda herskar det stor uvisse om skip kan passere. USA og Iran sin blokade og stenging av Hormuzsundet har ført til global energikrise.

Som følgje av dette nyttast Panamakanalen også som ein omveg for energisendingar, hovudsakleg frå Mexicogolfen til dei svært importavhengige asiatiske marknadane.

Om tørke i Mellom-Amerika kjem på toppen av dette kan det få store konsekvensar.

– Dersom skipsfarten i Hormuzsundet, Raudehavet og Panamakanalen blir reduserte samtidig, får me ei energikrise som er verre enn den me såg etter invasjonen av Ukraina. Utan andre utvegar må olje og gass fraktast over lengre avstandar, noko som legg ytterlegare press på energiprisane, seier Gabriel Fuentes.

Han er postdoktor ved Institutt for føretaksøkonomi på Noregs handelshøgskole. Han har nyleg skrive ein kronikk om temaet med tittel «Ein alvorleg energikrise er i emning».

I Noreg vil verknaden først og fremst vere indirekte, gjennom høgare energi- og importkostnadar som bidreg til inflasjon, ifølgje Fuentes.

– Det vil redusere kjøpekrafta til forbrukarar og auke kostnadspresset for næringslivet, seier han.

Super-effekt

Det forskarane ser tyder på at om det blir El Niño i år, så kan den vere ekstra sterk.

For at ein skal få ein El Niño-tilstand må overflate­temperaturane i delar av Stillehavet vere 0,5 grader over normalen. Om det bikkar over 2 grader, kallar ein det ofte for super-El Niño.

  • Rasmus Benestad ved Meteorologisk institutt

    Rasmus Benestad

    • Seniorforskar ved Meteorologisk Institutt
    • Har skrive doktorgrad om El Niño

Modellar viser at ein ser ei oppvarming på 2,2 grader meir enn normalen innan september. Altså over grensa til super-kategorien, skriv Carbon Brief.

Det er framleis for tidleg å slå fast at me får ein El Niño-situasjon. Men fleire prognosar tyder på at det kan vere eit av dei kraftigaste som nokon gong er registrert, skriv The Guardian.

2027 kan bli rekordår

Sjølv om El Niño er eit naturleg fenomen, så blir det forska på om klimaendringane påverkar den, og gjer den sterkare.

– Det endrar karakter. Det kan bli sterkare eller meir vanleg på grunn av global oppvarming, seier Benestad.

– Dei siste tiåra har ein del av El Niño-hendingane vore veldig kraftige. Det er spennande å sjå på forskingsmessig, men og skummelt, seier Aamaas.

  • Borger Aamaas er seniorforsker ved Cicero - Senter for klimaforskning.

    Borgar Aamaas

Dei store effektane av El Niño ser ein ofte året etter det startar. Sist gong fenomenet oppstod var i 2023, året etter er det varmaste året som nokon gong er registrert.

– Når me har El Niño, så skyt den globale middeltemperaturen opp. Det er fordi deler av Stillehavet er varmare enn vanleg. Stillehavet er ein stor del av kloden. Så det kan jo bety av 2027 blir eit rekordvarmt år globalt sett, seier Benestad.

Publisert 04.05.2026, kl. 16.33

Read Entire Article