Her er det vinter!

2 hours ago 1



Fredag morgon er det fleire som melder om snø på fjelltoppane, sjølv om kalenderen berre viser 22. august.

På Strandafjellet på Sunnmøre har det lagt seg eit kvitt lag på toppen, og dette er første gongen marknadssjef ved Strandafjellet skianlegg, Mari Riksheim, har opplevd så mykje snø i august.

Mari Riksheim er marknadssjef i Strandafjellet Skianlegg

Mari Riksheim i Stranda skisenter håper på ein bra sesong.

Foto: Mari Riksheim / Privat

– Det har lagt seg nokre centimeter på toppen. Det har vi ikkje opplevd hos oss, som nokon kan hugse iallfall.

Men ho synest ikkje nødvendigvis det er så dumt.

– Vi håper jo at dette legg lista for ein bra sesong i år, då. Sjølv om det kanskje er litt tidleg.

Snø på fleire fjelltoppar

Jan Erik Syversen frå Ålesund har hytte i Rauma. Han vakna til snødryss på fjelltoppane rundt hytta hans.

Sjåarbilete frå Jan Erik Syversen, det snør på fjelltoppen ved hytta hans.

Sommar møter vinter i Rauma.

Foto: Jan Erik Syversen / Privat

– Når eg kikka opp mot Blånebba og Romsdalshornet, så såg eg snø nede i 500–600 meter. Vi blei veldig overraska.

Familien kjøpte hytta i Rauma i 1999, og han kan heller ikkje hugse å ha sett snø så tidleg før.

– Vi har opplevd det i tidleg september, men ikkje så tidleg som i år, og ikkje så mykje.

Har vore kaldare enn normalt

Vakthavanda meteorolog Marit Berger seier det har vore meldt snø fleire stader i landet.

– Det er dessverre ikkje så lett å seie kva som er normalt. Der det har kome mykje snø, i høgfjella, er det ikkje så mange målestasjonar.

Jan Erik Syversen vakna til snø på fjelltoppane 22. august. Jan Erik Syversen vakna til snø på fjelltoppane 22. august.

I Innfjorden i Rauma har det vore snø i dag.

Foto: Jan Erik Syversen / Privat

Likevel stadfestar ho at det har vore kaldare enn normalt den siste veka.

– Onsdag og torsdag var det kaldare enn normalt. Særleg i Midt-Noreg, Møre og Romsdal og områda mot Dovrefjell.

På Strandafjellet ventar dei cruiseturistar ut over dagen, og håper snøen kan få inn litt ekstra pengar.

– Turistane kjem heilt sikkert i tynne regnjakker og joggesko. Men vi har suvenirbutikk med dunjakke, så vi håper dei kjøper med seg det på vegen då, ler marknadssjef Mari Riksheim.

Publisert 22.08.2025, kl. 11.16 Oppdatert 22.08.2025, kl. 11.31

Read Entire Article