Funnen med to skot i hovudet: – Veldig underleg

1 day ago 6



Statsadvokaten har avgjort saka der ein mann vart funnen skoten i eit brennande hus i Bergen. Og vedgår at det var vanskeleg.

 Elias Engevik / TV 2
BRANNTOMT: Berre garasjen står att etter den kraftige brannen i bustadhuset natt til 15. januar 2025. No har Statsadvokaten konkludert med kva som skjedde her. Foto: Elias Engevik / TV 2

Publisert 03.07.2026 09:51

Det var i vinter at TV 2 gjennom fleire artiklar fortalde om det spesielle dødsfallet i Hausdalen i Bergen.

Ein 89 år gamal mann vart funnen død i eit brennande hus natt til 15. januar 2025. 

Midt i panna var han skoten to gongar, med ei salongrifle med påmontert lyddempar. 

Han hadde ikkje pusta inn røyk og var difor død før brannen nådde soverommet han var på.

 Bergen brannvesen.
FLAMMEHAV: Det var ein svært kraftig brann som møtte brannvesenet i Hausdalen i Bergen i fjor. Foto: Bergen brannvesen.

Legg vekk saka

Likevel har politiet i lenger tid meint at mannen tok sitt eige liv og sørga for at huset byrja å brenna. 

Ei vurdering dei etterlatne har vore sterkt kritiske til.

Dei fann det politiet hadde oversett

Etter å ha hatt saka på sitt bord sidan midten av april, har også Statsadvokaten no konkludert.

Dødsfallet og brannen blir lagt vekk som «intet straffbart forhold bevist». 

Statsadvokaten meiner summen av momenta som etterforskinga har avdekka, talar for ein hypotese om sjølvdrap.

– Det er ein del påfallande omstende i saka, som gjer at ein har etterforska dette som eit mogleg drap. Samstundes er det slik at ofte sjølv den mest grundige etterforsking ikkje kunne gitt svar på absolutt alle spørsmål som kan oppstå, seier konstituert statsadvokat Asbjørn Onarheim til TV 2.

– Mistankevekkande i seg sjølv

Han legg til at det har vore viktig for hans vurdering at Kripos si Cold Case-gruppe gjorde ei sjølvstendig vurdering av etterforskinga.

Også dei kom fram til at sjølvdrap er riktig hypotese og at det ikkje er fleire realistiske etterforskingsskritt å ta.

Åstaden var totalskadd av brannen og gjorde sporsikring og kriminaltekniske vurderingar vanskeleg.

Onarheim seier at det særleg er dei to skota i hovudet til mannen som har gjort avgjerda vanskeleg.

– Det har vore ei vanskeleg vurdering. Eg har ikkje vore borti noko liknande og det står fram som veldig underleg. Hendingsforløpet er mistankevekkande i seg sjølv, seier Onarheim.

 Jenny Eidesvik / TV 2
VEDGÅR VANSKELEG VURDERING: Statsadvokat Asbjørn Onarheim seier det var viktig for han at Kripos tok ei sjølvstendig vurdering av den spesielle saka i Bergen. Foto: Jenny Eidesvik / TV 2

Han trekk sjølv fram Monika-saka i Bergen, der han var påtaleansvarleg då saka vart tatt opp igjen.

– Eg er godt kjent med at ein kan ta feil og eg meinte difor det var viktig å gjere det ein kunne her. Det er gjort ei grundig etterforsking, som Kripos også har ettergått og dei har falle ned på same konklusjon.

Viktigaste bevis

TV 2 har tidlegare omtala dei viktigaste momenta i politiet sin vurdering.

Ytterdøra var låst.

Salongrifla var hans eigen, og skal ifølge politiet sine undersøkingar ha blitt oppbevart i eit låst våpenskap. Skapnøkkelen fann politiet i lomma hans. Der fann dei også eit ekstra magasin til rifla.

Vidare hadde mannen ein tryggleiksalarm rundt handleddet. Den var ikkje trykka inn. Telefonen låg i ei jakkelomme.

Han hadde eit større kontantbeløp i lommene.

Det vart funne ein lapp som politiet har tolka som eit avskjedsbrev, sjølv om det var datert fleire månadar før brannen.

Rettsmedisinarar har sagt at ei salongrifle med 22 kaliber ammunisjon ikkje nødvendigvis er kraftig nok til at eit skot i hovudet er dødeleg umiddelbart.

 Kripos meiner mannen ikkje nådde avtrekkaren med hendene. Bergenspolitiet svarar at det er fleire måtar å fyre av dette våpenet på.

I lommene var det 22.450 kroner – på golvet låg rifla

Statsadvokaten viser til desse momenta når han seier det er summen av omstenda som gjer at mannen «etter alle solemerke» har teke sitt eige liv.

– Vil forbli uavklart

TV 2 er kjent med at dei etterlatne er skuffa over avgjerda. 

Dei fortel TV 2 at dei vil vurdere å klage på bortlegginga.

Som TV 2s gjennomgang har vist, er det fleire ubesvara spørsmål i saka

Det mest oppsiktsvekkande er at politiet ikkje har fasit på korleis 89-åringen skal ha greidd å skyte seg sjølv i hovudet to gongar.

Sett opp mot at mannen er skoten i panna, har ein Kripos-rapport kome fram til at mannen ikkje kan ha nådd avtrekkaren med hendene sine. 

Politiet har svara at det er fleire måtar å fyre av eit våpen på.

 Fride Sørensen / TV 2
FANN BEVIS SJØLV: Det var to av dei etterlatne, og ikkje politiet, som fann denne tomme bensinkanna i ruinane i Hausdalen. Dei har vore kritiske til politiet si etterforsking og meiner den ikkje har vore grundig nok. Foto: Fride Sørensen / TV 2

Dei etterlatne har vidare vist til den 89 år gamle mannen sin helsetilstand. Og at det var dei sjølve som mellom anna fann ei tom bensinkanne i brannruinane.

– Det er heilt utenkeleg at han ville ha klart å skyte seg sjølv to gonger. Han hadde ikkje krefter til å opne eit syltetøyglas. Eller til å bere ein handlepose, har dottera til 89-åringen tidlegare sagt til TV 2.

– Ein har forståing for at det kan stå fram som merkverdig at saka vert lagt vekk som sjølvdrap sett i lys av enkelte omstende ved det tenkte hendingsforløpet. Men enkelte omstende vil forbli uavklart, seier statsadvokat Onarheim.

Read Entire Article