Hekta på aritmetisk geometri? Då har du noko til felles med Gerd Faltings (71). Den tyske matematikaren får Abelprisen 2026.
- Den tyske matematikaren Gerd Faltings vinn Abelprisen 2026.
- Faltings er kjend for sine banebrytande bidrag innan aritmetisk geometri.
- Han løyste Mordells formodning, eit matteproblem som fascinerte matematikarar i 60 år.
- Prisen på 7,5 millionar kroner vert overrekt av Kronprins Haakon i Oslo 26. mai.
Abelprisen er den nest-mest kjende og prestisjefulle internasjonale prisen som blir delt ut i Norge etter Nobelprisen. Og i føremiddag vart det kjent at Det Norske Videnskaps-Akademi gir prisen til den tyske matematikaren Gerd Faltings ved Max-Planck-Institut für Mathematik i Bonn, Tyskland.
– Eg er overraska og glad. Er ikkje vand med å ete middag med kongelege, sa Faltings då han nyleg vart gjort kjend med at han får Abelprisen av kronprins Haakon i Oslo den 26. mai.
Faltings har løyst historiske matematiske gåter som lenge sto uløyste.
Han har lenge vore rekna som ein leiande matematikar innan aritmetisk geometri. Ideane og resultata hans har rett og slett omforma feltet innan matematikken, skriv prisutdelarane.
Sokalla diofantiske likningar - oppkalla etter den greske matematikaren Diofantos, er sentrale i Gerd Falting sitt arbeid innan aritmetisk geometri.
Diofantiske likningar
- Ei av dei eldste og mest sentrale deler av matematikken er å løyse likningar kun med bruk av heiltal.
- Desse problema blir kalla diofantiske likningar og er oppkalla etter den greske matematikaren Diofantos
- Eit døme er Pytagoras’ læresetning (x²+y²=z²). Denne likninga har uendeleg mange løysingar som er heiltal.
- To enkle døme er 3²+4²=5² eller 9+16=25, eller 25+144=169.
- Diofantiske likningar står i sentrum for Gerd Falting sitt arbeid innan aritmetisk geometri.
Prisvinnar Gerd Faltings vart fødd i den tyske byen Gelsenkirchen (då Vest-Tyskland) i 1954.
Allereie på ungdomsskulen vann han ein nasjonal pris i matte. Han valde å ta utdanning i matematikk, og etter doktorgraden tok han eit år på Harvard-universitetet som postdoktor.
Då han var 28 år vart han professor ved Bergische Universität Wuppertal i Tyskland. Året etter, i 1983, kunne han presentere provet for Mordells formodning – eit uløyst problemsom først vart klekka ut av den britisk-amerikanske mattelegenda Louis J. Mordell (1888-1972).
Mordells formodning skal ha oppteke og fascinert det matematiske miljøet i 60 år.
Løyste gamal mattegåte
Denne mattegåta peikar på at ei vid rekkje med likningar berre kan ha ei endeleg mengde med rasjonelle løysingar.
Då prisvinnar Faltings brått løyste dette omfattande reknestykket som hadde oppteke matematikarar i årevis, vart han vidgjeten nærmast over natta. Det matematiske provet hans imponerte ekspertane, og Mordells formodning vart til Faltings teorem, ei matematisk læresetning oppkalla etter Gerd Faltings.
Les også: Kongen delte ut pris til Kashiwara
Prisar til Faltings
2026–Abelprisen, 2024–Pour le Mérite, 2017–Cantormedaljen, 2015–Shawprisen, 2014-Kong Faisal internasjonale pris, 2010-Heinz Gumin-prisen, 2008–von Staudt-prisen, 1996–Leibnizprisen, 1988–Guggenheim Fellowship, 1986-1994–Foredrag ved the International Congress of Mathematicians (ICM), 1986–Fields-medaljen, 1983–Dannie Heineman-prisen.
Medan Faltings var professor i Wuppertal, møtte han matematikarkollega Angelika Tschimmel. Dei delte etter kvart meir enn sansen for talknusing, og paret gifta seg i 1984.
Saman fekk dei to døtre, før Angelika tragisk gjekk bort i 2011.
Dei siste to-tre åra har Faltings vore professor emeritus og matematikkforskar ved Max PlanckInstituttet for Matematikk i Bonn.
aSærs svak. Får nærmast utslett og sveittetokter når eg ser ei litt krevande matteoppgåve.bGanske svak. Men prøver.cBrukandes. Meistrar noko, men ikkje alt.dNesten mattegeni. Fiksa den mest avanserte matten på vidaregåande.
Han har uttrykt tilfredsheit med å kunne fordjupe seg i matematikken:
− Eg arbeidar framleis med matematikk, men eg treng ikkje gå i administrative møter lenger, har Faltings uttala, ifølgje Det Norske Vitenskaps-Akademi.
Abelprisen skal etter planen delast ut av H.K.H. Kronprins Haakon under ein høgtidelig seremoni i Universitetets aula i Oslo 26. mai.
Abelprisen er på 7,5 millionar kroner.

1 day ago
2








English (US)