Hentar straum frå vinden i Antarktis

1 month ago 39



Seks menneske er klare for ein tøff vinter på det kaldaste kontinentet i verda. Dei skal sørgje for at den norske forskingsstasjonen i Antarktis er i drift gjennom den mørke årstida.

Takka vere store mengder diesel har dei både lys og varme. Men om nokre år kan vinden gjere ein del av jobben. Og vind er det nok av - meir enn nokon annan stad på jorda.

Kraftig vind er hverdagskost i Antarktis.

Video: Norsk Polarinstitutt

Troll er hovudbasen for norsk forsking i Antarktis. Ein ny stasjon skal erstatte den gamle frå 1990. Då skal også nye energiløysingar på plass. Sol- og vindkraft er ein viktig del av prosjektet.

Den første vindmølla har vore i drift i to veker no.

– Vi gjer dette for å teste teknologien gjennom minst ein vintersesong, seier prosjektsjef Knut-Ola Lunde i Statsbygg.

Vindmølle på Sofietoppen ved forskingsstasjonen Troll i Antarktis

Vindmølla er sett opp i lia opp mot Sofietoppen. Fjellet er oppkalla etter hovudpersonen i Jostein Gaarder sin roman Sofies verden frå 1991.

Foto: John Guldahl / Norsk Polarinstitutt

Vindmølla er plassert ved foten av Sofietoppen, eit stykke unna Troll. På toppen av fjellet ligg TrollSat, som er Kongsberg Satellite Services (KSAT) sin satellittstasjon i Antarktis.

– Det var vindstille første natta, men vindmølla skal nok få prøvd seg skikkeleg det neste året på det mest vêrharde kontinentet i verda, seier Lunde.

Frå diesel til vind

Nesten all energi på Troll kjem i dag frå eit dieselaggregat. I 2022 blei dei årlege CO2-utsleppa frå energiforsyninga estimert til 2.029 tonn CO₂.

57 prosent av dette (1.157 tonn) var knytt til forbrenninga på Troll, mens 43 prosent (872 tonn) var knytt til frakt av diesel frå kysten og inn til stasjonen.

Prosjektsjef Knut-Ola Lunde og prosjektleder Hege Myrvoll i Statsbygg på Troll

Prosjektsjef Knut-Ola Lunde og prosjektleiar Hege Myrvoll i Statsbygg på Troll.

Foto: Norsk Polarinstitutt

Lunde meiner potensialet er stort både for vindkraft og solkraft.

– Målet er å halvere klimagassutsleppa. Eg trur det er teknisk mogeleg å få til dette ved hjelp av vind og sol og også batteri, men skal ein greie ein større reduksjon enn 50 prosent, vil det vere veldig utfordrande med tanke på arealbruk og kostnader, seier han.

Han legg til at det er opp til politikarane å bestemme kor mykje dieselbruken skal reduserast.

Dieseltanker på forskingsstasjonen Troll i Antarktis

Dieseltankar på Troll.

Foto: Eivind Molde / NRK

Vindpark i 2032?

– Eg ser ikkje bort frå at det står klar ein vindpark på Troll innan det internasjonale polaråret går av stabelen i 2032-33, kanskje med 20-30 vindmøller, seier direktør Camilla Brekke ved Norsk Polarinstitutt.

Ho meiner at Norsk Polarinstitutt har eit særleg ansvar for å ta i bruk løysingar som reduserer utsleppa av klimagassar.

– Det er eit paradoks at vi, gjennom forskingsarbeidet i polområda, også bidreg til klimagassutslepp. Med det oppdraget vi har, er det naturleg at vi også ser kritisk på vår eigen aktivitet, og reduserer fotavtrykket, seier ho.

Camilla Brekke, direktør Norsk Polarinstitutt

Camilla Brekke, direktør på Norsk Polarinstitutt.

Foto: PÅL JAKOBSEN / Norsk Polarinstitutt

– Har du dårleg samvit?

