Fyrar laus etter OL-vraking: Låg urørleg på golvet rett før avgjerande konkurranse

2 hours ago 1



Han blei akkurat funnen for lett for Noregs OL-tropp, og blir dermed heime under OL i Italia i februar.

Det framkallar sterke kjensler.

Eg kjenner meg urettferdig behandla, seier Ansgar Evensen.

Kva meiner du med det?

Det er andre som nesten ikkje går skirenn som blir tatt ut. Eg er ganske sikker på at eg hadde prestert betre om eg hadde stått over Tour de Ski og heller trena.

Låg urørleg på golvet

Han seier at belastninga har vore stor på ein kropp som ikkje har spelt på lag. Evensen stilte til start i Tour de Ski sjølv om oppkøyringa var fæl.

Like før avreise fekk han kink i ryggen.

Eg blei liggande på golvet ein time utan å klare å gjere noko. Og så blei det litt betre etter at pappa har fått jobba litt, seier Evensen.

Likevel drog han til Italia og gjennomførte fem av seks etappar i Tour de Ski. Berre siste etappe opp slalåmbakken droppa han.

Eg drar nedover med ein heilt øydelagd kropp, karar meg gjennom dei første etappane og gjer ein veldig god sprint i Val di Fiemme.

Ansgar Evensen i Tour de Ski

VONDT: Ansgar Evensen avslører at han gjekk uttaksrenn til OL med smerter.

Foto: Maxim Thore / Bildbyrån

Der blei han nummer fire. Johannes Høsflot Klæbo var einaste nordmannen framfor han på resultatlista i OL-løypa.

Men det tel tydelegvis ingenting mot OL. Eg hadde rekna med at alle klassiske sprintar skulle telje. Eg har vore i finalen i alle, og levert bra med dårleg kropp som eigentleg burde kvilt, seier Evensen.

– Den brutale sida

Hos landslagssjef Arild Monsen er det lite trøyst å få.

Det blir mange kjensler. Sånn er det, det er han brutale sida av toppidretten, seier Monsen.

Landslagssjefen seier at dei kjenner til at Evensen har problem med ryggen, men at han ikkje kunne ha gjort noko annleis etter råda han fekk frå helseteamet til landslaget.

Landslagssjef Arild Monsen avbildet under VM i Trondheim

SJEF: Arild Monsen.

Foto: Maxim Thore / Bildbyrån

Var det risikabelt at han gjekk Tour de Ski?

Nei, ikkje der og da. Men kva ein analyserer i ettertid kan vere noko anna.

Kor nære var han å gå i OL?

Han var nær, det er vi opne om. Men vi måtte gjere eit val. Det blei Emil Iversen, svarer Monsen.

Neste verdscuprenn for Evensen er over ein månad unna.

Kva kan du sjå fram mot?

Å dra heim og kople av litt, svarer Evensen.

Publisert 26.01.2026, kl. 21.00

Read Entire Article