Gutar i tenåra skal ha planlagt drap – ein tatt på Gardermoen

1 month ago 28



Sør-Vest politidistrikt arresterte torsdag 13. mars ein gut i midten av tenåra og sikta han for brot på straffelovens paragraf 279 som handlar om drapsforbund, altså det å planlegge eit drap.

Guten blei varetektsfengsla i ei veke med brev- og besøksforbod i Sør-Rogaland tingrett fredag 14. mars.

Kripos overtok same fredag ansvaret for etterforskinga av saka.

Kven planane skal ha vore retta mot, er ikkje kjent.

Kripos: – Alvorleg sikting

Gjennom helga har Kripos etterforska med ressursar i både Stavanger og Oslo. Agder og Vest politidistrikt har også hjelpt til i etterforskinga.

– Søndag kveld blei ein annan gut i midten av tenåra arrestert, sikta etter same paragraf og i same sakskompleks, seier politiadvokat John Ivar Johansen ved Kripos.

Guten blei arrestert i Oslo, og vil bli framstilt for varetektsfengsling i løpet av måndag.

– Dette er ei alvorleg sikting, og etterforskinga held fram med full styrke, seier Johansen.

Ein tatt på Gardermoen

NRK har vore i kontakt med advokatane som forsvarar dei to sikta gutane. Dei stadfester at begge dei sikta er norske, men utover det har ikkje forsvararane mykje å seie.

Jørund Lægland, forsvarer

Jørund Lægland forsvarer guten som blei tatt på Gardermoen sundag.

Foto: Julie Wentzel Frøland / NRK

Stian Kristensen forsvarer guten som er i varetekt. Kristensen har førebels ingen kommentar til saka.

Jørund Lægland forsvarer den andre sikta i saka, guten som blei tatt sundag kveld.

– Klienten min var inne til eit innleiande avhøyr i går kveld, og det vil halde fram i dag, seier han.

Lægland seier klienten hans blei arrestert på Gardermoen.

Publisert 17.03.2025, kl. 09.22 Oppdatert 17.03.2025, kl. 09.59

Read Entire Article