– Godt skrive, skarpt observert

6 hours ago 1



Ein irriterande, amerikansk podkastvert, ein veslevaksen ungdomspolitikar og store spørsmål om identitet er alle ingrediensar i ein ny, tankevekkande roman frå Maren Skolem.

Maren Skolem, som også skriv for tv og film, er aktuell med sin andre roman for vaksne. Foto: Karina Ronning / Karina Rønning_Studio Elisenberg

Publisert: Publisert:

For mindre enn 10 minutter siden

 5 out of 6

Maren Skolem: «Ingen har sett historien din». Roman. 303 sider. Gyldendal.

Eg føler meg nesten inhabil når eg skriv om ei Maren Skolem-bok, ikkje fordi eg på nokon måte kjenner forfattaren, men fordi bøkene ho skriv alltid endar opp med å bli store favorittar. Derfor nølte eg nesten med å opna «Ingen har sett historien din». For høgtflygande forventningar endar ofte med ei krasjlanding. Heldigvis leverer Skolem varene.

Foto: GNF

Jamie reiser frå USA til Norge for å rømma frå eksen sin tv-serie og samstundes laga podkast om forfedrane som utvandra frå Norge til USA. Øystein er ein veslevaksen ungdomspolitikar som gjer alt han kan for å verna systera Heidi mot deepfake hemnporno, og mora til Øystein og Heidi, Ylva, begynner å lura på om graset kanskje er grønare på andre sida.

Handlinga er ikkje like klaustrofobisk og kjensleladd som i dei andre bøkene til Skolem, men eg slit etter kvart med å legga frå meg boka. Det er fordi Skolem er ein meister i å ikkje fortelja meg kva eg skal føla, men gjennom godt språk og skarpe observasjonar gjer scenene levande. Eg kan kjenna at eg sitrar av irritasjon når Jamie møter Ylva for første gong, men konstant kikkar ned på mobilen og ikkje klarer å vera til stades i samtalen. På same måte er det umogleg å ikkje himla med auga når Jamie i ein middag set fram ein bandopptakar og byrjar å ta opp samtalen til podkasten sin. Praten etter det flyt like bra som smalltalken i «Mesternes mester».

Skolem fortel meg heller aldri at karakterane hennar er upålitelege, men konturane av eit persongalleri som ikkje alltid fortel heile historia kjem stadig tydelegare fram utover i boka. Eit av ankepunkta mine i starten var at mannen til Ylva, Roar, ikkje var skildra tydeleg nok som karakter. Eg fekk ikkje noko inntrykk av kvifor Ylva var så kritisk til Roar, men når Roar endeleg kjem på banen er det umogleg å ikkje få sympati med han, og eg forstår at her har Ylva teikna et feilaktig bilete av ektemannen sin.

Endå tydelegare blir det i Jamie sitt tilfelle, at han er ein feilbarleg hovudperson som fortel historia om seg sjølv selektivt. Dessverre er det òg historia om Jamie som gjer at eg ikkje er like overtydd om kvalitetane i romanen som i dei andre bøkene til Skolem, for akkurat her blir snuoperasjonen såpass tydeleg og uttalt at det ikkje står i stil til den meir diskrete dultinga i retning av auka innsikt som elles driv boka.

Den raude tråden som bind alle karakterane og historiene saman, er spørsmålet om korleis omverda ser på oss og i kor stor grad me let andre sitt syn påverka korleis me handlar. For er andre sine historier om oss sanne, eller skal me tru meir på vår eiga historie om oss sjølv? Særleg i forholdet mellom Heidi og Øystein og mellom dei og deira medelevar blir dette spørsmålet relevant. Det kan verka banalt, men i teknokratitidsalderen me lever i, er spørsmål om identitet og kva historie me ønsker å fortelja om oss sjølve, meir relevant enn nokon gong. Det klarer Skolem å få fram med stil.

Noko anna som er unikt med «Ingen har sett historien din», er truverdet Øystein har som forteljar. Eg tenkte på eit tidspunkt at det kjentest litt som å lesa ein ungdomsroman då eg las boka frå hans perspektiv, men det tener til Skolem si ære, for nettopp ungdomsperspektivet kjem ikkje godt nok og truverdig nok fram i romanar for vaksne. Me ser alltid ungdommane frå dei vaksne sitt perspektiv eller i eit vaksenspråk som er så langt frå korleis ungdommane tenker og snakkar at det blir distansert. Her skil denne romanen seg positivt ut, og eg utfordrar deg til å lesa han utan å få større forståing for utfordringane ungdommar står i dag.

Publisert:

Publisert: 30. mars 2026 19:00

Read Entire Article