Gjer du denne hagetabben kan du drepe hundrevis av «naboar»

3 weeks ago 28



– Her er det garantert mykje smådyr som ligg.

Det seier Ronja Aronsen Grumstad. Ho sit i den vesle hagen sin i Bodø og ruskar i gras og lauv.

Sjølv om våren har kome uvanleg tidleg til nord, har ikkje ho tatt opp eit einaste hagereiskap.

En pallekarm og noen hestehov i forgrunn. I bakgrunn en dame som sitter på huk.

Grumstad seier lauv og gamalt gras er eit vinterteppe for insekta i dvale. Når dei vaknar treng dei nektar frå blomster. Dei viktigaste blir av mange sett på som ugras.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

– Eg ventar med alt hagearbeid. Det er for å la naturen få lov til å gjere det han treng før eg begynner å rote i ting. Eg let det vere ein villnishage.

Det som ser ut som tørt lauv og rusk, kan nemleg vere både mat og ly for nokre ganske små, men viktige vesen: insekta.

Biolog: – Særleg kritisk for humla

Mange minnast summinga av insekt frå barndomen. Den lyden blir stadig svakare. Insekta som pollinerer plantar i jordbruket er nemleg i tilbakegang.

Det har konsekvensar for naturmangfald og matproduksjonen. Og hagen din.

– I haugar med gamalt lauv kan mange insekt finne på å overvintre. Fram til dei er klekt er det best å vente med hagearbeid. Særleg for humla er det kritisk. Dronninga overvintrar nemleg i haugane av kvist og lauv. Det er ho som skal starte nye bol no på våren.

Humle på perleblomst på Herøy

Humledronninga overvintrar i haugar av kvist og lauv. Det er ho som skal starte nye bol no på våren.

Foto: Laila S. Albrigtsen

Det seier biolog og insektforskar Gunnar Mikalsen Kvifte ved Nord Universitet.

– Om ein dronning går ut, mister ein eit heilt samfunn på hundrevis av individ i neste sesong, seier biologen.

Om du har frukttre eller bærbusk i hagen din, er det særleg dumt om hageavfallet ditt allereie ligg i ei lukka plastpose på veg til eit avfallsanlegg.

Gunnar Mikalsen Kvifte står ute i naturen. Han har en øyenstikker på hånden. Vi ser hånden og øyenstikkeren i forgrunnen. Gunnar har på seg svart t-skjorte og rutete skjorte.

Gunnar Mikalsen Kvifte slår eit slag for latskapen og meiner ein bør vente til ein ser insekt rundt seg før ein begynner å rake. Først då veit ein at dei er klekte.

Foto: Privat

– Humlene er dei beste pollinatorane vi har. Om du vil ha bær og frukt må vi har pollinerande insekt som kan hjelpe med det.

Også blomster kan bli påverka. Men det ser man først ved neste års blomstring.

Men også løpebiller er gode å ha i hagen. Dei et nemleg både egg og ungdyr av brunsnigel. Og som du kanskje gjetta: Dei overvintrar òg i haugar av kvist og lauv.

Løpebille på hyttetrappa i Leksvik

Løpebiller forsyner seg av både skadedyr, som sniglar og midd, og ugras i frukthagar og bed. Dette gjer dei til nokre av dei mest nyttige insekta i hagen vår.

Foto: Tor Beisvåg

Nokre merkar i kalenderen 1. mai for å begynne med hagearbeid. Men normalt meiner Kvifte det er for tidleg i Nord-Noreg.

– Ein fin peikepinn er å vente på både kvitveis og blåveis før du begynner. Det gjeld å følge med i hagen. Når du ser det begynner å krype og sverme har det meste klekt, seier biologen.

Kan bli ei insektfelle

Tilbake i Bodø er det viktig for Grumstad å jobbe på lag med naturen i alt ho gjer i hagen.

– Eg meiner vi bør vente litt med estetikken og vere litt audmjuk mot naturen, seier Grumstad og legg til:

– Om eg skal rake, rakar eg alltid alt oppi pallekarmane eller plantekassane eller i komposten.

En dame med hvit skjorte og grå ullgenser sitter på et kjøkken med en kaffekopp foran seg. I forgrunn er et rosa glass med hestehov i.

Ronja Aronsen Grumstad nyt heller våren, enn å starte hagearbeidet tidleg. Ho ventar for at insekta skal få tid til å vakne frå vinterdvalen.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

Men det er ikkje berre å ikkje rake bort insekta som er viktig, ifølge hageeigaren i Bodø. Det er òg viktig at dei har noko dei kan ete når dei vaknar.

Då meiner Grumstad det er viktig å vere klar over kva ein set i hagen.

– I verste fall kan ein setje ut ein blomster som kan vere sprøyta mykje. Då kan han tiltrekke seg mykje insekt, men vere ein felle og ikkje viktig mat og nektar.

En liten tekjele av plast ligger under en pallesofa i en hage

Ronja Aronsen Grumstad meiner det viktig å lære vidare til barna om samspelet mellom insekt og blomster og anna i hagen. Ho lærte dette frå sin far då ho var lita.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

Alt håp er ikkje ute – sjølv om du har raka

Og nettopp dette er sjølve hovudtanken til Mari Regine Holien som driv gartneri etter økologiske prinsipp i Bodø.

Utan sprøytemiddel må gartneriet følge litt nøyare med på blomane sine enn andre gartneri. Men det er det verdt.

En dame med svart genser og langt, lyst, krøllete hår løfter opp blomster i potter i gartneriet sitt.

Mari Regine Holien i Holiens gartneri seier at alt ikkje er tapt om du har raka bort insekta dine. Du kan lokke nye til hagen din med rett type blomster.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

Ho legg til at sprøytemiddel òg kan påverke anna liv, fordi det med tida blir skylt ut i havet.

Men om du allereie har raka i hagen er ikkje alt håp ut. Holien fortel at det er visse blomster som kan lokke insekt tilbake, slik at dei kan hjelpe deg med pollineringa.

– Hovudregelen er store, fargerike blomster. Det likar insekta.

Gule blomster, Bidens, på Holien gartneri i Bodø

Fargerike blomster, som desse gule bidens-blomane, kan lokke insekt til hagen din, og du har raka vekk lauv, gras og kvist allereie

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

Gartnaren foreslår til dømes blomen bidens. Slik namnet tyder er det ein blomster som særleg bier liker godt.

– Eit anna fint tiltak er å ha eit inntektshotell i hagen, slik at du veit at du alltid har tilgjengeleg ein plass der insekt kan bu og vere.

Publisert 25.04.2026, kl. 10.54

Read Entire Article