Norske Karl Marius (35) har skapt svensk sensasjon: – Dei veit at eg er verdsleiande

5 hours ago 2



Det har ikkje skjedd mykje større ting i svensk fotball?

Nei ...

Karl Marius Aksum drar litt på det, men svarer nei. For det som skjer i den svenske klubben Mjällby om dagen er smått sensasjonelt.

For eit par år sidan forlét Aksum jobben som trenar for juniorlaget i Odd. Han var klar for å ta steget opp i seniorfotballen. Han visste kva han hadde å tilby.

Vegen gjekk til svenske Mjällby. Ein liten klubb i den vesle tettstaden Hällevik – med knappe 800 innbyggarar. Ein stad han aldri hadde høyrt om.

Då han skulle byrje i jobben, fekk han klar beskjed: Klubben er liten, det er avgrensa ressursar, målet er berre å behalde plassen i Allsvenskan – for viss Mjällby rykker ned er det krise økonomisk.

Den einaste klausulen som står i kontrakten min, er at om vi rykker ned, så kan eg bli sparka på dagen. Og eg kan òg seie opp min eigen kontrakt på dagen. Det finst ingen gullbonus eller sølvbonus eller noko slikt i det heile, fortel Aksum.

Klubben hadde minimumsforventningar, men 35-åringen hadde skyhøge forventningar til seg sjølv.

Og nå kan vesle Mjällby vinne Allsvenskan.

en mann i en sofa

GULE OG SVARTE: Aksum kom frå juniorlaget til Odd da han blei tilsett i svenske Mjällby.

Foto: Carl Andreas Wold / NRK

Dominante på rekordtid

1. januar 2024 starta Aksum i den nye rolla si som assistenttrenar for Mjällby. Her skulle han få nytte av all kunnskap han sat inne med.

Forventninga hit for min del var å få lov å teste ut ideane mine her òg. Fordi det var veldig tydeleg at eg blei tilsett for å få lov til å teste ideane mine, seier Aksum.

Ambisjonane var ikkje låge til kva han skulle få til.

Måten eg tenker på fotball, fungerer jo. Og det betyr at på ganske kort tid så kan eg få eit lag til å dominere matchar. Til å ha ein sjølvtillit i spelet som dei kanskje ikkje har hatt før. At dei kan spele og dominere med ball mot alle lag, uavhengig av nivå.

Sjølvtilliten var grunngitt. På mange måtar. Allereie etter eit halvt år i jobben, hadde det skjedd store endringar i vesle Mjällby.

Det er jo på ein måte det her eg kan. Det her er jo yrket mitt og desse tankane har eg hatt i mange år. Så eg kan ikkje så mykje anna. Men ekspertisen min ligg jo i akkurat det her. Så om ikkje eg hadde tru på det vi gjer, så ... Så hadde eg heller aldri fått spelarane til å tru på det, trur eg, seier han.

en person som spiller fotball

KUNNSKAPSRIK: Aksum gjekk inn i assistentjobben i Mjällby med stor sjølvtillit.

Foto: Carl Andreas Wold / NRK

– Dei veit at eg er verdsleiande

Han lèt seg inspirere av dei beste trenarane i verda. Men han kopierer aldri, fortel han.

Det er ingen som ser akkurat ut slik som oss. Det er ingen som har den same rytmen som vi har i det spelet. Vi prøver å vere annleis. Det er ingen kopi av noko lag nokon gong som vi ser nå, fortel Aksum

Og det er nemleg ein ting han er ekspert på, som få sit på liknande kunnskap om.

Å bruke blikket.

nærbilde av ansiktet til en mann

Foto: Carl Andreas Wold / NRK

Skanning av omgivnadene:

Kunsten det er å orientere seg i omgivnadene og ta ei avgjerd om kva ein skal gjere før ein får ballen. Dette har han ei doktorgrad i.

For meg startar det med å skape merksemd rundt det. Første gong eg møtte spelarane, køyrde eg ein presentasjon av skanning, som vi bruker nå. «Søk» er jo det norske ordet. Men det er jo skanning som blir brukt, fortel han.

Falkeblikket må bli stilt inn på trening. Spelarane blir korrigerte kvar einaste gong om det ikkje blir gjort rett.

