– Eit sterkt, raskt og dyktig nettverk av allierte og partnarar er vår viktigaste strategiske fordel, sa den amerikanske forsvarsministeren natt til i dag.
Under tryggingskonferansen i Singapore, Shangri-La Dialogue, tala Pete Hegseth til forsvars- og utanriksministrar frå Asia og Europa på toppmøtet.
Talen dedikerte Hegseth til å oppmode land i Asia og Oseania til å ruste opp forsvaret sitt som respons til Kina sine militære ambisjonar. Samstundes viser han Europa ut av tryggingsspørsmål i regionen.
Laurdag ettermiddag fordømmer den kinesiske ambassaden i Singapore talen til Hegseth og kallar den «gjennomsyra av provokasjonar og oppegging».
Dette var Pete Hegseths debut på ei større politisk scene i Asia.
Utanriksminister i USA Pete Hegseth på podiet under toppmøtet.
Foto: NRKDerfor var det knytt stor spenning til kva bodskap han hadde til sine allierte i Asia.
Samstundes blir tryggingssituasjonen i Asia og Oceania, nærmare bestemt indo-stillehavsområdet, stadig meir utfordrande.
Ein fråverande trussel
– Det er ingen grunn til å sukre pilla. Trusselen frå Kina er ekte og han kan bli ein realitet veldig snart, sa Hegseth frå talarstolen.
Den amerikanske forsvarsministeren sa han respekterer Kina og det kinesiske folk, men ville ikkje undervurdere den militære trusselen den asiatiske stormakta utgjer.
– Det må vere klart for alle at Beijing førebur seg på å potensielt bruke militær makt for å endre maktbalansen i Asia og Stillehavet.
Kina har blitt meir til stades i Sør-Kinahavet dei siste åra. Her er ein kinesisk båt observert i nærleiken av Filippinane.
Foto: JAM STA ROSA / AFP / NTBMen der var ingen som kunne gje eit motsvar til Hegseth frå Kina.
Kina er vanlegvis eit viktig land på dette toppmøtet og skulle etter planen delta, men trekte seg i siste liten. I staden for forsvarsministeren, sender Kina ein delegasjon frå Folkets frigjeringshærs nasjonale forsvarsuniversitet.
Dette er første gong på fem år at ein toppolitikar frå Kina ikkje deltek på møtet.
Brukar Europa som eksempel
Under talen sin, la ikkje Hegseth skjul på at nokre av møta med Nato-allierte i Europa hadde vore vanskelege og konfronterande.
At Europa no investerer og tek ansvar for eige forsvar er bra, meiner den amerikanske forsvarsministeren.
Ei rekkje utanriksministrar samla i Singapore på Shangri-La Dialogue-toppmøtet. På biletet er mellom anna Pete Hegseth frå USA, Chan Chun Sing frå Singapore og Kaja Kallas frå EU.
Foto: MOHD RASFAN / AFP / NTB– Det gjer det mogleg for oss å fokusere på det som er viktigast for USA, Asia og Stillehavsregionen, sa Hegseth.
Samtidig som Hegseth gjorde klart at USA er eit stillehavsland og er i regionen for å bli, bad han allierte investere meir i eige forsvar.
– Det er nesten rart å seie det, men på grunn av Trump sin politikk og det land i Europa gjer no, ber vi dykk følge Europa som eksempel.
USA sine viktigaste allierte i Asia og Stillehavet er Japan, Sør-Korea, Filippinane og Australia. Samtidig sa Hegseth at dei ønsker å utdjupe og forsterke forsvarssamarbeidet med India. Tidlegare i år har Hegseth besøkt Japan og Filippinane.
Europa inn frå sidelinja
Trass ein klar bodskap, unnlét ikkje Hegseth motstand frå sine europeiske motpartar.
På same scene prøvde Frankrikes president Emanuelle Macron å posisjonere Europa som ein alternativ samarbeidspartnar til både USA og Kina. Macron peika særleg ut land i Sør-aust Asia og India.
Den franske presidenten Emmanuel Macron tala under toppmøtet.
Foto: NRKPå spørsmål frå salen sa Hegseth i dag at han vil at Europa konsentrerer seg om trygging i Europa og lèt USA handtere Asia og Stillehavet.
Det er ikkje forsvarsministeren i Sverige, som også er på sikkerheitskonferansen, heilt einig i.
– Det er viktig at Europa engasjerer seg i Asia og stillehavsregionen. Det har blitt endå viktigare etter at Russland gjekk til fullskala invasjon av Ukraina, seier forsvarsministeren i Sverige, Pål Jonson i eit intervju med NRK i Singapore.
Pål Jonson er utanriksminister i Sverige og deltek på toppmøtet. Han ser seg ueinig i Hegseth sine utsegn.
Foto: Fang Yongbin / NRKHan peiker på at land som Kina, Iran og Nord-Korea støttar opp mot Russland si krigføring i Ukraina.
Noreg og Sverige er integrerte i verdshandelen og blir påverka av også det som skjer i stillehavsregionen. Ei krise der, er også ei krise for Europa, meiner Jonson.
– Det viktigaste for Europa no er at vi må vere førebudde på å ta eit større ansvar for vår eiga trygging ved å auke forsvarsinvesteringar, men også auke det regionale samarbeidet i Nord-Europa.
Singapore, Japan og Australia er viktige partnarar til fleire europeiske land.
Publisert 31.05.2025, kl. 14.30 Oppdatert 31.05.2025, kl. 14.57