Geiteflokken ved Sognefjorden i Vestland har skapt engasjement over heile landet.
Temperaturen er høgare enn nokon gong, sjølv om Stortinget avgjorde framtida til dyra i fjor.
Så langt er 40 dyr blitt skotne fordi dei var for sjuke, skadde, eller uråd å temme.
23 kje som stod i fare for lidingar eller å døy, er henta ut.
Dyrebeskyttelsen ber folk om å sjekke opp i fakta før dei uttaler seg. – Det har aldri vore planen å skyte ned geitene. Målet har heile tida vore å redde dei dyra som har god nok helse, seier Åshild Roaldset.
Foto: Odd Arild LøsethEtter å ha levd på sjølvstyr i mange tiår, bestemte Mattilsynet i 2023 at flokken måtte takast ut. Det utløyste mykje motstand og rabalder.
Fleire hevda at dyra var ville og burde leve vidare som før.
På den andre sida står fagkjelder. Dei slår fast at flokken er forvilla husdyr som skal ha den same dyrevelferda som andre husdyr.
Saka enda i eit stortingsvedtak i fjor. Det slo fast at flokken skal ivaretakast og at genane skal sikrast.
Trakassering og hets
Men uroa har slett ikkje lagt seg.
Ei bølge av hets og feilinformasjon gjer at frivillige no er redde, seier Åshild Roaldset, dagleg leiar i Dyrebeskyttelsen Norge.
På dette tunet har geiteflokken i fleire månader fått mat og tilsyn. Sjuke og skadde dyr har fått tilsyn. No er arbeidet lagt ned fordi mange av dei frivillige blir hetsa.
Foto: Astrid Solheim Korsvoll / NRK– Folk har blitt utsette for trakassering og trugande åtferd, både på sosiale medium og fysisk.
Frivillige har opplevd at folk køyrer sakte forbi huset deira, og at det til og med kjem drapstrugslar på Facebook.
Her er noko av det som blir skrive:
Difor har Dyrebeskyttelsen no trekt seg ut, fortel Roaldset.
Det fører igjen til at færre geiter no blir temde og får hjelp.
Dyrebeskyttelsen har politimeld ein person, og vurderer å melde fleire.
I sosiale medium blir også jegerane som skal ta ut dyra det ikkje er råd å berge, hetsa og truga med «å bli tatt ut».
Beate Green, leiar i Dyrebeskyttelsen Sogn og Fjordane, fortel til Sogn Avis at folk har blitt overvaka og konfronterte av aktivistar.
Mykje bråk og motstand
Mattilsynet, Nibio og fleire andre frivillige blir også hetsa.
Det kokar særleg i Facebook-gruppa «La villgeitene få leve» med over 18.000 medlemmer. Gruppa har nyleg skifta namn til «Til minne om villgeitene som blei massakrert av mattilsynet».
Åshild Roaldset i Dyrebeskyttelsen Norge seier dei har fått mykje hets, men endå meir støtte. – Men mange tør ikkje seie det høgt fordi dei er redde for å bli utsette for hets sjølve.
Foto: Bjørne Østrem DjukasteinEin representant for gruppa seier dei ikkje støttar hets, men at dei er usamde i måten dyra har blitt handterte på.
Sjå heile svaret lenger nede.
Mattilsynet, dyreeigaren og frivillige har nemleg laga ein plan for å følge opp Stortingsvedtaket.
Gjennom vinteren har frivillige difor delt ut mat til geiteflokken på Kvist.
Mange av dyra var avmagra, sjuke og skadde, ifølgje dei frivillige.
Denne geita blei teken hand om av hjelparar på Kvist. Dyret blei erklært ekstremt underernært av veterinær, noko fleire av dyra i flokken lir av.
Foto: Privat fotoLaila Stensaker er blant dei som har jobba frivillig, men som no har måtte legge ned arbeidet.
Laila Stensaker har over ein lengre periode vore tett på geitene på Kvist. Ho ser at mange av dei har det vondt og ho er blant mange frivillige som er glade for at dyra no får hjelp.
