Her enda den tre mil lange fylleturen

7 hours ago 9



Mann i 20-årene har ein heilt anna forklaring på kvifor bilen hamna der.

 Politiet
HJULA OPP: I høg fart hamna bilen av vegen, rulla rundt på eit jorde og landa på taket i ei elv på fylkesveg 42 mellom Egersund og Tonstad. Foto: Politiet

Publisert 08.05.2025 14:05

På morgonkvisten laurdag 8. april 2023 fekk ein familie på hyttetur eit høgst uvanleg besøk på trappa.

Mannen som kom til hytta var blodig i fjeset og hadde skader. Han fortalde at han hadde vore passasjer i ein bil som hadde køyrd av vegen.

Hyttefolket ringde straks til naudetatane. I ei elv langs fylkesveg 42 vart ein totalvraka bil funnen liggande på taket.

Opplysningane kjem fram i ein fersk dom i Sør-Rogaland tingrett. 

Men no, to år seinare, er den skadde mannen dømd for å sjølv ha køyrd bilen av vegen i rusa tilstand.

Køyrde tre mil for nachspiel

Saka startar på ein fest i Egersund i Rogaland. 

Utpå natta vart det lagt ein plan om å reise på nachspiel i Tonstad, i overkant av 50 kilometer lenger nordvest. 

Fyllekøyrde med høgrefoten i gips

Mannen i 20-åra har erkjent at det var han som tok nøklane til faren sin bil og køyrde den ut av avkøyrsla.

Men han nektar for å ha vore sjåfør for resten av turen, som etter vel tre mil enda med at bilen køyrde av vegen i høg fart, rulla rundt på eit jorde og landa på taket i elva Gyaåna.

 Politiet
KALDT: Mannen kom til seg sjølv med kaldt vatn frå elva rennande i ansiktet. Foto: Politiet

Kaldt vatn i ansiktet

Hans forklaring er at han sat på med ein yngre, uidentifisert mann. Ifølge han var denne sjåføren framleis elev på vidaregåande skule og køyrde fort, «tidvis i hvert fall i 120 km/t». 

Det neste han hugsa var at han vakna opp ned i bilvraket og fekk kaldt vatn frå elva i fjeset. Han hjelpte den uidentifiserte sjåføren med å losne setebeltet og så tok dei kvar sin veg for å hente hjelp.

Men politiet sine undersøkingar viser at ingen av setebelta var i bruk under utforkøyringa. Det er også berre funne den tiltalte sine fotspor vekk frå bilen på ulukkesstaden.

Ein kamerat av mannen har fortalt til politiet at han frårådde han å kome på nachspiel.

Vitnet vart ringt opp av mannen fleire gonger den natta og på ein Snapchat-video var mannen sjåfør av bilen, fortalde han i avhøyr.

Ikkje einige

Dommen frå Sør-Rogaland er likevel avsagt med dissens. Det betyr at dei tre dommarane ikkje er samde. 

Eit fleirtal på ein tingrettsdommar og ein meddommar meiner dei kan utelukke at det var ein uidentifisert mann som køyrde bilen denne natta og har difor dømt mannen i 20-åra.

Den andre meddommaren meiner derimot det ikkje er bevist at han faktisk var sjåfør.

Slepp fengsel

Mannen er dømd til fengsel på vilkår i 30 dagar og ei bot på 50.000 kroner. 

– Han køyrde med høg grad av påverknad og høg fart over ein lengre distanse. Han utsette seg sjølv og andre for stor risiko og køyringa kunne ført til tap av liv, samanfattar fleirtalet i retten.

Han blir dømt til sperrefrist for å ta lappen dei neste 3,5 åra. Han hadde altså ikkje gyldig førarkort under hendinga for to år sidan.

Det avgjerande for fleirtalet er at spora frå ulukkesstaden og kriminaltekniske undersøkingar tilseier at han var aleine i bilen. Dei meiner også det at han har gitt ulike forklaringar om «sjåføren» gjer at forklaringa hans er «tilpassa og oppkonstruert».

Likevel blir han høyrd av den eine meddommaren, som meiner funnet av ein uidentifisert DNA-profil i bilen ikkje utelukkar at ein annan person køyrde bilen.

Mannen har sjølv aldri funne fram til kven som køyrde bilen denne natta.

– Han er skuffa over at kun ein av dommarane trudde på han. Vi vil sjå på ei anke i saka, men vi har ikkje drøfta dette endeleg, seier forsvarar Espen Andersen til TV 2.

Dommen er difor ikkje rettskraftig. Mannen har to veker på seg til å anke.

Read Entire Article