Fryste Snapmap – så tok mannen ho med til hotellrommet

6 hours ago 3



Mannen køyrde 350 km for å ha sex med tenåringsjente. Så vart han vekt av politiet.

 Isac Skjevik Kvello / TV 2
ILLUSTRASJON: Snapchat har ein kartfunksjon der brukarar kan velje å vise kvar dei er. Men den kan frysast ved å til dømes slå av GPS på telefonen. Foto: Isac Skjevik Kvello / TV 2

Publisert 18.06.2025 19:02

Det var i mars i fjor at mannen i 20-åra tok bilen fatt og sette kursen vestover langs kysten. 

Han køyrde frå Kristiansand til Sunnhordland, der han hadde avtalt å møte ei tenåringsjente han hadde kome i kontakt med på Snapchat nokre veker før.

Planen var å ligge saman. Mannen hadde difor også ordna med hotell, kjem det fram i ein fersk dom frå Haugaland og Sunnhordland tingrett.

SnapMap i frys

Han køyrde først til jenta for å plukke ho opp. Deretter tok dei vegen innom ei venninne av jenta.

Der fryste ho posisjonen på Snapchat sin kartfunksjon SnapMap. «Slik at mora hennar skulle tru ho var saman med venninna og ikkje med mannen», skriv tingretten. 

Det kan ein gjera ved til dømes slå av GPS-funksjonen på mobilen.

 Isac Skjevik Kvello / TV 2
POPULÆR: Svært mange nordmenn har dagleg kontakt på Snapchat. Foto: Isac Skjevik Kvello / TV 2

På hotellet hadde dei sex to gonger. Den siste gongen har jenta gitt uttrykk for at det var «svært smertefullt». Mannen forklarte at samleiet vart avslutta fordi han hadde «merka at noko endra seg» hjå jenta.

Etterpå sovna han, medan jenta teksta med venninnene sine og gav uttrykk for at ho var redd, ifølge dommen. Difor vart politiet kontakta.

Trudde ho var over 16 år

I retten erkjente mannen i 20-åra straffskuld. Han forklarte at jenta hadde sagt at ho var født i 2007 og at han difor trudde ho var nærare 17 år.

Jenta har derimot sagt at ho skreiv til mannen på Snapchat at ho var født i 2009. Den seksuelle omgangen skjedde difor rett før ho skulle fylle 15 år.

Mannen erkjente i retten at han kunne gjort meir for å forvisse seg om alderen hennar.

§ 302. Seksuell omgang med barn mellom 14 og 16 år

Den som har seksuell omgang med barn mellom 14 og 16 år, straffes med fengsel inntil 6 år, hvis ikke forholdet også rammes av andre bestemmelser.

På samme måte straffes den som får et barn mellom 14 og 16 år til å utføre handlinger som svarer til seksuell omgang med seg selv.

Kilde: Lovdata

Må i fengsel

No er han dømd for å ha hatt seksuell omgang med barn mellom 14 og 16 år.

Dommen er på fem månadar fengsel. 

I utgangspunktet meinte retten at passande straff var seks månadar fengsel, ettersom den seksuelle omgangen ikkje skjedde under tvang eller mot vederlag.

– Han ønskjer å legge saka bak seg og kjem ikkje til å anke dommen, seier forsvarar Odd Arild Helland.

Retten meiner det er straffeskjerpande at mannen hjelpte jenta med å skjule kvar ho var, ved å køyre ho til ei venninne slik at Snapmapen kunne frysast.

Dessutan var den seksuelle omgangen ubeskytta og han utsette difor jenta for risiko for uønskt graviditet og seksuelt overførbare sjukdommar.

Men mannen får rabatt for å ha tilstått, og dommen enda difor opp på i underkant av eit halvt år i fengsel. 

Han må også ut med 60.000 kroner i erstatning til jenta.

– I desse sakene er utgangspunktet for straff på seks månadar fengsel. Slik sett har han fått lite betalt for sitt samarbeid med politiet, noko som er betenkelig i seg sjølv, legg forsvarar Helland til.

Han argumenterte i retten for at noko av fengselstraff kunne vera på vilkår.

Dommen kan framleis ankast av påtalemakta og er difor ikkje rettskraftig enno.

Read Entire Article