Foto: Astrid Solheim Korsvoll / NRKStensaker vil ikkje bli intervjua, men skildrar store dyrelidingar i eit lesarinnlegg i Ytre Sogn.
Mattilsynet: – Alvorleg
Mattilsynet merkar også dei sterke kjenslene rundt flokken.
Seksjonssjef Ragnhild Askeland Bøe seier dei har fått mange meldingar og kritikk frå folk, fleire av dei «ubehagelege».
Bøe synest det er trist og alvorleg at dei som har jobba frivillig blir utsett for hets.
Geiteflokken har ein eigar som har godtatt vedtaket om å avvikle flokken. – Då er det fascinerande å sjå korleis den store Facebook-gruppa set vilkår for korleis han skal drive flokken, seier Nina Svartedal i Nibio.
Foto: Odd Arild LøsethNina Svartedal ved Norsk genressurssenter jobbar med å ta vare på genane til flokken. Også ho har blitt hetsa.
Svartedal seier det er mange misforståingar om geitene, og særleg på Facebook-gruppa som kjempar for dyra.
– Dei kallar dyra for villgeiter. Men dette er forvilla husdyr, og dei er beskytta av dei forskriftene som gjeld husdyr.
Ho legg til:
– Ein kan ikkje sleppe ut ein flokk med husdyr og la dei gå forvilla i nokre tiår, og seie at dei er ville.
NRK har prøvd å ta kontakt med dyreeigar Birger Olav Sørebø, men ikkje lukkast.
– Ville dyr kan ikkje tvingast inn i fjøs
Administrator av støttegruppa på Facebook, Helge Fossheim Andersen, viser til gruppas sjølvutnemnde fagekspert, Vidar Sandal, for å svare ut kritikken.
– Fleire av dei som har jobba for å sjå til geitene fortel om hets. Vil de ta opp dette i gruppa for å sjå til at dei ikkje blir det?
– Eg støttar ikkje hets og personangrep, noko vi sjølv også opplever. Men det står vi i, seier Sandal.
Vidar Sandal er sjølv geitebonde og jobbar for å stoppe arbeidet som no skjer med geitene i Sogn. Han skuldar Mattilsynet for å skremme dyra og mangle praktisk kunnskap.
Foto: Silje Guddal / NRKHan seier dei er svært usamde i arbeidet som blir gjort på Kvist.
Geitebonden reagerer mellom anna sterkt på forsøka på å ta dei ville geitene i fangenskap.
Han meiner metodane fører til angst hos dyra og åtvarar om at det er umogleg å temje flokken bak fire veggar.
– Dette er ville dyr som kjenner fjellet som si eiga lomme. Å skilje kje frå mødrene eller jage dei i skogen er etisk feil og skapar liding, seier han.
7. mai arrangerer dei ope folkemøte i Balestrand om saka.
Meiner stortingsvedtaket ikkje blir følgt
Sandal meiner Mattilsynet snor seg unna stortingsvedtaket frå i fjor som sa at flokken skulle takast vare på.
Dyrevernsorganisasjonen Noah er kritisk. Det same er stortingspolitikar Sofie Marhaug (R).
Sofie Marhaug (R) har bede landbruksministeren sjå på geitesaka og om stortingsvedtaket blir følgt.
Foto: William Jobling«Einig i at dette er heilt hårreisande, og at det er noko anna enn kva Stortinget vedtok», skriv ho på Facebook-gruppa. Marhaug har bede landbruks- og matministeren om svar.
Nils Kristen Sandtrøen (Ap) skriv at vedtaket er blitt følgt.
Seksjonssjef Ragnhild Askeland Bøe i Mattilsynet svarar at dei held seg til Stortingsvedtaket.
Publisert 22.04.2026, kl. 17.44 Oppdatert 22.04.2026, kl. 18.14


















English (US)