Gigantisk operasjon i Bergen: – Heilt avgjerande

1 day ago 17



Sivil militærøvelse:

Over 500 personar var i sving under stor sivil militærøving i Bergen. Det var mykje å ta tak i då øvinga var over.

 Lars Christian Økland / TV 2
BRENN: Under kontrollerte forhold gjekk ein bil opp i flammar. Foto: Lars Christian Økland / TV 2

Publisert 10.06.2025 22:19

Ei historisk stor øving med forsvaret, Helse Bergen og politiet tok plass i Bergen førre veke. 

Arrangørane er nøgde, men seier litt hinder på vegen må ein rekna med når ein tar ei så stor øving frå teori til praksis. 

Over 500 personar var nemleg involvert i den store sivile militærøvinga, der dei skulle øva på å handtera ei krisehending med mange skadde. 

Desse deltok i øvinga

  • Haukeland universitetssjukehus
  • HV-09
  • Statsforvalteren
  • Haakonsvern Orlogsstasjon
  • Sjøforsvarets sanitet
  • Politiet
  • Operasjonsentralen (110-112-113)
  • Bergen Brannvesen
  • Helse Vest RHF (helseberedskap)
  • Haraldsplass Diakonale Sykehus

– Eitt helsevesen

Janecke Engeberg Sjøvold er leiar for øvinga. Til vanleg jobbar ho på regionalt traumesenter på Haukeland. 

– I Noreg har me eitt helsevesen. Me skal tena sivilbefolkninga, men òg Forsvaret. Då er det heilt essensielt at me kan jobba godt saman, seier Engeberg Sjøvold til TV 2. 

I regjeringa sin Totalberedskapsmelding understreker dei behovet for at brann, redning- og helsetenestene må ivareta kjerneoppgåvene sine, samtidig som dei må kunne støtta militær innsats. 

 Lars Christian Økland / TV 2
HISTORISK: Leiar for den historiske øvinga, Janecke Engeberg Sjøvold. Foto: Lars Christian Økland / TV 2

I etterkant av øvinga er ho nøgd med kva dei fekk utretta og øvd på. 

– Det kunne ikkje gått betre. Me fekk øvd på mykje, og funne mange læringspunkt, seier Engeberg Sjøvold. 

– Fant de svakheiter i øvinga?

– Me har ein beredskapsplan, og den må me finjustera. Det er alltid noko ein oppdager når ein gjer noko i praksis ein berre har sett på papiret.

Alt i alt seier ho at det var mykje bra, og at noko må bli betre. 

– Avgjerande 

Øvinga skjedde over fleire timar på Haakonsvern og på Haukeland universitetssjukehus. 

Kommandør Tone Størksen er øvingsleiar for Forsvaret. Ho seier slike øvingar er viktig for å testa samspelet mellom dei ulike etatane. 

– Det er heilt avgjerande. Det ser me i Ukraina og Gaza kor viktig det er med samhandling, og at me snakkar same språk, seier Størksen. 

 Lars Christian Økland / TV 2
ANSVARLEGE: Kommandør Tone Tørksen i Forsvaret snakkar med leiar for øvinga, Janecke Engeberg Sjøvold. Foto: Lars Christian Økland / TV 2

Det manglar ikkje på øvingar for Forsvaret eller helsesektoren, men akkurat denne kom i stand på relativt kort varsel, ifølge Størksen. Det er ikkje tilfeldig. 

– No går me inn i 2026, som er totalforsvarets år. Då er det fokus på å øva og trena heile befolkninga, frå enkeltindivid opp til strategisk politisk nivå. Så ein kan seie at dette er ein slags forløpar for neste års fokus. 

 Lidvard Sandven / TV 2

ØVING: Fleire hundre deltok i ei stor sivil-militærøving i Bergen. Foto: Lidvard Sandven / TV 2

 Lidvard Sandven / TV 2

ØVING: Fleire hundre deltok i ei stor sivil-militærøving i Bergen. Foto: Lidvard Sandven / TV 2

 Lidvard Sandven / TV 2

ØVING: Fleire hundre deltok i ei stor sivil-militærøving i Bergen. Livet til denne dokka stod dessverre til å redde. Foto: Lidvard Sandven / TV 2

 Lidvard Sandven / TV 2

ØVING: Fleire hundre deltok i ei stor sivil-militærøving i Bergen. Her blir såret til ein markør tatt hand om. Foto: Lidvard Sandven / TV 2

 Lidvard Sandven / TV 2

ØVING: Fleire hundre deltok i ei stor sivil-militærøving i Bergen. Foto: Lidvard Sandven / TV 2

Alltid for få

Elisabeth Aarsæther er direktør for Direktorat for Samfunnstryggleik og beredskap (DSB). 

– Det er både viktig og positivt at ein viser samfunnet eit utsnitt av kva ein faktisk gjer når ei katastrofe skjer, seier Aarsæther. 

Ho rosar beredskapen her til lands, men seier at beredskap aldri kan byggjast for alt som kan skje.

 Difor understrekar ho at innbyggjarane må kunne ta vare på seg sjølv ei lita stund, ved tilfelle av uvêr eller straumbrot.

– Uansett kor mange sjukepleiarar, politi og brannvesen som styrtar til for å hjelpa, kjem dei alltid til å vera for få når noko stort skjer, seier Aarsæther. 

 Per Haugen / TV  2
Direktør i DSB, Elisabeth Aarsæther. Foto: Per Haugen / TV 2
Read Entire Article