– Har tidlegare vist at ho er ein god forfattar

2 hours ago 1



Kvinner som blir bergtatt, er eit gjentakande tema i «Den andre sida av elva». Forfattar Therese Tungen burde fokusert meir på å bergta lesarane.

Therese Tungen blei nominert til EUs litteraturpris for novellesamlinga ho gav ut i 2019. Foto: Agnete Brun/Aschehoug

Publisert: Publisert:

For mindre enn 10 minutter siden

 3 out of 6

Therese Tungen: “Den andre sida av elva”. Roman. Aschehoug. 412 sider.

Hovudpersonar som reiser tilbake til heimplassen sin, er ein mildt sagt vanleg start på ein roman. Eg har etterkvart lært meg å vera skeptisk til plott kor hovudpersonar returnerer til bygda dei vaks opp og så utløyser ei rekke hendingar. Alt for mange av romanane som startar med dette, held ikkje det dei lover, og enten skjer det for lite, eller så skjer det så mykje at eg blir heilt svimmel.

«Den andre sida av elva» hamnar i sistnemnte kategori. Karnanne Amundsen rømmer frå ein utru ektemann i Oslo og heim til Tverrbygda. Ho har knapt vore heime sidan systera Alicia døydde for tretti år sidan. Politiet konkluderte med at dødsfallet var ei ulukke eller eit sjølvmord, men Karnanne har alltid trudd at nokon stod bak dødsfallet. Derfor er det heller ikkje alle som står og ønsker henne hjarteleg velkommen når ho flyttar inn i huset til faren.

Historia vekslar mellom nåtid og fortid. Gjennom tilbakeblikk på Sankthansaftan for tretti år sida, får lesaren vita meir og meir om korleis Alicia døydde. Karnanne finn spor i papira faren har spart på og når ho snakkar med slekt, vener og uvener i bygda. Samtidig som ho prøver å finna ut korleis systera eigentleg døydde, finn ho òg ut at ho kanskje skal ta opp mastergraden igjen og gå tilbake til å studera segn om bergtatte kvinner. Det er imponerande dedikasjon for ein hovudperson som allereie står midt i fleire kriser.

Overordna er ikkje «Den andre sida av elva» ei dårleg bok. Språket flyt godt, og Tungen vekslar saumlaust mellom svært god nynorsk og dialogar på dialekt. Andre forfattarar bruker kanskje enkelte dialektord for å signalisera at ein eller fleire av karakterane snakkar på ein spesiell måte, men Tungen er heilt konsekvent i bruken, og det gjorde at eg kjente på ein nærleik til omgjevnadane og karakterane.

Sjølv om romanen imponerer på det språklege, er det store manglar i oppbygginga av historia. Det tar altfor lang tid før det skjer noko i nåtid som har konsekvensar for forteljinga. For det meste sit Karnanne i faren sitt hus og tenker. Kanskje reiser ho ned og besøker faren på sjukeheimen eller snakkar med nokon andre, men det går uendeleg treigt. Når noko først begynner å skje, er det ofte distraksjonar som har lite å seia for hovudplottet.

Endå verre er det at ho stadig vender tilbake til nøyaktig dei same hendingane. Det kjem fram fleire og fleire detaljar, men det er grenser for kor mange gonger eg klarer å lesa om det. Særleg den eine hendinga har store konsekvensar for hovudpersonen og livet hennar vidare, men det blir i overkant mykje dveling ved dette, og det gjer at opprullinga av kva som skjedde ikkje får effekten det kunne hatt.

Tungen klarer på litt over 400 sider å få med både bygdesladder, festkultur på bygda, valdtekt, korrupsjon, småkongar, romantikk og alkoholisme. Problemet er at det flyt ikkje. I plassen verkar det overlessa og fører til at avsløringa av kva som skjedde med Alicia forsvinn i eit stort sluk av hendingar og tematikkar.

Og dei bergtatte jentene som Karnanne les om? Tungen prøver å skapa ein parallell til det som skjedde med Alicia, men eg slit med å kopla det saman. I plassen bidreg det til å skapa endå meir kaos i eit allereie uoversiktleg plott.

Tungen er ein god forfattar. Det har ho vist tidlegare, og i enkelte parti i «Den andre sida av elva» kjem desse kvalitetane fram. Det eg sit igjen med er likevel at boka hadde hatt godt av ein slankekur.

Publisert:

Publisert: 27. januar 2026 07:46

Read Entire Article