– Eg er veldig fornøgd med det resultatet me har fått, seier ordførar Paul Asphaug.
Han er ordførar i den vesle kommunen Hemnes, sør i Nordland.
Kommunen med rundt 4.500 innbyggjarar er også ein av dei største vasskraftkommunane i Noreg.
Og vasskrafta var ein av grunnane til at selskapet Fuella ville byggje ein ammoniakkfabrikk i Hemnes.
Selskapet hadde planar om å investere kring 7 milliardar kroner i prosjektet, som skulle gi rundt 100 nye arbeidsplassar.
Paul Asphaug
Ordførar i Hemnes kommune (Sp).
Protestar og lovnadar
Men vegen har vore kronglete. Det har blant anna vore protestar både frå reindriftsnæringa og befolkninga.
Fabrikken skulle nemleg liggje i Sundmarka, eit populært friluftsområde.
For å kunne realisere planen var Fuella avhengige av to ting:
- Tilgang på straum frå Statnett.
- Og at tomta dei ville bruke blei omregulert frå friluftsområde til næringsareal.
Statnett hadde faktisk reservert nettkapasitet for 560 MW til prosjektet. Det tilsvarar straumen til kring 110.000 husstandar.
Den største reservasjonen i Noreg.
Men i april valde Hemnes kommune å droppe omregulering av den aktuelle tomta.
Då blei det vanskeleg å jobbe vidare med ammoniakkfabrikken.
Trakk tilbake lovnadane
Og ettersom arbeidet med fabrikken sto i ro, har Statnett no trekt tilbake lovnadane om nettkapasitet.
– Det har vi gjort fordi prosjektet har blitt vesentleg endra og forsinka, skriv Olivia Knudsen i Statnett i ein e-post til NRK.
I eit brev til Fuella skriv Statnett blant anna at avgjere om å fjerne ammoniakkprosjektet frå arealplanane i Hemnes også har spilt ein viktig rolle i vedtaket.
Dagleg leiar i Fuella, Cornel Russi, seier at han er skuffa over Statkraft sitt vedtak, men forstår avgjera.
– Statnett gjere berre jobben sin, det respekterer eg, seier Russi.
– Me har ikkje tatt stilling til vedtaket frå Statnett enno. Me må vurdere kva me skal gjere vidare, om me vil klage eller ikkje.
Fuella har nyleg fått løyve til å opprette eit anlegg i Vestland. Dei planlegg også to fabrikkar i Brasil og ein ammoniakkfabrikk i Canada.
– Europa og verda treng grøn-ammoniakk til mellom anna gjødselproduksjon. I dag må Europa kjøpe ammoniakk frå Russland, fortel Russi.
Statnett fortel vidare at nettkapasiteten som var lova til Fuella sitt prosjekt i Hemnes i utgangspunktet blir fristilt for andre industriprosjekt.
Håpar på datasenter
– Dette vil ha betydning for prosjekt i kø på Helgeland, skriv Olivia Knudsen i Statnett.
– Før vi kan sei noko om kva for prosjekt som kan få reservert kapasitet, må vi gjere ein vurdering av nettsituasjonen og tilgjengeleg kapasitet i området, og i dei aktuelle transformatorstasjonane på Helgeland.
Ordførar i Hemnes, Paul Asphaug, håpar at den lova nettkapasiteten som skulle gå til Fuella no kan gå til eit anna prosjekt.
Nscale jobbar nemleg for å byggje eit senter for datalagring i Korgen.
Varaordførar Bjørn-Terje Nilssen forklarar at det meste er klart for å starte det prosjektet.
– Tomta ligg klar som næringsareal. Så det meste er på plass for at nokon kan sette spaden i jorda, seier Nilssen.
– Det skal sjølvsagt vere nokre utgreiingar, men mogelegheitene er der.
Publisert 02.07.2026, kl. 18.47






English (US)