«Heia Fotball»-programleiarane Sven Bisgaard Sundet og Tete Lidbom har reist til Lyon i Frankrike for å møte ein etterlengta gjest. I nesten ti år har dei prøvd å få henne med, men det har aldri passa. Før no.
Og det var i grevens tid, ettersom dette er Heia Fotballs aller siste episode.
– De er uthaldande, altså. Respekt til dykk. Eg set veldig stor pris på folk som har stamina, seier Hegerberg.
SISTE GJEST: Ada Hegerberg er stolt over å vere med i aller siste episode av podkasten Heia Fotball. Frå venstre: Sven Bisgaard Sundet, Ada Hegerberg og Tete Lidbom.
Foto: Fredrik Saltbones / NRKLyon har vore heimen hennar i snart elleve år. Overgangen til fransk fotball var eit lykketreff. Åtte seriemeisterskap og seks meisterliga-titlar er beviset på det. I 2018 blei ho også den første kvinnelege vinnaren i historia av Gullballen.
Spesielt møte med City-stjerne
Ein annan som også er kåra til den beste spelaren i verda, er Manchester Citys Rodrigo «Rodri» Hernández Cascante. Tidlegare i år møttest dei to Gullballen-vinnarane Hegerberg og Rodri i samband med ein NBA-kamp i Paris.
Det blei eit litt spesielt møte.
– Eg var jo veldig nysgjerrig og stilte han detaljerte spørsmål. «Kor lang tid i førevegen fekk du vite om Gullballen?», «kva trenar du no?», og så vidare.
GULLBALLEN-VENNER: Ada Hegerberg og Rodri har vunne prisen som den beste fotballspelaren i verda éin gong kvar.
Foto: AFP/ReutersLitt ut i samtalen forstod Hegerberg at Rodri ikkje kjente igjen henne.
– Eg merka at han ikkje visste kven eg var. Men vi heldt fram med samtalen vår, og eg var superinvestert. Så snakka vi om Gullballen, og da sa han: «Vil du ha Gullballen ein dag?»
Svaret kom kontant frå Hegerberg:
«Kompis, eg har allereie ein.»
Ho bryt ut i høglydt latter – før ho held fram:
– Då fekk han litt sjokk, og då innsåg han kven eg var. Då kjente eg at vi «klikka» litt, og han skjønte kvifor eg hadde stilt så detaljerte spørsmål.
NRK har prøvd å komme i kontakt med Rodri, via Manchester Citys presseavdeling, men har foreløpig ikkje fått svar.
Snakka om skandalepresidenten
Det store temaet i kvinnefotballen i Spania dei siste to åra har vore saka mot tidlegare fotballpresident Luis Rubiales, som kyssa Jenni Hermoso på munnen etter VM-finalen i 2023.
Rubiales blei tidlegare i år dømt til å betale 10.800 euro i oppreisning.
Hegerberg har engasjert seg mykje i saka og støtta dei spanske spelarane. Dette blei også tema i møtet med Rodri. Hegerberg oppfatta at synet til City-stjerna på saka var sterkt prega av meiningane til det spanske fotballforbundet.
Da nytta ho høvet til å snakke saka til kvinnene.
– Eg fekk inntrykk av at han berre hadde fått høyre sida til det spanske forbundet av saka. Så da prøvde eg å gi han eit innblikk frå ståstaden til spelarane òg. Tenk på alt dei har vore igjennom, med rettssak og alt, seier ho.
Hegerberg held fram:
– Eg har prøvd å støtte dei jentene i kvart intervju eg har gjort. Dei fortener det.
Ny situasjon på heimebane
Hegerberg er i desse dagar på landslagssamling med Noreg, der ho er nyutnemnd kaptein og møter Island på fredag. På heimebane i Lyon er også situasjonen endra.
Ektemannen Thomas Rogne, som også har vore profesjonell fotballspelar, har lagt skoa på hylla og flytta til Lyon. Etter ti år med langdistanseforhold bur ekteparet endeleg saman.
– Vi lever «the best life possible» akkurat nå. Det er ei så stor glede. Eg kan ikkje forklare det eingong. Thomas er det mest fantastiske som har skjedd meg. Han er det beste karen i verda, seier ho.
Publisert 04.04.2025, kl. 06.29