Fleire tusen norske borgarar er i område som er råka av uroa i Midtausten og Iran. UD jobbar på spreng for å hjelpe, men vil ikkje setje opp evakueringsfly.
Publisert 03.03.2026 13:30 Sist oppdatert 24 minutter siden
Møterommet hos Utanriksdepartementet (UD) er fullt tysdag formiddag. På ein skjerm har dei norske ambassadane i Iran, Jordan, Israel og fleire andre land kopla seg opp.
Møtet blir halde for at dei involverte skal vere oppdaterte på den siste utviklinga i Iran og landa rundt.
– No har jo UD sett krisestab, så det betyr at vi trekk på fleire ressursar i heile organisasjonen vår for å kunne hjelpe i denne veldig komplekse og dramatiske krigen som vi ser i Midtausten, seier kommunikasjonsrådgjevar i UD, Mariken Bruusgaard Harbitz.
Mange nordmenn
UD rår folk frå å reise til dei fleste landa i Midtausten no, men mange nordmenn reiste til regionen før krigen braut ut.
Måndag var det i underkant av 2500 nordmenn som var registrert i land som er påverka krigen.
Desse landa er Iran, Israel, Palestina, Libanon, Kypros, Jordan, Dei sameinte arabiske emirata, Saudi-Arabia, Bahrain, Kuwait, Qatar, Oman, Syria og Irak.
I eit anna rom hjå UD sit publikumstenesta, som er døgnbemanna. Der sit fleire og tar i mot telefonar frå nordmenn i dei råka områda som har spørsmål.
Særleg den første tida var pågangen stor. Det første døgnet ringte over 600 personar inn til tenesta, fortel Harbitz.
– Det har avtatt noko, men vi ser framleis at det er mange nordmenn som er råka og ringer for å få råd og hjelp til korleis dei kan handtere den situasjonen som dei er i, seier Harbitz.
Dei som ringer inn, spør mellom anna om vurderingar knytt til tryggleiken på staden dei oppheld seg, og om moglegheiter for utreise.
– Vi prøver som best vi kan å rådgje dei og kartlegge kva behov dei har, seier Harbitz.
Hundretusenvis er berørt – dette bør du gjøre nå
Set ikkje opp evakueringsfly
Luftrommet i dei fleste landa i Midtausten er stengt.
Det fører også til utfordringar for nordmenn som er lenger aust i Asia, sidan mange flygingar til land som Thailand og Australia har mellomlanding i Doha og Dubai.
– Luftrommet er stengt, og det er veldig mange flyavgangar som ikkje går. Det er mange nordmenn som er stranda, og det er avgrensa moglegheiter for å bevege seg og kome seg heim. seier Harbitz.
UD planlegg ikkje assistert utreise for nordmenn som er stranda.
Tre punkt
Når UD er i kontakt med norske borgarar i dei råka landa, er det særleg tre ting dei er opptekne av å understreke.
– For det første så kan vi aldri garantere for andre sin tryggleik når dei er ute og reiser. Det er kjempeviktig at ein, avhengig av kor ein er i områda, vurderer eigen tryggleik før ein eventuelt legg ut på ei reise eller andre ting, seier Harbitz.
Det andre rådet er å lytte til lokale råd frå pålitelege kjelder i området ein oppheld seg i.
– Dei har ofte best oversikt over situasjonen, og er dermed også best utstyrt til å kunne gje råd om korleis ein skal handtere den situasjonen ein er i, seier Harbitz.
UD sitt tredje råd er å registrere seg i appen «Reiseklar», slik at UD kan ta kontakt med viktig informasjon.











English (US)