Hærverk på fleire bilar igjen: – Eg er heilt sjokkert

1 day ago 7



– Det er bulkar i bilane og mange vindauge er knuste. I eit av køyretøya sto et trafikkskilt gjennom frontruta på bilen.

Det sa operasjonsleiar Trond Hangaas i Trøndelag politidistrikt på fredag. Då hadde sju bilar ved Slatlem bil i Trondheim blitt utsette for skadeverk.

Og berre to dagar seinare, skjedde det igjen.

– Det har blitt gjort skadeverk på elleve bilar. Og det skal ha skjedd i dag, på tidleg ettermiddag, seier operasjonsleiar Martin Hammervik Aarhoug til NRK, søndag.

– Kva type skadeverk er det på bilane denne gongen?

– Det er knuste ruter. Det er litt det same som fredag, svarar Aarhoug.

Totalt har altså 18 bilar blitt utsett for skadeverk ved bilforhandlaren i helga. På fleire av bilane har det blitt brukt stein for å knuse rutene.

– Eg er heilt sjokkert

Dagleg leiar ved Slatlem bil, Morten Gundersen, seier det er snakk om betydelege skadar på ruter og karosseri.

– No skal eg ringe og gje dei ein utruleg kjedeleg beskjed inn mot pinsehelga. Eg synest det er trist, sa han fredag.

Og søndag, må han gjere dette igjen.

– Eg er heilt sjokkert. Eg trudde ikkje det var sant at ytterlegare bilar har blitt vandalisert, seier han søndag.

Han fortel at det er same type hærverk som har blitt gjort begge dagane.

– Det er rett og slett heilt sjokkarta. Mest på vegner av kundane, for mange av bilane som er øydelagde er kundebilar.

Ingen mistenkte

Fredag sikra politiet gjenstandar frå staden og oppretta straffesak.

Søndag er dei tilbake same stad for å sikre fleire bevis.

– No er vi på staden for å undersøke, dokumentere skadane og prøve å sjå om det er nokre spor på staden som kan fortelje oss kven dette er, seier Aarhoug.

Aarhoug seier politiet ikkje har nokon mistenkte.

– Det er ei sak som er under etterforsking, seier han.

– Veit de om det er dei same gjerningspersonane som har utført skadeverket begge dagane?

– Det er for tidleg å spekulere i om det er dei same personane som står bak, svarar operasjonsleiaren.

Politiet er ferdig på staden 18.36 søndag og opprettar sak.

Slatlem bil ligg aust i Trondheim.

Ber om tips

Gundersen ved Slatlem fortel at hærverket har skjedd i dagslys og håpar folk som har sett noko, kan bidra med å oppklare kven som har gjort dette.

– Viss det er nokon som har opplysingar eller som har sett noko, ber vi om at dei tar kontakt med oss eller politiet.

Han fortel at dei no vil sette i verk fleire tiltak, som videoovervaking, for å førebyggje mot at det skal skje igjen.

– Alt av observasjonar er vi takksame for å få vite om. Vi ligg rett ved ein trafikkert veg så det er mange som kan ha sett noko, legg Gundersen til.

Publisert 24.05.2026, kl. 18.03 Oppdatert 24.05.2026, kl. 19.00

Read Entire Article