Gut (16) sikta for forsøk på drapsplanlegging: Har band til Sverige

1 day ago 7



Guten har sitte varetektsfengsla sidan 16. mai, sikta for det som blir kalla «forsøk på forbund om drap».

I dette ligg det at to eller fleire personar har blitt samde om å utføra eit drap.

Torsdag stadfester politiadvokat Jørgen Henriksen til NRK at det var svensk politi som først varsla Kripos, som igjen varsla Vest politidistrikt.

Politiadvokat Jørgen Henriksen

STADFESTER: Politiadvokat Jørgen Henriksen seier svensk politi varsla om saka.

Foto: Lidvard Sandven / NRK

Henriksen seier det dreier seg om ting guten har vore involvert i på nett.

– Me kan stadfesta at det dreier seg om ein annonse på nettet.

Tidlegare har svenske gjengkriminelle lagt ut annonsar på nett, der dei søkjer etter unge folk som kan gjera kriminelle oppdrag for dei.

Henriksen vil ikkje seia noko om eventuelle band til svenske kriminelle gjengar, som Foxtrot-nettverket.

Etterforskinga held fram

Guten har dei siste åra vore under barnevernets omsorg, og bur på ein institusjon i Vestland fylke, skriv Bergens Tidende.

Politiet vil førebels ikkje seia om dei trur det er guten som har lagt ut annonsen, eller om det er andre.

– Me prøver framleis å finna ut om dette er ein reell annonse, eller om det berre er tull. Me prøver også å finna ut kven som har lagt ut annonsen, og held alle dørene opne, seier Henriksen.

Han legg til at politiet tek saka på største alvor.

Ber ikkje om vidare fengsling

Guten har tidlegare vore etterforska for fleire trugsel- og valdssaker, skreiv BT i førre veke.

Guten er varetektsfengsla fram til fredag, men politiet vil ikkje be om vidare fengsling.

Bakgrunnen er at det ikkje lenger er fare for øydelegging av bevis, seier Henriksen.

Forsvarar Tiril Røkke har tidlegare fortalt til NRK at klienten hennar ikkje vedgår straffskuld i saka.

En kvinne med blondt hår, kledd i mørk blazer og silkeskjerf, ser mot kamera. Bak henne, på en lys vegg, henger et emblem. Rommet ser ut til å være et kontor. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

FORSVARAR: Tiril Røkke representerer den 16 år gamle guten.

Foto: Oskar Rennedal / NRK

Publisert 21.05.2026, kl. 14.10

Read Entire Article