Heilt nytt søppelkart skal gjere jobben til Even enklare

2 hours ago 2



– Holy Moly this is a big pice of plastic, seier norske Even med ein brei Texas-dialekt

Han og dei andre strandryddarane frå organisasjonen In the same boat har akkurat gått i land i ei vik ved Stamsund i Lofoten.

Eit stort plastkar har reke i land. For stort for at Even og kollega Eilean kan få det opp.

Men ved hjelp av forsterkningar klarar dei å frakte karet ned til vatnet, der båten ligg.

Slik er kvardagen til strandryddarane. Dei reiser rundt langs kysten av Noreg for å plukke søppel som rek i land.

Ei plastflaske her og noko tauverk der.

Det blir plutseleg fleire hundre kilo med marint søppel.

Ifølgje FNs miljøprogram hamnar mellom 9 og 23 millionar plast i havet kvart år, skriv Miljødirektoratet.

Men pengane til slik arbeid blir det mindre av, ifølgje Rolf-Ørjan Høgset, prosjektansvarleg for In the same boat.

Ketchup eller sennep på pølsa?

Noko av det In the same boat har samla inn.

Foto: In The Same Boat

Må ta grep

– Finansieringa til rydding minkar. Samtidig som miljødirektoratet har kuttet frå år til år, ønsker Handelens miljøfond også å effektivisere sin innsats, fortel Høgset.

Handelens miljøfond bruker pengar frå plastposesal til mellom anna å rydde søppel.

Men sjølv om plastposane har blitt mykje dyrare, får organisasjonar som In the same boat mindre pengar frå neste år.

Rolf-Ørjan Høgset, prosjektansvarlig i foreningen In the same boat, er ute å plukker søppel i strandsonen.

Rolf-Ørjan Høgset har jobba med strandrydding i mange år.

Foto: In the same boat

– Vi prioriterer den førebyggande delen noko høgare. Men vi bruker framleis svært mykje pengar på rydding, og meiner det blir opprettheldt på eit ansvarleg nivå, seier Lars Brede Johansen, fagansvarleg for plast og miljø i Handelens miljøfond.

For å kunne fortsette å rydde så mange strender som mogleg, med mindre pengar, har altså In the same boat tatt eit høgteknologisk grep.

«Verdas mest detaljerte søppelkart»

– Vi må prioritere dei områda der det hopar seg opp med mykje søppel for å bruke midlane våre best mogleg, seier Høgset.

Derfor har In the same boat ikkje berre samla søppel, men også data om kor søppelet rek i land dei siste fem åra.

Ved hjelp av GPS-sendarar markerer dei frivillige et punkt for kvart tiande kilo søppel dei finn.

Totalt har det blitt samla inn 32.000 punkt som nå er lagt inn i eit datasettet.

Høgsett peiker på den eine skjermen han har i styrhuset.

– Her ser du kartet med lokasjonane til dei frivillige som plukkar søppel, og dei punkta vi registrerer søppel.

Målet no er at NTNU og databehandlingsselskapet Hub Ocean skal lage modellar som kan brukast av andre, og ikkje berre her i Noreg.

For i tillegg til data frå dei mange GPS-posisjonane med forsøpling, har organisasjonen fleire millionar registreringar av data om kor strandryddarane har rydda.

– Dette gjev truleg verdas mest detaljerte kart over forsøpling, seier Høgset.

Søppelkartet til In the same boat

Søppelkartet til In the same boat visar kor det er mest søppel.

Grafikk: In the same boat

In the same boat trur kartet kan gje ny forståing også for korleis forsøpling spreier seg i havet.

Strøymingar i havet og vindretningar avgjer nemleg korleis alt i havet, også søppel beveger seg.

Slik kan ein òg sjå kor søppelet originalt kom frå.

Men viktigast: Ein kan rydde meir effektivt når det er mindre pengar å rydde for.

Og foreløpig ser det ut til å fungere bra.

– Gjer oss meir effektive

Sjølv om kartet heller ikkje kan føresjå alt, hevdar Høgset at når dei bruker kartet ryddar dei 4 gonga meir søppel.

– Vi har gjort eksperiment som kan dokumentere det, så for vår del er vi heilt avhengig av kartet.

Kollega i In the same boat, Even, har også tru på prosjektet.

– Eg trur søppelkaret hjelper oss å bli mykje meir effektive, seier han, før han bøy seg ned for å plukke endå meir søppel.

Men det er ikkje første gong ein forsøker å lage eit slik kart.

For nesten 10 år sida kom Havforskingsinstituttet med eit liknande kart over såkalla «hotspots» for søppel.

Og sjølv om ein har et godt kart, kan ein aldri garantere for at det ikkje er søppel andre stader.

– Ja, nokon gonger blir ein overraska. Ver spela mykje inn, og då hamna søppelet ikkje alltid der ein trur det skal hamne. Men dette handlar jo om å auke presisjon over kor det er størst moglegheit for å finne søppel, seier Rolf-Ørjan Høgset.

Og i Stamsund i Lofoten fant ryddegjengen ein god del å henge fingrane i.

Etter mykje om og men, fekk det til slutt det store plastkaret om bord i båten.

Når resten av søppelet og dei frivillige er komme om bord, køyrer ein sliten gjeng tilbake til Stamsund.

Då er det godt dei har rydda mykje søppel, sånn at dei kan ta seg ein strekk på tur heim.

– Det er dette vi kallar for ein «garbage-nap», seier Høgset.

Publisert 11.07.2026, kl. 13.02

Read Entire Article