– Nei, det har eg ikkje. Vi må gjere det vi har i oppdrag å gjere. Mange gonger har vi ikkje alternativ, men det har vi her. Det er viktig at vi no testar vindmøller på Troll, og eg trur dette kan bli eit vendepunkt i arbeidet for å gjere Troll til ein «grønare» stasjon.

Overvintringsteamet 2023-24 på Troll forskningsstasjon i Antarktis

Seks menneske held drifta i gang på Troll gjennom vinteren. Dette er overvintringsteamet 2023-24. Frå slutten av februar til starten av november er dei heilt isolert, utan flysamband. Om sommaren er rundt 45 menneske i aktivitet på stasjonen, i tillegg til forskarar som arbeider med ulike prosjekt.

Foto: Trine Lise Sviggum Helgerud / Norsk Polarinstitutt

I løpet av eit år går det med 600.000 liter diesel på Troll, 450.000 liter av dette blir brukt til straum mens 150.000 liter blir brukt til maskinparken.

– Det er ikkje berre symbolpolitikk, dette?

– Nei, alt hjelper. Vi må bidra med det vi kan.

Ikkje første stasjon

Det er rundt 75 forskingsstasjonar i Antarktis. Troll blir ikkje den første med vindkraft. Det australske antarktisprogrammet skriv på sine nettsider at dei var først ute med å utnytte vinden til å lage kraft på det kalde og vindfulle kontinentet heilt sør på globusen. Det var i 2003.

For tida har dei ei vindmølle i drift. Den andre blei øydelagd i 2017. I 2019 tok dei i bruk solkraft.

Troll forskningsstasjon i Dronning Maud Land, Antarktis

Området heilt til venstre, i lia opp mot Sofietoppen, er sett av til vindkraftproduksjon. Til høgre for denne toppen ser vi Nonshøgda, og i lia ned mot Troll kan det komme solcellepanel.

Foto: Trine Lise Sviggum Helgerud / Norsk Polarinstitutt

I arbeidet med å planleggje vindkraft på Troll, har Statsbygg henta inn erfaringar frå den belgiske Princess Elisabeth-stasjonen og tyske Neumayer, som begge har hatt produksjon av vindkraft i fleire år. Brasilianarane har også vindmøller på sin stasjon, ifølgje Statsbygg.

Skal kartleggje utslepp

Men det er ikkje berre energiforsyninga som fører til utslepp på Troll. I sommarsesongen, frå november til februar, er det stor aktivitet i området, både med vedlikehaldsarbeid og forskingsaktivitet.

Dette gjeld både sjølve området rundt stasjonen og i aktivitet tilknyting til TrollSat og NILU sin målestasjon på Trollhaugen.

– Det viktigaste for oss no, er å få ned bruken av diesel. Seinare får vi sjå på kva som kan gjerast for å få ned utsleppa frå maskinparken, seier Camilla Brekke.

Dei samla utsleppa frå beltevogner, snøscooterar og andre køyretøy er ikkje kartlagt. No har Statsbygg bestilt ein rapport som vil vise korleis utsleppa på Troll påverkar luftkvaliteten i området.

Fly på Troll Airfield i Antarktis

Fly frå Cape Town i Sør-Afrika har landa på Troll Airfield etter å ha kryssa Sørishavet.

Foto: Eivind Molde / NRK

I tillegg er naturleg nok utslepp frå flytrafikken i området om sommaren. Folk og varer blir frakta med passasjerfly over Sørishavet frå Cape Town. Denne sommarsesongen er det gjennomført åtte tur-retur-reiser mellom Cape Town og Troll Airfield, flystripa på blåisen sju kilometer frå Troll.

– Vi tar no i bruk større og meir moderne fly, og det ligg ein miljøgevinst i dette også, seier Brekke.

Ein gong i året kjem det varer med containerskip, som legg til ved iskanten. Containerane blir transporterte inn til stasjonen ved hjelp av beltevogn.

Kong Harald spøkte med dronning Sonja då han fortalde om besøket til forskingsstasjonen Troll i 2015. Dronning Sonja opna heilårsstasjonen i 2005.

Publisert 05.03.2025, kl. 17.11 Oppdatert 05.03.2025, kl. 17.23

Read Entire Article