– Ler dei av oss? undrar amerikanske Nick.
Han er ein av dei NRK møtte i Los Angeles før USAs kamp mot Tyrkia i gruppespelet.
I bakgrunnen syng resten av det amerikanske supporterhavet: «USA, USA, USA».
Same kor du går når USA spelar kampane sine, høyrest det same ropet: På pub, utanfor stadion, inne på tribunane eller i gatene.
– Vi har ikkje noko betre, sa ein av dei mange supporterane NRK møtte før kampen mot Australia i Seattle.
No blir supporterane også latterleggjorde.
BRYR SEG IKKJE: Bryce er likegyldig til kva andre synest om USA-supporterane sine heiarop.
Foto: Vegard Blodstrupmoen Lien / NRK– Vi er ikkje europearar
I sosiale medium blir USA-supporterane hengde ut for deira kjedelege og lite kreative utspel.
«We support the US, US, US, and thats the way we like it, like it, we love it!», «We believe that we can win» og «Go defence» er nokre av heiaropa som amerikanarane får tyn for.
Likevel er det heiaropet «We believe that we will win» som plagar dei kjende NFL-brørne Travis og Jason Kelce.
I sin eigen podkast seier Kelce at det er «det mest tapar-ropa eg nokosinne har høyrt i heile mitt liv».
I England har avisa The Independent prøvd å gå vitskapeleg til verks i kvifor veldig mange oppfattar amerikanske heiarop for «cringe».
The Sun skriv at dei blir hengde ut av sine eigne landsmenn for «jævlig rare rop».
«CAKE OR FAKE? «: Amerikanarane er sikre på at dei vil oppleve det ekte trofeet VM-trofeet allereie i år.
Foto: Vegard Blodstrupmoen Lien / NRK– Er du einig med kva som blir sagt?
– Eg er heilt einig. Vi anar ikkje korleis vi lagar eit godt heiarop, svarer Tony, ein av USA-supporterane NRK har snakka med.
– Eg har litt å seie om dette faktisk. Det vi presterer på tribunen er ikkje bra. Vi har ingen gode heiarop. Vi er ikkje europearar som kjem frå Premier League – vi må finne noko anna vi kan vere gode på, kunngjer Bradly.
– Det går ikkje an
Zach Elfrand, skribent i The New Yorker kallar ropa for «tåpeleg positive».
– Sjølv vi amerikanarar er flaue over våre eigne heiarop. Eg trur folk som er her for første gong tenkjer jo berre at amerikanarar ikkje er noko særleg gode til å heie, seier Elfrand til NRK og fortset.
– Men i college-idrett er det faktisk mykje betre heiarop, sjølv om dei kan vere ganske vulgære.
Liverpools «You’ll Never Walk Alone» og Romas «Roma, Roma, Roma» er til samanlikning to eksempel på verdskjente kjenneteikn på tribunekultur.
NRKs Aleksander Schau, er ein av dei som stiller seg bak kritikken på USA-supporterane.
– «Heia forsvar», altså det går ikkje an, seier Schau og fortset:
– Dei har eit veldig godt lag, men på heiarop er dei veldig svake.
Det norske ro-ropet har blitt ein global trend, som verkeleg sett dei norske supporterane på kartet.
JA ELLER NEI?: I USA-leiren blir moglegheitene nytta så mangt.
Foto: Vegard Blodstrupmoen Lien / NRK– Det har ingenting å seie
Sjølv om enkelte amerikanarar innrømmer lite kreative heiarop, er andre ueinige.
– Vi har dei beste heiaropa, du får ikkje betre. Kva er grunnen til å byte ei vinnaroppskrift? Spør ein gutegjeng NRK snakka med.
– Heiaropa våre er kjappe og enkle og held publikum i gang. Det har ingenting å seie kva folk seier, for første gong i historia kjem vi til å bli verdsmeistrar i fotball, hevdar Bradly.
Einig eller ei, så har faktisk USA nesten like stort vinnarsjanse som Noreg. Berre 0,2 prosent skil laga, med Noreg så vidt framfor.

Kan Norge vinne vm?
Joda, håpet bare vokser og vokser.
Antonee Robinson spelar til dagleg i den engelske klubben Fulham, og er ein del av USAs VM-tropp.
– Korleis vil du beskrive forskjellen i supporterkulturen mellom USA og Europa?
– Eg legg ikkje så mykje merke til dei spesifikke songane som blir sunge, det er meir at du høyrer lyden og energien frå publikum, svarte Robinson NRK.
Også midtstopparen Chris Richards spelar i engelske Premier League for Crystal Palace.
– Dette er folka mine! Eg kjenner meg meir elska. England har ein god supporterkultur, men her er det råare. Vi elskar sport, alle typar sport, så det er fint å sjå alle her som kanskje gir oss den ekstra prosenten, fortalde Richard til NRK.
Richards: 18 spelarar i den amerikanske VM-troppen spelar i Europeisk fotball.
Foto: AFPMøter motstandar frå Balkan
USA har tidvis briljert på heimebane hittil i VM. Dei toppa gruppa si med to sigrar over Australia og Paraguay, men tapte siste gruppespelkamp mot Tyrkia.
På torsdag er det Bosnia-Hercegovina som står for tur i første utslagsrunde.
Bosnia gjekk vidare som ein del av kvoten til dei beste tredjeplassane til gruppespela.
USA skal i utgangspunktet vere klare favorittar mot laget som ligg rangert som nummer 61 på Fifa-rangeringa. USA ligg på 15.-plass.
– Vi kjenner ikkje på så mykje press, uttalte USA-kaptein Tim Ream i kjølvatnet av oppgjeret til The Guardian.
I førre utgåve av verdsmeisterskapen i fotball i 2022, kom USA til åttedelsfinalen der Nederland vann 3–1.
Publisert 01.07.2026, kl. 21.29










English (US)