Gullhelten frå OL har «alltid» mat i munnen – det er det ein grunn til

3 hours ago 4



Maren Hjelmeset Kirkeeide har lagt bak seg ein fantastisk sesong. I desember tok ho sin første verdscupsiger. Og i OL skaffa ho seg fleire medaljar.

Men kva er hemmelegheita bak suksessen? Kan svaret liggje i det ho gjer med ein gong ho går over målstreken?

– Det er jo viktig å få i seg litt mat med ein gong, seier Kirkeeide.

Kometen har difor gjort det til ein vane å alltid ha ein nistepakke på lur.

– Det er ikkje alltid ein veit kor lang tid ting tek og kva ein har tilgjengeleg. Det er lurt å ha litt på lur i tilfelle ein blir svolten, forklarar Kirkeeide.

Et medlem av en sportslag sitter i nærheten av en konkurransearena. Personen har på seg en mørk jakke og holder en gjenstand i hånden. Bakgrunnen viser en uklar scene med utendørs elementer, som antyder at det er en vinteraktivitet. Lyssettingen gir en stemning av konkurranse og fokus. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

MUNNEN FULL: Men denne gongen med gull, frå då ho vann sprinten i OL.

Foto: Heiko Junge / NTB

«Går alltid med mat i munnen»

Etter målgang blir det fort travelt for utøvarane. Dei må skifte klede raskt før dei går vidare til pressesona for å møte journalistar.

Skiskyttarkvinnene understrekar kor viktig det er å prioritere mat i det tidsrommet.

– Akkurat det der skal faktisk Maren ha veldig kudos for. For det er ikkje alltid ein har matlyst etter målgang, men ho er ei som alltid går rundt med mat i munnen. Ho er flink til å få i seg mat, seier Juni Arnekleiv og held fram:

– Det er fort gjort å gløyme, spesielt viss du har gjort det bra, at du skal få i deg næring og drikke og gjere deg klar til neste skirenn, legg Arnekleiv til.

Marthe Kråkstad Johansen (f.v.), Patrick Oberegger, Juni Arnekleiv og Maren Hjelmeset Kirkeeide under pressetreff på Beitostølen

MAT: Kirkeeide et mat i lag med lagvenninne hausten 2024.

Foto: Hanne Skjellum / NRK

Lagvenninnene forklarar at kvar gong Kirkeeide opnar lommene eller ein bag, så ramlar det ut mat.

– Der er faktisk Maren eit veldig godt førebilete. Ho har alltid med seg niste og mat på innerlomma. Det er noko me må lære av, seier Marthe Kråkstad Johansen.

Sjølv om nistepakka kjem raskt fram, rekk ikkje Kirkeeide alltid å svelgje unna før ho står framfor pressa.

– Ein blir jo piska inn i pressesona. Dei vil jo ha oss inn så fort som mogleg. Så står ein der, og så har du skifta, og så skal du ete litt, og så blir ein berre kasta vidare. Ein kjem alltid med litt mat i munnen, eg er litt treg til å tygge i tillegg. Då blir det ofte slik at eg må stå og tygge litt før eg kjem i gang, seier Kirkeeide.

Kvifor er det så viktig?

Jorunn Sundgot-Borgen, professor ved Noregs idrettshøgskole, gir den unge skiskyttaren skryt for prioriteringane.

– Struktur og gode ernæringsrutinar er ein viktig del av toppidrett. Mange veit at det er viktig, men det er ikkje alltid like lett å gjennomføre når ein er sliten etter eit renn og det skjer mykje rundt ein. Det krev planlegging og rutinar. At ho alltid har mat tilgjengeleg og et med ein gong, er eit teikn på gode rutinar, seier Sundgot-Borgen.

Jorunn Sundgot-Borgen ved Norges Idrettshøgskole

EKSPERT: Jorunn Sundgot-Borgen er professor ved NIH.

Foto: Anders Boine Verstad / NRK

Også lagvenninnene til Kirkeeide er klare på kor viktig det er:

– Det er å halde oppe energinivået, då. Det kostar å gå skirenn. Me går mange skirenn i løpet av ein sesong, så å halde oppe energinivået er kjempeviktig, forklarar Arnekleiv.

Eksperten er tydeleg på kva som skjer, om ein ventar for lenge med å ete:

– Mange mistar appetitten etter veldig harde konkurransar. Viss ein då ventar lenge med å ete – til etter intervju, dusj og transport tilbake til hotell – kan det bli vanskelegare å dekkje energibehovet. Over tid kan det påverke både restitusjon, helse og prestasjon, seier Sundgot-Borgen.

Publisert 07.03.2026, kl. 07.41

Read Entire Article