– Dette er viktig for matsikkerheita, sa kronprins Haakon under besøket hos Graminor AS i Hamar.
I grøn dress vart kronprinsen plassert bakpå traktoren for å sette frø i jorda.
Ved forsøksfeltet på garden sår dei fleire heilt nye kornsortar med mål om å sikre at norsk matproduksjon er rusta for framtida og klimaendringane.
Kronprins Haakon fekk vere med på fleire delar av prosessane ved forsøksgarden.
Kronprinsen fekk på seg grøn dress før han skulle ut på åkeren og så frøa som er utvikla ved garden i Hamar.
Foto: Vibecke Wold Haagensen / NRK- Ein av kornsortane Graminor har produsert blir kalla «Nisse». Dei håpar den kan sikre norsk matkveite.
– Viktig for matsikkerheita
Etter å ha fått prøve seg bak på traktoren i Hamar seier kronprins Haakon at han er imponert over jobben dei gjer ved Graminor.
– Det er viktig for matsikkerheita at vi får bra korn som passar til det spesielle vêret vi har her i Noreg.
Kronprinsen peikar på at vêret og klimaet endrar seg. Og at det er totalberedskapsåret i 2026, noko som betyr at ein også er oppteken av matberedskap og sjølvforsyning.
– Å finne kornsortar som fungerer trur eg er noko bøndene er glade for og avhengig av, seier kronprinsen.
Administrerande direktør Kristin Børresen hos Graminor tok imot kronprinsen saman med Hamar-ordførar Vigdis Stensby Statsforvaltar Knut Storberget.
Foto: Vibecke Wold Haagensen / NRKSårbar matproduksjon
Susann Herzog er laboratorieleiar hos Graminor. Onsdag testa ho prøvene for kveite for å sjekke at det fyller krava til å bli brukt som matkorn.
Ho seier matproduksjonen i Noreg er sårbar.
– Eg synest den er veldig sårbar. Både med den politiske situasjonen vi har, men også med klimaforandringar. Vi treng å tilpasse oss innan kort tid, seier ho.
Herzog fortel at vi framleis er avhengige av utanlandske sortar, men at dei jobbar med å auke grada av sjølvforsyning.
På laboratoriet fekk Kronprins Haakon vere med Susann Herzog, som tok prøver av matkveite.
Foto: Vibecke Wold Haagensen / NRKOnsdag fekk ho vise kronprinsen kva ho jobbar med på laben og han fekk vere med på å utføre delar av testane ho jobbar med.
– Eg synest det er spennande å hyggeleg å vise fram arbeidet vårt. Eg synest jobben vi gjer er veldig viktig. Så vi er stolte av jobben vi gjer, seier Herzog.
Publisert 13.05.2026, kl. 13.34















English (US)