Dette har sendt han rundt til akademia i fleire storklubbar i Europa, for å dele det han kan. Og nå deler han det med Mjällby.

Dei veit at eg er verdsleiande ekspert på det her. Det gir meg ei tyngde. Det betyr at eg kan gå rett inn til Jesper Gustavsson og seie: Hei, om du blir betre på det her, så blir du ein betre fotballspelar. Og så trur han på meg òg.

Og det har han også blitt. Ikkje berre ifølge Aksum.

– Ja, det synest eg. Veldig mykje igjen å lære, men eg har faktisk blitt betre. Eg har tatt store steg og det synest eg er j*vlig gøy.

Han gir mykje av æra for at spelet til laget har blitt såpass mykje betre, til Aksum.

– Han har jo veldig gode idear og veldig bra treningar. Så han er jo ein veldig stor nøkkel til det.

en gruppe mennesker som sitter på en benk foran et stadion

GOD STEMNING: Det flyt bra i Mjällby om dagen og det er bra stemning på treningsfeltet.

Foto: Carl Andreas Wold / NRK

«Professorens» 400 sider

Kanskje er det ikkje så rart at han blir kalla «fotballdoktoren» eller «professoren» i Sverige. Allereie då han var i startfasen som trenar måtte han få skrive ned tankane sine. Hans «fotballfilosofi».

Det er eit ganske svært dokument der alt det eg ønsker å sjå hos eit lag, både på kollektivt nivå, meir gruppenivå og individuelt nivå, er skrive, fortel han.

Dokumentet er på nærare 400 sider, lagra på fleire ulike harddiskar for at materialet ikkje skal gå tapt. Der står alt frå enkle, til større og meir komplekse prinsipp. Og klubbkultur, lagkultur, treningsfilosofi og så vidare.

Dette presenterte han for Mjällby. Og det fungerte.

Eg trur aldri eg har komme med eit forslag på eit prinsipp for Christofer og Anders og dei har sagt nei. Aldri, seier Aksum.

Hovudtrenaren, Anders Torstensson, kallar dokumentet for «fotballbibelen».

– Har du lese han?

– Nei, det held han hemmeleg. Ikkje eingong eg får lese han.

Mjällby har blitt betre i alle fall?

Ja, det merka vi allereie i 2024. Det er som eg har sagt: Karl er eit utruleg viktig verktøy i dette.

– Ei av dei mest historiske hendingane

Da Aksum kom til klubben i 2024 var målet å ikkje rykke ned.

Nå kan klubben vinne Allsvenskan – den øvste divisjonen i Sverige.

– Hadde du sett for deg dette for nokon år sidan?

– Nei, ein lever jo verkeleg i ein draum. Denne draumen har vi hatt som små og vi trudde at ein aldri skulle få oppleve dette, seier Gustavsson.

Også hovudtrenaren blir tatt av augeblinken. Han har spelt i klubben som ungdom og følgd laget sidan han var 6–7 år gammal.

– Eg trur at eg lett kan seie at dette er ei av dei mest historiske hendingane i moderne svensk fotball. For meg personleg, seier han.

en mann som sitter utenfor

FORNØGD: Hovudtrenar Anders Torstensson er svært fornøgd med tilsettinga av nordmannen.

Foto: Carl Andreas Wold / NRK

Tapar Hammarby poeng mot AIK søndag ettermiddag, så er det avgjort. Då vinn Mjällby Allsvenskan. Allereie før dei skal møte IFK Göteborg måndag.

For Karl Marius Aksum har opphaldet i Mjällby allereie vore ei sensasjonshistorie, men det har handla om meir enn berre gullet som dei luktar på i den vesle svenske tettstaden.

Eg liker ikkje trenarar som seier at alt handlar om å vinne. For meg er det heilt feil. Vi er i underhaldningsbransjen, så eg vil vinne for alt i verda. Men eg vil gjere det på ein flott måte. Det er så viktig for meg, seier han.

Det er vel det òg som kanskje skil seg litt her, i ein knøttliten klubb som Mjällby. At vi har prestert ved å gjere det på akkurat vår måte. Og det er klart ... For meg ... Det å kunne vinne gull i Allsvenskan, det er det det handlar om. Andreplass og tredjeplass er det ingen som hugsar til slutt.

Publisert 18.10.2025, kl. 16.45

Read Entire Article