– Ja, eg synest også det er tidleg, men ja, eg synest det er fantastisk, seier Per Sollerman.
Etter å ha følgt med på satellittbilete, vêrdata og prognosar, sette han, Sølve Bærug og Lars Pettersson seg i bilen på jakt etter skøyteis.
I fjor fann dei skøyteis i Jotunheimen rekordtidleg. Då viste kalenderen 27. september.
– Vi synest det var tidleg i fjor. I turskøytemiljøet i heile Norden bli det sett på som unikt å kunne gå så tidleg som i september, seier Sollerman.
Likevel satsa dei på å finne skøyteis éin månad tidlegare i år.
Sjå video frå då Per Sollerman og Sølve Bærug spente på seg skøytene rekordtidleg i fjor:
Per Sollerman og Sølve Bærug tok den første skøyteturen i fjor, allereie siste helga i september i Jotunheimen.
Over 2000 meter over havet
Etter ei vekes tid med låge temperaturar til fjells, låg alt til rette for at trioen skulle kunne finne eit islagt vatn.
Klokka 18 måndag kveld reiste dei frå Oslo i retning Juvasshytta.
– Prognosane viste 8–10 minusgrader og klarvêr. Men då vi kom til Juvasshytta var det 5–6 plussgrader klokka 23.30. Då tenkte vi at det kom til å bli ein fjelltur, og ikkje ein skøytetur.
Då dei stod opp klokka 04.00 dagen etter, hadde ikkje temperaturane forandra seg, fortel Sollerman.
– Det er jo per definisjon framleis sommar, så det er eit veldig lite vindauge for å kunne gå på is i august, seier Sollerman. Trioen måtte difor tidleg opp på jakt etter skøyteis.
Foto: Per Sollerman / PrivatKlokka 05.00 tok dei likevel på seg skoa, og starta å gå opp og innover i fjellet.
Over Galdehøi og ned til foten av Veslpiggen.
På 2183 meter over havet kom dei fram til eit lite vatn, Løyftepytten.
Løyftepytten er eit lite vatn like i nærleiken av Galdhøpiggen.
Gleda var stor då vatnet var dekt med knallhard is.
– Hadde vi komme nokre timar seinare, kunne vi ikkje gått på skøyter, seier Sollerman.
– Vi gjekk i eitt par timar, men rundt klokka 14 var isen berre sørpe, forklarar han.
Det blei ingen bomtur denne gongen. Om dei klarer å slå den rekordtidlege starten på skøytesesongen neste år, er dei usikre på.
Foto: Per Sollerman / Privat- Lengtar du etter å gå på ski? I fjor kunne Trond Harald ta på seg skia allereie 28. september.
Turen viktigast
For den skøyteerfarne trioen handlar turskøyting om meir enn berre isen.
Kvart år testar dei skøyteisen så tidleg som det er forsvarleg.
– Det er ikkje for den store skøyteopplevinga nødvendigvis, men det er kombinasjonen av å komme seg ut i fjellet og leite etter is, seier Sollerman.
Sølve Bærug og Lars Pettersson på veg opp i fjellheimen tidleg tysdag morgon. Turen er viktigare enn å gå på skøyter, meiner Sollerman.
Foto: Per Sollerman / Privat– Kanskje finn vi det, kanskje ikkje. Vi har vore på like mange bomturar som vi har hatt gode turar, men uansett blir det tur.
– For turen er eigentleg den viktigaste delen av det. Tida på is er ein slags bonus.
Sollerman, som har drive med turskøyting i rundt 15 år, la bort skøytene i april.
Han innrømmer at det var litt merkeleg å ta dei på igjen allereie i august.
– Det er klart det er rart å ta på seg skøyter nå det er så varmt som det var denne dagen. Uansett korleis ein førebur seg, så kjennest det rart, men ein venner seg fort til det.
- Les også om Maria som jaktar på stålis.
Publisert 28.08.2025, kl. 10.27