Her skjer ein effekt-revolusjon for kraftbransjen

5 hours ago 1



I Øksenelvane i Nordfjord skjer noko smått revolusjonerande.

Dei bygger eit nytt kraftverk, rett ved sidan av det gamle.

Det nye kraftverket vil berre lage litt meir straum enn det gamle i løpet av eit år.

Men det er heller ikkje poenget.

Poenget er å kunne lage mykje straum raskt.

– Når behovet er størst, og når prisane er høgast, vil dette gi masse kraft, seier sjef Knut Arild Flatjord i Sogn og Fjordane energi (SFE).

en person som har på seg sikkerhetsvest

Dette er den største investeringa i historia til kraftselskapet SFE.

Foto: Håkon Vatnar Olsen / NRK

Med fleire vindmøller og solcellepanel har vi nemleg fått eit problem: Vêret bestemmer meir over produksjonen av straum enn før.

På dagar kor det ikkje bles, og når sola ikkje skin, blir det mindre straum.

Kva skal vi da gjere, viss alle har varmeomnen på maks?

Svaret er: Vi må pøse på med vatn i vasskraftverk for å få nok straum i timane det trengst.

en bulldoser som flytter en stor fjellvegg

Den nye kraftstasjonen skal ligge 500 meter inne i fjellet.

Foto: Håkon Vatnar Olsen / NRK

Frå Toyota til Ferrari

På byggeplassen i Øksenelvane er SFE-sjefen heilt i hundre. Selskapet hans investerer 1,2 milliardar i prosjektet.

Flatjord snakkar om megawatt, effekt og GWh. Det er ikkje så lett å forstå.

Han tek oss med til det gamle kraftverket. Maskinane her inne har snurra rundt i 70 år.

Oppe i fjellsida ligg ein innsjø, og det går eit rør frå innsjøen ned til kraftverket.

Vatnet dundrar inn i kraftverket, som får ein generator til å spinne rundt. Da blir det straum.

En stor industrimaskin

To turbinar frå 50-talet har vore trufaste slitarar. Dette kraftverket måtte bli oppgradert. SFE bygger like gjerne nytt.

Foto: Håkon Vatnar Olsen / NRK

Kraftselskapet kan stenge og opne for vatnet inn til maskinane. Dei kan dermed bestemme kor mykje straum som kraftverket skal lage.

Viss dei gir full gass, kan maskinane lage straum nok til rundt 15.000 bustadar i augeblinken.

Det nye kraftverket vil kunne sleppe inn mykje meir vatn på ein gong. Motorane er også kvassare.

Da vil dei kunne lage straum til rundt 60.000 bustadar i på ein og same tid.

en vannmasse med en bro og trær rundt den

SFE har lov til å senke vasstanden i magasinet med 50 meter frå makspunktet.

Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK

Kraftverket går altså frå å vere som ein traust Toyota til ein fartsglad Ferrari. Effekten blir høgare.

– Det er fint med vind- og solkraft. Men det som er genialt her, er at vi får produsert straumen når vi treng det som mest, seier styreleiar Olin Johanne Henden i SFE.

Kraftverket kan ikkje gi full gass heile tida, fordi det ikkje er evig med vatn i vassmagasinet. SFE sparar derfor på vatnet til behovet er størst – og kraftverket kan tene mest.

Kva med straumprisen?

Slik oppgradering av effekt er godt nytt for prisen som du og eg betalar for straum.

Prisen er nemleg høg når det er mangel på straum. Til dømes når vindmøllene står stille, samtidig som alle bruker mykje straum.

Da vil kraftverk med stor effekt kunne lage masse straum på ein gong. Dermed blir det meir straum tilgjengeleg, og pristoppane kan gå ned.

en mann med hjelm

Det nye kraftverket tak fleire år å bygge.

Foto: Håkon Vatnar Olsen / NRK

Om dette kraftverket aleine vil ha noko å seie for straumprisen, er likevel tvilsamt.

– Eg trur ikkje at dette kraftverket aleine har påverknad på prisen, seier Sintef-forskar Ellen Krohn Aasgård.

Kraftverket er rett og slett ikkje stort nok til å bety så mykje, ifølge Aasgård.

Kraftselskapa tener meir pengar

Skal det ha noko vesentleg å seie for straumprisen, må enda fleire oppgradere kraftverka sine med større effekt.

Det er no i ferd med å skje.

Tidlegare var kraftselskapa mest opptatt av samla årsproduksjon.

No er interessa mykje større for prosjekt som Øksenelvane – som først og fremst vil auke effekten. Fleire kraftselskap har store planar, ifølge Noregs vassdrags og energidirektorat (NVE).

– Vi ser ein veldig aukande interesse for dette, seier seksjonsleiar Magnus Buvik i NVE.

en mann iført en oransje jakke

Regulerbare kraftverk med høg effekt kan tene meir pengar enn tidlegare, ifølge Magnus Buvik i NVE.

Foto: NVE / NRK

Dei trur at eksisterande norske vasskraftverk vil bli oppgradert med oppunder 5 GW effekt innan 2050, ifølge ein rapport frå i fjor.

Det blir viktig for å sikre stabiliteten i straumnettet.

Kraftverket i Øksenelvane vil i så fall utgjere rundt 1,5 prosent av den samla oppgraderinga av effekt.

Den store interessa for effekt i kraftbransjen kom for nokon år sidan.

Da vart fleire kol- og gasskraftverk lagt ned i Europa. Desse pleidde å levere stabil straum. I staden kom uregulerbar, fornybar kraft – kor straumproduksjonen går mykje opp og ned.

Da begynte prisane å svinge mykje meir. Også her i Noreg.

Denne situasjonen kan kraftselskapa utnytte for å tene pengar.

en person i en gul jakke

I denne bakken får vatnet fart før det treffer turbinane i det gamle kraftverket.

Foto: Håkon Vatnar Olsen / NRK

Ta Øksenelvane som døme: Med nokså høg straumpris på 70 øre per kWh, kan det gamle kraftverket tene inn maks 19.600 kroner i timen.

Det nye: 77.000 kroner i timen.

SFE kan dermed konsentrere straumproduksjonen meir til timane kor straumen er dyr.

Så sjølv om det nye anlegget berre vil lage rundt 12 prosent meir straum i løpet av eit år, vil nok inntekta bli høgare enn 12 prosent.

I tillegg har Statnett ein ordning med ekstrabetaling for å halde kraftsystemet i balanse.

Kor mykje SFE reknar å tene ekstra, vil dei ikkje seie.

Men dei satsar på at milliardinvesteringa lønne seg.

Publisert 25.10.2025, kl. 07.48

Read Entire Article