Kona og dei fire barna til den smitta legen blei sendt til sjukehuset Charité i Berlin i dag, ifølgje AP.
Legen med amerikansk statsborgarskap testa positivt for ebola mens han jobba i DR Kongo, og ligg i isolasjon på sjukehuset, ifølgje Tysklands utanriks- og helsedepartement.
Han skal ha jobba i ein medisinsk misjonsgruppe da han fekk påvist smitte.
Onsdag morgon landa han med spesialfly på tysk jord. Familien har ikkje symptom, men blei også frakta med spesialfly.
Ifølgje Washington Post ynskja ikkje amerikanske styresmakter å ta imot den amerikanske legen.
Politibilar, ambulanse og brannbilar følgde familien frå flyplassen til sjukehuset i dag.
WHO har erklært ebolautbrotet i DR Kongo for ei internasjonal folkehelsekrise.
Det er den nest høgaste beredskapsnivået som organisasjonen opererer med.
WHO sa i går at utbrotet sannsynlegvis starta for to månadar sidan, og at det har spreidd seg i eit tett befolka område.
Andreas Gustavsen er sjukepleiar og har jobba med ebola-smitta under utbrot tidlegare.
Foto: Malene Laura Solheim / NRKAndreas Gustavsen er sjukepleiar og har mellom anna jobba i Uganda, Sierra Leone og DR Kongo.
Han sa i Nyheitsmorgon på NRK i dag at slike utbrot kjem med jamne mellomrom fordi ebolaviruset finst i naturen i DR Kongo.
– Men det er krevjande fordi det allereie er mykje militsaktivitet og uro i området. Det gjer det ekstra vanskeleg for befolkninga og myndigheiter.
Det finst ikkje godkjende vaksinar for den særleg smittsame ebola-varianten, Bundibugyo.
Han seier at den einaste måten å få kontroll på utbrotet er å isolere dei med symptom og sørgje for god smittesporing.
Ein helsefagarbeidar tar temperaturen på ein kvinne ved Kanyaruchinya i DR Kongo.
Foto: Arlette Bashizi / Reuters / NTBEin helsefagarbeidar tar temperaturen til ein mann.
Foto: Arlette Bashizi / Reuters / NTBTemperaturtest ved ein teststasjon i Kanyaruchinya.
Foto: Arlette Bashizi / Reuters / NTBTemperaturtest ved ein teststasjon i Kanyaruchinya
Foto: Arlette Bashizi / Reuters / NTB
– Og så er det viktig å kontrollere gravferder, sånn at dei pårørande får tatt farvel, utan å eksponere seg for kroppsvesker.
Fordi tilliten til myndigheitene allereie er lav i landet, er det vanskeleg for helsefagarbeidarar å overtyde folk om å søkje hjelp.
– Det er høg grad av stigma rundt dei som blir smitta. Det å overtyde befolkninga om å søkje hjelp er heilt avgjerande for å få utbrotet til å brenne ut.
Raude Kors-tilsette fraktar kister med omkomne i Rwampara.
Foto: Moses Sawasawa / AP,NTBUtbrotet har fått fotfeste i den krigsherja Ituri-provinsen, nordaust i landet.
Det var i dette området den amerikanske legen skal ha blitt smitta, mens han jobba på eit sjukehus i Bunia.
Frå i dag skal også familien vere i isolasjon på sjukehuset Charité i Berlin.
Ifølgje det amerikanske senteret for sjukdomskontroll og førebygging er tilstanden til den smitta ektemannen stabil.
Utbrotet av bundibugyo-varianten av viruset oppfyller ikkje kriteria til å bli definert som ei pandemikrise, ifølgje WHO.
Publisert 21.05.2026, kl. 21.54














English (US)