Dei som ein dag reklamerer for augeskygge, fortel neste dag om eiga ammereise eller gir råd om søvntrening.
Publisert: 10.05.2026 10:00
Det er ikkje eit stort problem at ein påverkar legg ut heile fødselen på sosiale medium. Utfordringa er informasjonstrykket gravide møter kvar gong dei opnar ein app på mobilen.
Som førstegongsgravid har det vist seg umogeleg å skjule for dei store plattformene at eg er på veg inn i ein ny livsfase. Berre i dag har eg fått opp innlegg som skal gi meg råd om ernæring, korleis eg skal preppe til barseltida, korleis eg skal trene for å vere best førebudd til fødsel, kva fødselsposisjon som gir minst risiko for rivning og, provoserande nok, om å kutte kaffi heilt av omsyn til barnet.
Bagatelliseres
Camilla og Julie Lorentzen, som valde å legge ut heile fødselen til førstnemnde på Snapchat, har fått mykje kritikk dei siste vekene. Tidlegare har påverkarar som Ulrikke Brandstorp og Karianne Spetalen blitt kritiserte for å invitere følgjarane med inn på sjukehuset. Eg er ikkje ein stor forkjempar for å tene pengar på å eksponere livet til personar utan samtykkekompetanse, men eigen graviditet har vist at problema knytte til sosiale medium og graviditet er langt større enn dette.
Det handlar om at Instagram, TikTok og Snapchat gjer graviditet til ein hobby på lik linje med interiør, strikking eller sminke. Dei som ein dag reklamerer for augeskygge, fortel neste dag om eiga ammereise eller gir råd om søvntrening. Graviditet blir ein livsstil som skal seljast.
Gravide blir utsette for eit enormt informasjonstrykk. Fødselshistoria til Lorentzen kjem i tillegg til råd om riktig sovestilling, detaljerte lister over kva eg skal ete dag for dag, og innlegg av typen «dette vil du aldri få vite av helsepersonell». I mangel på ansvarlege redaktørar er det kvinner med hormonsvingningar, bekkenløysing og kynnarar som må sile mellom nyttig informasjon og desinformasjon. Sjølv for den mest rasjonelle gravide kan slikt innhald gjere ein usikker på eigne val på ein dårleg dag.
Eit forbod mot bruk av barn i marknadsføring på sosiale medium er ei løysing, men det vil ikkje vere nok til å stilne støyen. Kanskje må helsemyndigheitene bruke meir ressursar på informasjon? Kanskje må påverknad frå sosiale medium bli ein del av samtale med fastlege eller jordmor? Det er likevel vanskeleg å krevje at eit allereie pressa helsevesen skal bruke tid på å demme opp for bruk av sosiale medium.
Ansvar
Det kan vere me må vurdere å få erfaringskompetanse òg inn i svangerskapsomsorga, slik at ein kan snakke ansikt til ansikt med andre som har født, i staden for å måtte ty til påverkarar som mest av alt er ute etter å selje produktet sitt. I ei tid der fødselstala går ned, er det langt frå sikkert at alle har tilgang på personar med fødselserfaring i nærmaste omgangskrets.
Det kan likevel hende at det enkle, men likevel vanskelege svaret er ansvarleggjering. Me må ansvarleggjere påverkarane og krevje at dei reflekterer over eiga rolle. Ei personleg historie blir verande ikkje nødvendigvis personleg når du har fleire tusen følgjarar som følgjer slavisk med på kanalen din.
Og så må eg ansvarleggjere meg sjølv. Eg må logge av og nyte ro og stille. For til no er det ikkje noko av det eg har sett, som vil gjere meg til ei betre mor. Tvert om bidreg den konstante støyen til at eg blir ei mor som er meir oppteken av skjerm enn av å skjerme meg sjølv.

2 weeks ago
8






English (US)