Hedda er del av ein «babyboom» i nord: – Vi får sjå om det blir fleire

1 hour ago 1



– Det er berre gledeleg at det blir fødd fleire barn. Og enno betre at det blir fleire i Nord-Noreg.

Det seier Maja Olavsen. Ho er mor til vesle Hedda, som er hennar andre barn.

En mor med grønn genser og mørkt hår holder en baby med blå body.

Maja Olavsen i Bodø har førebels to barn. Vesle Hedda er den andre. Men det kan godt vere ho vil ha fleire.

Foto: Ola Helness / NRK

– Det er kjekt å ha eit søsken. Difor blei det to, så får vi sjå om det blir fleire.

Hedda er del av ein liten babyboom i Nord-Norge. I Helse Nord har det nemleg vore ei auke i fødselstalet på 4,6 prosent.

Men det er ikkje berre i nord at det kom fleire barn til verda. Talet på fødslar auka i heile landet i 2025.

Midt i ein babyboom

Førebelse tal frå Medisinsk fødselsregister viser at det vart fødd 55.847 barn i fjor. Dette utgjer ei auke på 2,5 prosent samanlikna med 2024. Det vil seie 1375 fleire barn.

– Aukinga vi såg i 2023 og 2024 heldt fram også i 2025, seier Liv Cecilie Vestrheim Thomsen. Ho er overlege ved Medisinsk fødselsregister i FHI.

Om ein går tilbake til botnåret 2022 ser ein auke på 7,3 prosent nasjonalt samanlikna med 2025.

Liv Cecilie Vestrheim ser i kamera

Overlege ved Medisinsk fødselsregister i FHI, Liv Cecilie Vestrheim Thomsen, ser på fødselsstatistikken for 2025.

Foto: Sofie Skumsnes / NRK

Thomsen fortel at auken var størst i Helse Nord og Helse Sør-Aust, sjølv om talet på fødslar òg auka i Midt-Noreg og på Vestlandet:

  • Helse Nord: auke på 4,6 prosent
  • Helse Sør-Aust: auke på 2,9 prosent
  • Helse Midt: auke på 1,6 prosent
  • Helse Vest: auke på 1,5 prosent

– I mange år har vi jobba med søkkande fødselstal. Det ser ein også ute i verda. Men dei siste tre åra har dei gått litt opp i Noreg.

– Kvifor går tala opp, trur de?

– Dei store barnekulla på 90-talet er no i ein alder der dei vil bli foreldre. Det kan vere årsaka til at det nett to blir fleire barn.

Det er klart flest fødande mellom 30 og 34 år.

– Rekordår

– Fjoråret var veldig travelt.

Det seier barnepleiar på Nordlandssjukehuset, Charlene Jørgensen.

– Vi fekk eit rekordår, så det merkast at det var stor pågang, og mange som fødde samtidig.

I Bodø har det vært en økning på seks prosent i fødselstallet for 2025.

Ola Helness

Allereie i desember i 2025 hadde sjukehuset tatt imot 1000 barn. Det var det høgaste fødselstalet sidan 2009.

Sjølv om det var mykje å gjere, var det først og fremst fint, legg jordmor Thea til.

– Det er veldig hyggeleg at det kjem til så mange nye borgarar her i nord.

Og det er spesielt ei tid på året som er mest travel.

Flest fødd i ferien

Heile 31 av dei 43 fødeinstitusjonane i landet hadde høgare fødselstal i 2025.

Ullevål sjukehus ved Oslo universitetssjukehus, som har flest fødslar i Noreg, hadde den største auken blant dei store institusjonane, med 6 prosent fleire fødslar i 2025 enn i 2024.

En baby med turkis smokk ligger i en vognpose og døser.

Vesle Sigrid er tredje barn i sin søskenflokk, og er med på å få opp fødselstalet i Noreg. I Finland er det òg ein liten auke dei siste par åra. I Danmark og Island er det stabilt, mens i Sverige er talet søkkande.

Foto: Ola Helness / NRK

Dette tilsvarer eitt ekstra barn fødd per døgn.

Mindre fødeinstitusjonar som Kongsberg, Narvik, Sandnessjøen og Voss opplevde òg ein stor auke på over 13 prosent.

I 2025 vart dei fleste barna fødd i feriemånadane juli og august, slik trenden har vore dei siste åra.

Det merka jordmora og barnepleiaren på Nordlandssjukehuset.

– På grunn av ferie, så blir det litt ekstra press, seier jordmor Thea og legg til:

– Det er mange barn som kjem i løpet av sommarhalvåret. Det er gjerne slik no at ein planlegg når ein skal få barn ut ifrå barnehageoppstart, og då kjem det kanskje fleire om sommaren.

Nordlandssykehuset HF I Bodø

Det blir født flest barn på sommaren. Berre på sjukehusa i Nord-Noreg er det litt jamnare fordelt ut over året.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Over 5250 barn vart fødd i kvar av desse månadane, medan fødselstala låg under 5000 i dei andre månadane.

Berre i Helse Nord var fødslane jamnare fordelt gjennom året. Vesle Hedda i Bodø blei fødd i september.

Og for første gong meldte Nordlandssjukehuset i Bodø at september også blei ein travel fødselsmånad i 2025.

Trening for store og små

Saman med andre mødrer har Maja Olavsen i Bodø tatt med seg ungen sin på mor og barn trening i Bodø.

Her samlast fleire mødrer som trener i ring rundt barna.

Flere babyer ligger på gulvet. Rundt dem trener tightskledde folk.

På babytrening i Bodø er det mange barn. Treningsstaden fortel at dei merker at det blei født mange barn i 2025. Pågangen er stor.

Foto: Ola Helness / NRK

– Her er det trening for store og små, seier Olavsen.

Om dei små treng litt ekstra nærleik og støtte stoppar mødrene treninga og gir dei det. Erika Betten ruggar sin unge i søvn på gangen.

– Det beste med å vere mor er dei små augeblunka når vi sit og leiker med søskena hennar. Det er så koseleg.

Publisert 22.01.2026, kl. 16.31

Read Entire Article