Henki var den første til å stå fram med hivsmitte – no blir livet hans TV-drama

4 hours ago 1



Den dramatiske livshistoria til hivsmitta Henki Hauge Karlsen blir no serie med artisten Metteson i hovudrolla.

Karlsen var i oktober 1985 den første som stod offentleg fram med hivsmitte i Noreg etter at han hadde fått sparken frå jobben som bartender.

Han mista jobben på grunn av at han var open om hivsmitten.

Det var svært tabu å snakke om hiv og aids, ikkje minst fordi sjukdomen spreidde seg i lukka miljø.

Mytane om smittefare og årsaka til smitten var mange, sjølv om ingen av dei hadde botn i sanninga.

Henki Hauge Karlsen vann rettssaka i 1988, men døydde få månader etterpå.

No har opptaka starta på det som blir ein stor dramaserie på NRK TV. Serien får truleg premiere hausten 2026.

Sverre Metteson Breivik som Henki Hauge Karlasen

Sverre Breivik som Henki Hauge Karlsen.

Foto: Anton Soggiu / NRK

– Heilt spesielt

– Eg vaks opp i Moss, akkurat som Henki. Då eg fekk vite at denne serien skulle lagast, fekk eg eit sug i magen og skjelvingar i hendene.

Det seier Sverre Breivik (32) som spelar hovudrolla som Henki.

Breivik er meir kjend som artisten Metteson, som dei siste åra har sunge og stått på scener om vanskelege tema.

– Det er heilt spesielt for meg å få vere med på å løfte fram historia hans, seier han til NRK.

Dei som hugsar tilbake til midten av 80-talet, hugsar nok også Henki Hauge Karlsen og kampen han førte.

Han var stadig å sjå i TV-program og i avisene – og openheita hans fekk følgjer.

Henki Hauge Karlsen var den første i Noreg som stod fram som hivsmitta.

– Gjer meg rasande

Etter at han vann rettssaka i 1988, fekk hivsmitta langt meir vern i arbeidslivet – og etter kvart forsvann også mytane om at hiv og aids var ein «pest».

– Historia om Henki Hauge Karlsen gjer meg rasande, men ho gir meg òg trua på mennesket.

Det seier serieskapar Jan Trygve Røyneland.

Han meiner at folk som Henki gjekk føre og ofra livet sitt for rettferda og for dei som kom etter.

– Min generasjon og barna våre treng å forstå kva dei som kom før oss gjorde, for at vi skal kunne leve slik vi gjer i dag.

Røyneland har skrive manuset saman med Harald Rosenløw Eeg. Duoen har tidlegare samarbeidd om filmar som «Kongens nei», «Spionen» og «Tusen gonger god natt».

AIDS-syke Henki Hauge Karlsen ble avskjediget fra jobben på grunn av AIDS-frykt

I 1988 kunne Henki Hauge Karlsen feire at han vann mot arbeidsgjevaren sin i Høgsterett.

Foto: Bjørn Sigurdsøn / NTB

– Stod veldig åleine

Innspelinga av serien er så vidt i gang og Breivik både gler og gruer seg til rolla som den kjende hiv-aktivisten.

– Eg har ein god del jobb igjen å gjere, både med research og å setje meg inn i Henki. Men eg har visst ei stund at eg skal gjere det, så det er deilig at det kjem ut.

Serieskaparen er svært nøgd med at Sverre Breivik skal spele Henki Hauge Karlsen.

– At Sverre skal spele Henki, er ein draum som går i oppfylling. Han er ein vedunderleg skodespelar og eit fantastisk menneske, seier Røyneland.

Sjølv føler Breivik på eit ansvar no når han skal fortelje historia til Karlsen.

– Han stod veldig åleine i offentlegheita i starten. Det var sikkert ei stor bør og eit stort ansvar, som mange kan vere glade for at han tok.

Tips meg!

Hei! Eg lagar saker om kultur, underhaldning og samfunn. Har du eit godt tips? 

Publisert 14.10.2025, kl. 11.00 Oppdatert 14.10.2025, kl. 11.35

Read Entire Article